Søknad om fritak/endring

Renovasjonsavgifta er lovpålagd for alle hushald og kan ikkje seiast opp. Det kan søkjast om fritak frå renovasjonsgebyr under spesielle tilhøve.

Dersom ein bustad står tom kan den søkjast fritak frå den 1. i etterfylgjande månad. Bustaden må då stå tom i minst eitt år fram i tid. For og få innvilga fritak på ein fritidsbustad må bygget vera til nedfalls eller under renovering. Biletdokumentasjon ,må leggjast ved. Fritak vert ikkje innvilga for påbyrja fakturaperiode (januar- juni, eller juli- desember)

SIM har ikkje forvaltninga i kommunane Stord og Sveio. Innbyggjarar i desse kommunane må senda søknaden til kommunen.

Forskrifta for innsamling av hushaldsavfall og tømming av slamavskiljarar og tette tankar, som vart vedtekne i kommunestyret hausten 2007, er grunnlag for SIM sitt arbeid med renovasjon og slamtømming.

Lenker til forskrift, retningsliner og søknad:

Kommunal forskrift SIM, eller den kan bestillast frå SIM

Retningsliner for fritak-/endring