Lastar innhald...

Årsmelding 2022

Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen er på Heiane, i Stord kommune.

abonnentar ? abonnentar

Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Innbyggjarar: 61 408
Hushaldsabonnentar: 27 572
Hytte abonnentar: 8 313
Abonnentar som heimekomposterer: 3 087
Abonnentar med slamavskiljar: 13 372
Kilo avfall per innbyggjar 2022: 434 kg

SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 61 408 innbyggjarane og 8 313 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir- plastemballasje. glas og metallemballsje - og restavfall.

Administrasjonen held til på Heiane i Stord kommune, der selskapet har administrasjonsbygg, miljøsentral og omlasteanlegg. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. I Svartasmoget, Fitjar kommune, har selskapet kompostanlegg og deponi. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja til rette for at ressursane i avfallet vert nytta.

§ 4 Føremål

  1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.
  2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
  3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar når det gjeld gjenvinning.
  4. Å bidra til miljøtiltak i eigarkommunane.
  5. Selskapet har ikkje erverv til føremål.

§ 5 Selskapet sine oppgåver:

  1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
  2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
  3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
  4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.

Representantskap, styre og administrasjon

Medlemskommunar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Representantskap
23 medlemmar

Leiar:
Ordførar i Fitjar

Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.

Leiar:
Solveig Grønsdal (Stord)

Administrasjon og hovudanlegg
Heiane, Stord

Dagleg leiar:
Ole Johannes Støle

Organisering

Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.

Representantskap

Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 23 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 6, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde to møte i 2022. Ordinert møte 30. april og ekstraordinert møte 9.9. På det ordinere møtet vart det handsama 12 saker: Medan det på det ekstraordinere møtet vart handsama tre saker.

Styre

Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde sju møter i 2022.

Styret i SIM 2022

Solveig Grønsdal

Styreleiar

Elisabeth Sandven

Nestleiar

Edvard Johannes Stangeland

Styremedlem

Lisa Instefjord Gilje

Styremedlem

Inge Reidar Kallevåg

Styremedlem

John Kristian Økland

Styremedlem

Marit Årthun

Styremedlem

Frank Verpelstad

Styremedlem

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

 

 

 

Dagleg leiar

«Nye talfesta lovkrav om gjenvinning fram i tid, saman med eigen motivasjon for meir miljøvenleg avfallshandtering gjer at målsetjinga om å vere betre enn landssnittet står sterkare enn nokon gong tidlegare»

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

 

 

 

 

 

Digital sikkerheit

Kvart år vert ulike selskap hardt råka av dataangrep. Alle verksemder kan verta utsett for angrep, også SIM. Mindre alvorlege forsøk klarar heldigvis beskyttelses-systema våre å handtere. Å gardere seg mot dei verste angrepa er diverre nærast umogleg, men ein kan heldigvis gjere mykje for å ta ned faren og for å stå betre rusta når angrepet er skjedd. SIM har i samarbeid med vår dataleverandør hatt stort fokus på, og oppgradert vår datasikkerheit i 2022. Det har vore felles opplæring samt ei rekkje individuelle digitale opplæringskurs. I tillegg har alle tilsette gjennom året vore utsett for falske e-postar som er meint som trening for å avdekke potensielle truslar.

Arbeidsmiljøutval

I haust vart AMU oppretta og ein hadde fyrste møte 30. november. Framover vil ein ha 4 faste møter i året. Utvalet sitt arbeid vil vere med å påverke arbeidsmiljøet på ein god måte, og sikre ytterlegare medverknad frå dei tilsette i dette viktige arbeidet.

God sikkerheitskultur, inkludert systematisk arbeid for å unngå skadar er viktig. Ein avgjerande faktor i HMT arbeidet er haldninga til leiinga, og haldninga til kvar av dei tilsette. Alle skal ha ein trygg arbeidsdag og koma heim minst like frisk som då ein kom på jobb.

Det er svært gledeleg at me ikkje har hatt jobbrelaterte skadar som har ført til fråvær i 2022. Eit vedvarande fokus på sikkerheit skal ha høg prioritet. Siste året har det vore registrert fleire avvik enn nokon gong. Årsaka meiner me er relatert til at fleire har fått gode rutinar med å føra avvik, og at god avviksbehandling har stimulert fleire til å bidra til viktig rapportering for lærdom og vidare utvikling.

