Nytt system – betaling per utsetjing

Dunkane dine | Kva må eg gjere no? | Spørsmål og svar

I løpet av februar 2026 startar me opp med merking av dunkane dine. Dette vil skje anten heime hos deg, eller når dei er sett ut på tømmedag. Årsaka er at me frå 2027 innføre eit nytt system for rest- og bioavfallet. Systemet vil medføre at dunkane dine vert vegt og registrert.

Sjølv om me skal vege dunken din så skal ikkje ta betaling etter vekt. Veginga skal er datagrunnlag og informasjon for SIM internt. Du som abonnent skal betale for kvar gong du set ut restavfallsdunken. Dette vil medføre meir rettferdig betaling ut frå kva du kastar, betre sortering, mindre restavfall og at kvar abonnent betalar meir rettferdig for eige avfall. Det ser me frå erfaringar frå liknande selskap som har gjort det same.

I fyrste omgang er viktig for deg at SIM har rett informasjon om kva dunk som høyrer til kva abonnement. Me ber deg difor om:

  • Logg inn på Mitt SIM via sim.as/mitt-sim
  • Sjekk at dunknummeret som står på abonnementet ditt stemmer med dunknummeret på dunkane dine
  • Dersom dunknummeret ikkje stemmer, sjekk om du har bytt dunk med naboen. Dersom du ikkje finn rett dunk/dunken din, meld frå til SIM
  • Dersom du ikkje finn dunknummeret, eller at det er uleseleg på dunken, vil SIM merke dunken med rett dunknummer

Dunkane dine

  • Dunkane dine blir merkte med chip og adresse
  • Feil nummer kan føre til feil rekning eller avvik
  • Du får ikkje nye dunkar – du skal ha dei same dunkane i det nye systemet
  • Det er viktig at dunknummeret stemmer med abonnementet ditt (sjå topploket etter nummer)
Bilete av topplokket til brun biodunk

Spørsmål og svar

Kva er nytt?

  • SIM startar i 2027 med å registrere og vege restavfalls- og biodunkane dine. Det er difor viktig at du har rett nummer på dunken din.
    Sjå over for informasjon om korleis du sjekkar dette, og/eller logg deg på Mitt SIM via sim.as/mitt-sim
  • Du betalar i større grad for restavfallet du faktisk kastar
  • Færre tømmingar av restavfallet = lågare kostnad
  • God sortering blir «premiert»
  • Restavfall blir dyrare å handtere
  • Fakturering etter den nye ordninga startar i 2028

Kvifor informerer de om dette allereie no?

  • Årsaka til at me allereie no informerer deg som abonnent er at me vil starte merking av dunken din allereie frå februar i år, slik at me vert ferdige til oppstarten i 2027.
  • Det vil vera folk tilsett i selskapet som tømmer dunkane i SIM (NordRen) som vil gjennomføre merkinga. Dei vil vera kledde i SIM – klede.

Kva skal eg som abonnent gjere?

  • I denne fasen er det viktigaste du som abonnent kan gjere er å logge deg inn på MittSIM (lenke/kode) og sjekke at dunknummeret som er knytt til ditt abonnement, stemmer med det som står på dunkane dine.

Skal de ta betalt etter vekt?

  • Nei!

Korleis spare pengar?

  • Sorter matavfall, plast, papir, glas og metall rett
  • Har du lite restavfall, kan du stå over ei tømming
  • Står du over, betaler du ikkje for den tømminga
  • Grove eller gjentekne feil → raud lapp, dunken blir ikkje tømt
  • Overfylt dunk eller misbruk av ordninga kan gi avvik

Kvifor innfører SIM dette?

  • Avdi plukkanalysar viser at restavfalls- og biodunken inneheld mykje feilsortering
  • For å nå nasjonale og internasjonale krav om meir materialgjenvinning
  • For å redusere mengda restavfall
  • Ordninga er allereie brukt av andre renovasjonsselskap, med gode resultat

Kan ein fortsatt dele dunk?

  • Ja, det kan ein!