Dersom du er abonnent i SIM kan du leige konteinar til rydding.
Pris:
Konteinaren er ein 10 m³ open konteinar og kostar 5400,- kr for fire dagar. Prisen inkluderar utkjøring og henting av konteinaren. Utkøyringsdato og innhentingsdato tel som heile dagar. Etter dei fire dagane kostar det 50,- kroner ekstra per dag. Prisen er den same i alle SIM- kommunane.
Vilkår:
- at du har veg som kan nyttast av stor lastebil heilt til konteinarplassering.*
- at du betalar renovasjonsgebyr i ein SIM- kommune (Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio eller Tysnes)
- at du ikkje overfyller konteinaren
- at du ikkje kastar “uloveleg” avfall i konteinaren
*Det er kunden som må garantere for at vegen er framkommeleg for lastebilen. Ein vil bli fakturert for bestillinga, dersom bilen må snu med uforretta sak. Er du i tvil om vegen er egna, ring eller send oss eit bilete/video/omtale av vegen.
Døme på kva ein KAN levera i konteinaren:
- brennbart avfall
- trevirke
- hageavfall
- stål/metall
- plast
- papir
- papp
- gummi
- isopor etc.
Døme på kva du IKKJE skal levera i konteinaren. Feilsortering kan medføre ekstra gebyr for sortering.
- farleg avfall
- ee-avfall
- matavfall
- flytande avfall
- isolasjon
- reine massar (jord, tegl, takstein, fyllmassar eller betong
- vindauge (produsert mellom 1965 og 2005)
- gips
- forureina massar
- toalett/vask
Hugs at bilen som skal levere/tømme konteinaren treng god høgde ( min 4,5 m)