Slamtømming -Båt

SIM tilbyr slamtømming også der ein ikkje kjem til med vanleg slamtømmeutstyr.
Døme på slike er slamtømming med båt eller ferje. Slike stader har ofte fritak frå ordninær slamtømmerute og gebyr.

SIM har ulike alternativ til slamtømming med båt, kravet er at det må vera djupt nok og moglegheit for å kunne lenda liten slamtømmebil eller traktor. Ordninga vert fakturert etter medgått tid for båt, bilar og mannskap og er relativt kostbar.
Prisen går som regel noko ned ved fleire påmelde.

SIM tilbyr i vår slamtømming med ferge for øyar i Austevoll, Tysnes og Fitjar.
Tilbodet er frivvilleg og prisen pr. tømming avhenger av ant. påmeldte.
SIM deler kostnaden på påmeldte, der me har ei maks grense på 10 000.- kr. pr. tank.

SIM kan tilby kundar forhåndsbetaling i mindre beløp eller å dela opp fakturaen i to rater.

Påmelding for 2025 er no avslutta