Metode for hygienisering og stabilisering:
Utandørs kompostering i rankar. Etter om lag 16 veker vert komposten sikta og lagt til ettermodning.
Kompostjord med kvalitetsklasse 0-2:
Kan nyttast på jordbruksareal, private hagar og parkar, grøntarealer og lignende. Tilført mengde må ikkje overstige plantenes behov for næringsstoffer
Plenblanding:
Kan nyttast på jordbruksareal, private hagar og parkar med inntil 4 tonn tørrstoff pr. da pr. 10 år. Kan nyttast på grøntareal og liknande der det ikkje skal dyrkast mat eller forvekster.
Slik brukar du SIM -komposten:
Komposten kan brukast som jordforbetring ved å leggja han oppå eller blanda inn i til dømes åker eller blomebed. Bruk til dømes 2 liter SIM -kompost pr. m2 jord. Komposten kan også blandast ut med matjord, i 1 del kompost til 4 deler matjord, ei jordblanding som kan brukast som plante- eller så jord. Ein kan normalt forventa ein gjødseleffekt som svarar til 10-15 % utnytting av nitrogenet det første året, avhengig av m.a. jordtype.
Plenblandinga til SIM er i år (2024) tilsatt sand og ca 20% slamkompost.
Prisar
Kr 450 for 1 tonn (1 m3). Kunden må ordne transport sjølv.
Kompost i sekker kostar kr 10 per sekk (ta med sekker).