Abonnenten pliktar å melda frå til kommunen dersom det skjer endringar i abonnementsforholdet.
Abonnenten skal melda frå til SIM dersom noko er gale med hyttekonteinarane.
Hytteavfall skal plasserast inni hyttekonteinarane, ikkje utanfor.
Farleg avfall skal ikkje kastast i hyttekonteinarane, men leverast til ein av SIM sine miljøsentralar eller annan godkjent mottaksstad for slikt avfall.
Restavfall (t.d.tomme plastposar) skal ikkje plasserast ved returpunkta for glas- og metallemballasje.
Bil må ikkje parkerast på ei slik måte at den hindrar tømming av hyttekonteinaren.
Abonnenten vert oppmoda om å lesa informasjon som SIM sender ut, for slik å halda seg oppdatert på SIM si hytterenovasjonsordning og endringar som måtte bli gjort.
Me nyttar informasjonskapslar på nettstaden vår. Fortsetter du å navigera på nettstaden, godtek du det. OKLes om informsjonskaplar