Tekstil/klede

ORDNING: Bringeordning.

Skal leverast ved ein av SIM sine miljøsentralar. Tekstilane skal leverast i vanlege “handleposar”.
Ta posen med til miljøsentralen. SIM har avtale med Fileks, som tek hand om tekstilane/kleda frå SIM sine kundar. Les meir om Fileks på deira nettsider; fileks.no

JA TAKK:

Alle typar heile og reine sko, tekstilar og klede.

I posen kan du til dømes levera:

  • Klede
  • Dukar
  • Gardiner
  • Handklede
  • Sko

NEI TAKK:

Øydelagte eller tilgrisa klede, tekstilar og sko. Desse skal i restavfallet