Isopor (EPS)

Isopor skal leverast som restavfall .

EPS, som regel kalla isopor, er eit lett plastmateriale som vert brukt i mange former for emballasje og kasser. Typiske isoporemballasjer er transportkassar, fiskekassar og emballasje rundt varer.

EPS/isopor skal ikkje sorterast saman med plastemballasjen. I tillegg til at den består av veldig mykje luft, er den statisk, klistrar seg fast på anlegga og den let seg ikkje sortere ut og gjenvinnast.

TIPS:

  1. Små mengder, som får plass i ein pose, kan kastast i restavfallsdunken
  2. Større mengder kan leverast til næraste miljøsentral.