Du er sjølv ansvarleg for eige privat anlegg, og for å fylgja krav til reinsing.
Det er viktig å tømma slamtanken ofte nok, slik at avløpsvatnet ikkje får renna over og skapa ureining. Etter forskriftene skal slamtankar for hus tømmast minimum annakvart år, og minimum fjerdekvart år for hytter. I praksis kan intervallet variera med opptil fire månader på kvar side.
Dette skjer i tanken
Avløpsvatnet renn sakte gjennom slamtanken. Dermed får tunge partiklar tid til å søkkja til botnen, medan lette partiklar og feitt flyt til overflata. For å auka denne effekten, og motverka støytvis medriving av slam mot utløpet når t.d oppvaskmaskin, vaskemaskin, dusj og do er i bruk samstundes, er kummen delt i fleire kammer med gjennomløp i ulik høgd.
Miljøfordelar
Slamtanken samlar opp partiklar i avløpsvatnet slik at dei ikkje får komma ut i bekker og vatn, eller får tetta infiltrasjonsgrøfta dersom ein har ei slik.
Ved regelmessig tømming av slamtanken kan ein oppnå følgjande reinseeffekt:
- Organiske stoff 20–30 %
- Fosfor 5–10 %
- Nitrogen ca. 5 %
Dei som har infiltrasjonsgrøft i tillegg til tanken vil oppnå endå betre reinseeffekt.