Vrakpant på båt

Før levering av båten er det viktig at du sjekkar fylgjande: 

  • SIM har lov og ta i mot fritidsbåtar opp til og med 15 fot ved alle miljøsentralane. 
  • Båtar mellom 16 – 49 fot må leverast ved vår omlastehall på Heiane, Stord.
  • FØR levering av båten skal den vera miljøsansert, ekstrakostnadar kan tilkomme dersom den ikkje er det. 
  • Ved levering til omlastehallen er det viktig å ta kontakt med SIM på førehand.

Før levering av båtar til omlastehallen ein ta kontakt med SIM (53 45 78 50). Private kan levere kostnadsfritt, næring må betale for levering. Båteigar må sjølv vera med ved levering, dersom ein skal få levere båten kostnadsfritt og søkje refusjon.

Båteigarar som leverer fritidsbåt til SIM kan søkje refusjon på 1000 kroner hjå Miljødirektoratet. Dersom ein ynskjer å søkje refusjon lyt ein fylle ut Miljødirektoratet sitt skjema som stadfestar at båten er levert til godkjent mottak. Dette skjemaet vert signert ved levering av båten. Ein må difor ta med skjemaet ved levering.

Skjemaet kan lastast ned på miljodirektoratet.no.
Søknaden må sendast før 1.desember det året båten vart levert inn.

Føl sjekklista under: