Tekstilavfall

I SIM har me ikkje ei ordning for tekstilavfall foreløpig, men me har ei ordning for heile, reine og brukande tekstilar som kan gå til ombruk.

Når det gjeld tekstilavfall er me litt avventande til å setje i gong ei slik ordning, av di det ikkje finnes ein god nok mottakarmarknad. Målet med kravet er at tekstilavfall skal gå til materialgjenvinning og ikkje til energigjenvinning og per i dag er me usikre på om dette i så stor grad at det har ein god miljøgevindt. Me håpar at me kan få på plass ein avtale om tekstilavfall i løpet av 2025, men vårt fokus er at me ikkje kan gå inn i ein avtale med ein mottakar der veldig mykje av det som vert samla inn går til energigjenvinning i stadenfor til materialgjenvinning, då blir det ein negativ miljøgevinst

Så inntil vidare må tekstilavfall kastast i restavfallet i våre eigarkommunar