ORDNING: Henteordning.
Skal leverast i spesialsekker og vert henta saman med papiravfallet. Nye sekker får du ved å knyte ein tom sekk på papirdunken når du treng ny rull. Sekker kan du òg få ved alle SIM sine miljøsentralar. Du kan òg levere sekker på miljøsentralen.
NB: Berre spesialsekkene du får hjå SIM skal brukast til sortering.
Ja takk
All rein plastemballasje. Til dømes:
- Plastflasker/-kanner
- Plastposar o.l utan aluminiumsfolie innvendig
- Plastboksar/-beger
- Blomsterpotter
Nei takk
- Tilgrisa plast (matrestar etc.)
- Plastemballasje som inneheld restar av farleg avfall
- Plast som ikkje er emballasje (f.eks leiker, møblar osv.)
- Plastposar belagt med aluminiumsfolie (t.d kaffiposar, chipsposar)
- Vedsekker
- Stroppebånd
- Isopor
- Presenning
- Næringslivsplast
- Landbruksplast
- All plast som ikkje er emballasje