Kommunen sine plikter

  • SIM stiller til rådvelde for abonnent dei behaldarar, fellesbehaldarar og konteinarar renovasjonsordninga til ei kvar tid krev. SIM leverer ut, reparerer og skifter behaldarar når det trengst.
  • Hushaldsavfallet skal hentast med fastsette intervall. Dette kan fråvikast i situasjonar med streik eller force majeure, ved rørlege heilagdagar og dessutan ved ekstraordinære tilhøve som krev oftare avfallstømming. Dersom sjåføren i medhald av vegtrafikklova finn å ikkje kunna utføra oppdraget grunna manglande tryggleik, kan tømming bli utsett. I slike tilfelle vil SIM finna avbøtande tiltak.
  • Kommunen skal i god tid kunngjera planlagde endringar i henteintervalla, og elles informera abonnentane om endringar i abonnementstilhøva og kostnadskonsekvensane av dei.
  • Renovatøren pliktar å ta med avfall som er lagt i godkjent behaldar,så sant avfallet tilfredsstiller krava i § 8 og er sortert i samsvar med gjeldande renovasjonsordning.
  • Feilsortert avfall eller mangelfullt sortert avfall skal renovatør ikkje ta med på den ordinære henteruta. Abonnent må evt. sortera avfallet til neste hentedag.
  • Oppsamlinga skal gå føre seg på ein måte som medfører minst mogeleg ulempe med omsyn til støy, lukt, søl o.l.
  • Etter oppsamling skal renovatør setja behaldaren tilbake til hentestaden (eller den avtalte oppstillingsplassen) med evt. lok lukka, og gjera bruk av sikringsordningar som er etablert for å hindra behaldarane i å koma på avvegar i vind etc.
  • Søl frå tømminga skal fjernast av renovatøren. Dette gjeld også søl på returpunkt for (kjelde-) sorterte avfallsfraksjonar som abonnenten sjølv må bringa til mottak.
  • For at ny rute for innsamling av hushaldsavfall skal kunna opprettast, må tal abonnenteiningar langs ruta vera minst fire. Avstanden mellom dagens hentestad og ynskt hentestad må vera større enn 150 m. Søknad om oppretting av ny rute skal vurderast av SIM.
  • For rekkjehus, blokker, seksjonerte eigedomar, burettslag og liknande tett busetnad, og for hytter, fritidseigedomar, utleigehyttar, campingplassar mm, kan kommunen påleggja fleire abonnentar eller abonnementeiningar å bruka fellesbehaldarar og/eller konteinarar. Dette gjeld også abonnentar som bur slik til at bosbilen ikkje kjem fram og vegstandarden gjer at det vil vera vesentlege problem med å få behaldarane fram til hentestaden.
  • Fleire abonnentar kan også, etter eige ynskje og etter avtale med kommunen, gå saman om fellesbehaldarar.
  • Dersom det viser seg at avfallshandsaminga ikkje vert forsvarleg, kan kommunen innanfor ramma av lovverket og denne forskrifta påleggja abonnentane andre ordningar enn dei som går fram av gjeldande renovasjonsordning.