Tekstilavfall

Frå 1.1.2025 vart det innført krav om separat innsamling av tekstilavfall som ikkje eignar seg til ombruk.

I SIM har me ikkje ei ordning for tekstilavfall foreløpig, men me har ei ordning for heile, reine og brukande tekstilar som kan gå til ombruk avdi det per i dag ikkje finst gode nok teknologiske løysingar for å få til god nok resirkulering av tekstilavfall i stor skala.

Dersom du som forbrukar er oppteken av miljøet er det viktigaste målet at flest mogeleg tekstilar går til ombruk. Noko som er betre enn materialgjenvinning, men det aller viktigaste er å redusere forbruket. Å kjøpe færre tekstilar har ein mykje større positiv miljøeffekt enn både ombruk og materialattvinning, då det reduserer ressursbruk og miljøbelastning mest.

Når det gjeld tekstilavfall er me litt avventande til å setje i gong ei slik ordning, av di det ikkje finnes ein god nok mottakarmarknad. Målet med kravet er at tekstilavfall skal gå til materialgjenvinning og ikkje til energigjenvinning. Per i dag er me usikre på om dette skjer i så stor grad at det har ein god miljøgevinst.

Av den grunn er SIM avventande med å innføre ei eigen separat ordning for tekstilavfall, då me meinar det er feil å innføre ei ordning der store deler av dei innsamla tekstilane går til energigjenvinning. Både miljømessig og økonomisk er det ei lite berekraftig løysing.

Me håpar at me kan få på plass ein avtale om tekstilavfall i løpet av 2025, men inntil vidare må tekstilavfall kastast i restavfallet i våre eigarkommunar