Innhaldet i slamtanken vert soge opp i slambilen. Der vert tørrstoffet skilt ut, og vatnet ført tilbake til slamtanken. Etter denne prosessen er det normalt at det vert liggjande eit slør av slam over vatnet. Oppsamlinga skal føregå med minst mogeleg støy, lukt o.l. Evt. søl frå tømminga skal fjernast av renovatør.
Obs! Tanken er full etter tømming, men då berre av vatn.
Slammet frå slamtanken er minimalt nedbrote. Det vert køyrt til SIM sitt hovudanlegg i Svartasmåget for kompostering i rankar. Slamkomposten vert brukt på SIM sine anlegg.
Kontroll av anlegget
I samband med tømming vil slamtanken bli inspisert visuelt. Dersom det vert oppdaga feil, vil kunden bli varsla av SIM eller kommunen.
Dei mest vanlege feila er:
- tanken har dårleg lok
- «dykk» manglar
- tanken har tett utløp
- tanken lek
- utløpet lek
- tett filtergrøft