Me har for tida ledige stillinga på Austevoll miljøsentral og Kvinnherad miljøsentral.

Tilkallingsvikar og sommarvikar
Austevoll miljøsentral
SIM søkjer etter tilkallingsvikar og sommarvikar på Austevoll miljøsentral. For begge stillingane gjeld:
Arbeidsoppgåver:
- kunderettleiing på miljøsentralen
- ta imot betaling
- ulike støttefunksjonar
- førefallande arbeid
Du må:
- vera over 18 år, sjølvstendig og målretta
- trivast i møte med kunden, og i eit hektisk arbeidsmiljø
- ha stå- på- vilje og humør
- fleksibel
Me kan tilby:
- eit godt arbeidsmiljø
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter avtale
For stillinga som tilkallingsvikar gjeld arbeidet ved behov. Arbeidet høver godt for studentar, pensjonistar eller andre som kan stilla på kort varsel.
For stillinga som sommarvikar gjeld arbeidsperioden: Frå måndag 16. juni (veke 25) til og med veke 32. Arbeidstida vil vere på dei dagane miljøsentralen har ope, det vil seia måndagar, torsdagar og annankvar laurdag.
Nærare opplysningar får du hos dagleg leiar Ole Johannes Støle, 913 97 670.
Send søknad til: sim@sim.as
Søknadsfrist: 23. mai 2025

Sommarvikar Kvinnherad miljøsentral
SIM søkjer etter sommarvikar på Kvinnherad miljøsentral.
Arbeidsoppgåver:
- jobbe som kundehandsamar i perioden 25. juni til 31. juli dei dagane miljøsentralen er open
- kunderettleiing på miljøsentralen
- ta imot betaling
- ulike støttefunksjonar
- forefallande arbeid
Du må:
- vera sjølvstendig og målretta
- trivast i møte med kunden, og i eit hektisk arbeidsmiljø
- ha stå- på- vilje og godt humør
- lika å halda god orden
- vera over 18 år
Me kan tilby:
- eit godt arbeidsmiljø
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter avtale
Nærare opplysningar får du hos dagleg leiar Ole Johannes Støle, 913 97 670.
Send søknad til: sim@sim.as
Merk søknaden: «Sommarjobb Kvinnherad»
Søknadsfrist: 23. mai 2025