Frå 1.1.2023 startar SIM ei 2-årig prøveordning for næringslivet i Sunnhordland. Ordninga går ut på at ein kan søkje støtte til levering av marint avfall.
Vilkår for å søkje refusjon:
- Den totale potten for støtte som ein kan søkje av er avgrensa til 100 000,- pr. år, fordelt på søkjarane, dersom det er fleire.
- Det er berre verksemder som har hovudsete i Sunnhordland som kan søkje.
- Det er berre verksemder som har rydding av marint avfall som hovudaktivitet, som kan søkje.
- Ordninga er avgrensa til avfall som er rydda i eigarkommunane til SIM. Avfallet skal sorterast ved levering.
- Ordninga gjeld alle typar av eigarlaust marint avfall, som ein har ordning for å kunne ta i mot på miljøsentralane.
- Det skal søkjast om refusjon på etterskot, mot kvittering på betaling for innlevert avfall.
- Det må leggjast ved ein omtale av kva område som er rydda, samt biletdokumentasjon av ryddinga
Årleg søknadsfrist er 1.11