Kosar seg på ryddekampanjen

#simreinnatur

Me likar alle å ha det reint og ryddig rundt oss. Slik vil me ha det heime og slik vil me ha det når me går ute i naturen. Det er eit felles ansvar at det er ryddig i naturen. Me oppfordrar difor deg til å bli med i ein storstilt ryddeaksjon. Går du ute og ser noko bos så plukk det med deg! Dersom du tar du bilete av at du plukkar bos, postar det på Instagram og taggar det med #simreinnatur er du med på å lage verdas største virtuelle boshaug. Som belønning for at du bidrar tiI eit reinare miljø er du med i trekninga av ein IPad mini.

Kvart bilete er med i trekninga, altså jo meir bos du plukkar jo større vinnarsjanse har du. Bilete må vera opent for alle brukarar på Instagram. Du kan ta bilete av deg sjølv når du plukkar bos, naturbilete med bos eller når du har rydda boset.

Ein heldig vinnar vil bli trekt ut 15. juli. Alle som har tatt bilete innan denne datoen er med i trekninga av ein IPad mini.