Abonnenten sine plikter

  • Abonnenten pliktar å følgja dei vedtak som kommunen har fatta om renovasjonsordninga og kjeldesortering.
  • Abonnenten er ansvarleg for at plasseringa og bruken av behaldarane skjer i samsvar med denne forskrifta.
  • Abonnenten er den økonomisk ansvarlege part i høve til kommunen.
  • Henting av avfallet skjer i tida frå kl. 06.00 til kl. 22.00. For å ha krav på innsamling, pliktar abonnenten å setja rett behaldar fram til køyreveg innan kl. 06.00 tømmedagen. Behaldaren skal vera opplåst tømmedagen og stå ute til han er tømt.
  • Abonnenten skal bringa behaldaren tilbake frå hentestad til oppstillingsplass same dag som tømminga har funne stad.
  • Abonnenten er ansvarleg for å motverka at born leikar med behaldarane, også fellesbehaldarane, og skal sikra at born ikkje kan koma opp i eller verta skadde av større fellesbehaldarar som er stilte til rådvelde.
  • Abonnenten er ansvarleg for at behaldaren vert halden rein i samsvar med krav frå kommunehelse-ansvarleg, og dessutan for å fara fint med han.
  • Abonnenten er ansvarleg for å motverka at behaldaren valdar skade ved at han kjem på avvegar frå oppstillingsplass eller hentestad.
  • Skade som følgje av manglande sikring er abonnenten sitt ansvar etter gjeldande rett.
  • Abonnenten skal sortera avfallet slik renovasjonsordninga til ei kvar tid krev. Ved manglande eller mangelfull sortering vil renovatør varsla om dette og ikkje ta med avfallet på den ordinære ruta.
  • Abonnenten skal syta for naudsynt reinhald av hentestad og oppstillingsplass, jfr. likevel § 4 om renovatøren sitt ansvar for å fjerna søl.
  • Kjeldesortert avfall som det er etablert mottaksordning for, og som det ikkje er henteordning for, skal bringast til miljøsentral eller returpunkt.
  • På miljøsentralen, returpunktet eller hentestaden skal abonnenten ikkje setja avfall utanom konteinaren/behaldaren. Abonnenten er økonomisk ansvarleg for opprydding i slike høve.
  • Eigar av eigedom med aktivitet som etter denne forskrifta skulle tilseia at eigedomen var med i den kommunale renovasjonsordninga, og som ikkje står i gebyrregisteret til kommunen, har plikt til å melda frå til kommunen om tilhøva. Han står også ansvarleg for alle kostnader dette medfører i medhald av denne forskrifta.
  • Eventuelle endringar i abonnementsforhold, som eigarforhold, innflytting, fråflytting, nedriving, brann osb., skal straks meldast skrifleg til kommunen.
  • Gebyrplikt gjeld til melding er motteken.

Brukaren sine plikter

  • Dersom brukar av renovasjonsordninga og abonnent ikkje er same juridiske person, har brukar same plikter som abonnent, med unnatak av det økonomiske tilhøvet til kommunen.