ORDNING: Henteordning.
Papiret må ikkje vera vått eller tilgrisa. Du treng ikkje fjerna stiftar og limband.
Alle drikkekartongar skal gjenvinnast; både store og små, med og utan skrukork eller lok. Kast kartongane i papirdunken.
JA TAKK
- aviser
- reklamepapir
- vekeblad
- skrivepapir
- kopipapir
- konvoluttar
- pappesker
- kartong
- drikkekartongar
NEI TAKK
- innpakningspapir/julepapir
- tilgrisa papir
RETURKARTONGLOTTERIET:
Kvar enkelt kartong er eit lodd i returkartonglotteriet.
Slik deltek du:
Skyl kartongen, press den flat og skriv navn og telefonnummer på den du vil skal vinne. Kartongen er med i trekninga på 10.000 kroner. For å vinna 100 000 må du fortsatt skylja, bretta og stappe minst seks drikkekartongar i ein sjuande til ein kubbe. Korkar og lok kan henge utanfor. Skriv namn og telefonnummer på kubben. For skulemjølk-kartongar gjeld fire kartongar oppi den femte. Kubbane er òg med i trekningane om 10 000 kroner.