Abonnenten pliktar å følgja dei vedtak som kommunen har fatta om renovasjonsordninga og kjeldesortering.
Abonnenten er ansvarleg for at plasseringa og bruken av behaldarane skjer i samsvar med denne forskrifta.
Abonnenten er den økonomisk ansvarlege part i høve til kommunen.
Henting av avfallet skjer i tida frå kl. 06.00 til kl. 22.00. For å ha krav på innsamling, pliktar abonnenten å setja rett behaldar fram til køyreveg innan kl. 06.00 tømmedagen. Behaldaren skal vera opplåst tømmedagen og stå ute til han er tømt.
Abonnenten skal bringa behaldaren tilbake frå hentestad til oppstillingsplass same dag som tømminga har funne stad.
Abonnenten er ansvarleg for å motverka at born leikar med behaldarane, også fellesbehaldarane, og skal sikra at born ikkje kan koma opp i eller verta skadde av større fellesbehaldarar som er stilte til rådvelde.
Abonnenten er ansvarleg for at behaldaren vert halden rein i samsvar med krav frå kommunehelse-ansvarleg, og dessutan for å fara fint med han.
Abonnenten er ansvarleg for å motverka at behaldaren valdar skade ved at han kjem på avvegar frå oppstillingsplass eller hentestad.
Skade som følgje av manglande sikring er abonnenten sitt ansvar etter gjeldande rett.
Abonnenten skal sortera avfallet slik renovasjonsordninga til ei kvar tid krev. Ved manglande eller mangelfull sortering vil renovatør varsla om dette og ikkje ta med avfallet på den ordinære ruta.
Abonnenten skal syta for naudsynt reinhald av hentestad og oppstillingsplass, jfr. likevel § 4 om renovatøren sitt ansvar for å fjerna søl.
Kjeldesortert avfall som det er etablert mottaksordning for, og som det ikkje er henteordning for, skal bringast til miljøsentral eller returpunkt.
På miljøsentralen, returpunktet eller hentestaden skal abonnenten ikkje setja avfall utanom konteinaren/behaldaren. Abonnenten er økonomisk ansvarleg for opprydding i slike høve.
Eigar av eigedom med aktivitet som etter denne forskrifta skulle tilseia at eigedomen var med i den kommunale renovasjonsordninga, og som ikkje står i gebyrregisteret til kommunen, har plikt til å melda frå til kommunen om tilhøva. Han står også ansvarleg for alle kostnader dette medfører i medhald av denne forskrifta.
Eventuelle endringar i abonnementsforhold, som eigarforhold, innflytting, fråflytting, nedriving, brann osb., skal straks meldast skrifleg til kommunen.
Gebyrplikt gjeld til melding er motteken.
Brukaren sine plikter
Dersom brukar av renovasjonsordninga og abonnent ikkje er same juridiske person, har brukar same plikter som abonnent, med unnatak av det økonomiske tilhøvet til kommunen.
Gratis bioposar på papirdunkenVisste du at du får utdelt gratis bioposar på papirdunken, dersom du knyter ein tom biopose på dunken ved tømmedag.