2022 har vore eit år der mange har teke kurs og opplæring. Etterslepet etter korona-tida er i ferd med å verta lukka.

Materialgjenvinning

Omstillinga med å få større del av avfallet frå energigjenvinning til materialgjenvinning og ombruk har gått seinare enn ønska. Framleis er SIM like under landssnittet med våre 39%. Dette er me ikkje nøgd me og arbeidet må prioriterast framover. Nye talfesta lovkrav om gjenvinning fram i tid, saman med eigen motivasjon for meir miljøvenleg avfallshandtering gjer at målsetjinga om å vere betre enn landssnittet står sterkare enn nokon gong tidlegare. Ein er allereie godt i gang med nytt ombrukskonsept der me framover vil gjere fleire endringar for å utvikle dagens løysing. Det er mellom anna bestemt at alle dei sju miljøsentralane skal ha ei ordning for ombruk, og at det framover vert gratis å levere inn varer.

Blant dei beste!

SIM skåra jamt over veldig godt i årets renovasjonsbenchmarking (RBM). Her vert me samanlikna med andre renovasjonsselskap i heile landet på ei rekkje områder. Det er inspirerande å sjå at på fleire av områda er me blant dei beste, blant anna på driftseffektivitet. Det var heller ingen områder som utpeika seg som spesielt svake. Fordelen med å delta i RBM er blant anna openheit om korleis selskapet driv samanlikna med andre. Sterke sider vert løfta fram og ein får synleggjort forbetringsområder.

Omlegging til elektrisk bil-og maskinpark

Då varebilen vart skifta ut i haust, var det ekstra kjekt å få erstatta ein gamal dieselbil med ein ny elektrisk varebil. For SIM var dette startskotet på omlegginga av maskinparken frå fossilt til elektrisk. Framover vil både truckar, bilar og etter kvart større maskinar verta elektrifisert.

Eg vil nytta høvet til å takke dyktige tilsette som kvar dag står på for å yte best mogleg sørvis til abonnentane. Takk til kundar, samarbeidspartnarar, styret og eigarkommunane for eit godt samarbeid.

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Tilsette

Ole Johannes Støle - Dagleg leiar

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Lars Halleraker - Driftleiar miljøsentralar

Lars Halleraker

Driftleiar miljøsentralar

Arild Vik - Driftsleiar innsamling

Arild Vik

Driftsleiar innsamling. Tilsette sin representant i styret f.o.m okt.

Malvin Helland Andahl - Driftsleiar slutthandsaming

Malvin Helland Andahl

Driftsleiar slutthandsaming

Janne Hillersøy - Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Janne Hillersøy

Plan, innkjøp og kommunikasjons-ansvarleg

Morten Fadnes - Administrasjons- og økonomileiar

Morten Fadnes

Administrasjons- og økonomileiar

Tilsette

Trude Vedå - Økonomi og administrasjonsansvarleg

Trude Vedå

Økonomi og administrasjons-ansvarleg
Vararepresentant for dei tilsette i styret

Sissel Lønning - Kundehandsamar, 80 % stilling

Sissel Lønning

Kundehandsamar
60 % stilling

Trine Tverborgvik - Kundehandsamar

Trine Tverborgvik

Kundehandsamar

Linn Jeanett Økland - Kundehandsamar, 80 % stilling

Linn Jeanett Økland

Kundehandsamar
80 % stilling

Kjell Bolme - Operatør omlastehall, Heiane

Kjell Bolme

Operatør omlastehall, Heiane

Thom Arne Fredriksen - Operatør omlastehall

Thom Arne Fredriksen

Operatør omlastehall

Tilsette

Einar Breivik - Operatør kompost

Einar Breivik

Operatør kompost

Kjell Frode Hole - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll, 54 % stilling

Kjell Frode Hole

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll
54 % stilling

Kurt Thomassen - Kundehandsamar, 54 % stilling

Kurt Ole Thomassen

Kundehandsamar
54 % stilling

Bjørn Leon Vestbøstad - Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Bjørn Leon Vestbøstad

Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Jostein Johannessen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Jostein Johannessen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo
(tom 30.06)

Sammy Sagvaag - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Sammy Sagvaag

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Tilsette

Oscar Langballe - Formann / kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Oscar Langballe

Formann / kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad (t.o.m 31.08)

Lars Miles Storaas - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Lars Miles Storaas

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Olaf Skram - Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Olaf Skram

Formann / kundehandsamar miljøsentral Heiane

Aimar Hansen - Kundehandsamar miljøsentral Heiane og Sveio

Aimar Hansen

Kundehandsamar miljøsentral Heiane og Sveio

Kurt Harry Dahl - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kurt Harry Dahl

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Frank Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Frank Verpelstad

Kundehandsamar miljøsentral Heiane
Tilsettesrepresentant i styret i SIM t.o.m sept

Tilsette

Gry Kristin Karlson - Kundehandsamar miljøentral Sveio, 53 % stilling

Gry Kristin Karlson

Kundehandsamar miljøentral Sveio
53 % stilling

Kenneth Fjelland - kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad 4 % frå 01.01.22 til 31.08.22 frå 01.09.22 100 %

Kenneth Fjelland

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad
4 % frå 01.01.22 til 31.08.22 frå 01.09.22 100 %

Helge Hope - Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 60 % stilling

Helge Hope

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
60 % stilling

Sissel Torkelsen Larsen - Kundehandsamar Bømlo miljøsentral frå 15.08.2022

Sissel Torkelsen Larsen

Kundehandsamar Bømlo miljøsentral frå 15.08.2022

Stian Selle - Kundehandsamar miljøsentral, Stord 7 % stilling, 01.04 Bømlo 4 % stilling

Stian Selle

Kundehandsamar miljøsentral
Stord 7 % stilling
01.04 Bømlo 4 % stilling

Eirik Vedå Halvorsen - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Eirik Vedå Halvorsen

Kundehandsamar miljøsentral Stord.
8 % stilling

Tilsette

Håvard Holmedal - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 7 % stilling

Håvard Holmedal

kundehandsamar miljøsentral Stord
8 % stilling

Gry Bakke Rosvold Vik - Kundehandsamar miljøsentreal Tysnes

Gry Bakke Rosvold Vik

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes

Maria Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Maria Verpelstad

kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling

Kine Fatland - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Kine Fatland

kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling

Styret si årsmelding

Driftsaktivitet

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall og tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundemålingar viser at kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga. Selskapet har ingen pågåande forskings- eller utviklingsaktivitetar.

Sunnhordland

Økonomi

I 2022 hadde SIM ei inntekt på 126 millionar kroner. Resultatet til selskapet viste underskot på 1,5 millionar kroner. SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte, og for å driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet skal årleg vurdera kva som er nødvendige avsetjingar for å dekke framtidige kostnader. Det er ikkje sett av ekstra midlar til fondet i 2022 og i rekneskapen står fondet med 67,3 millionar kroner. Selskapet hadde eit overskot på kommunalt avfall på 7,6 millionar kroner, som er tilført renovasjonsfondet. Fondet er ved slutten av året på 13,2 millionar kroner.

Slamtømmeaktivitetane hadde eit overskot på 0,8 millionar kroner. Overskotet blir tilført slamfondet som ved årsskiftet var på 1,9 millionar kroner. Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter.

Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen gjev eit rett bilete av selskapet sine eigneluter og gjeld, finansiell stilling og resultat.

Finansiell risiko

SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.

Utgreiing om likestilling og arbeid mot diskriminering

Tilstand for kjønnslikestilling:

Kjønnsbalanse Deltid Ufriviljug deltid Uttak av veker foreldrepermisjon
Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner
Tal 20 10 6 5 0 1 15 0
Prosent 70 % 30 % 55 % 45 % 0 % 100 % 100 % 0 %

Ved utgangen av 2022 var det 24,6 årsverk i SIM delt på 33 tilsette. Ti av dei tilsette var kvinner og 23 var menn. Det var i 2022 ingen midlertidig tilsette. Det er i tillegg ein lærling i selskapet.

Fem kvinner og seks menn var i deltidsstillingar og det er ei overvekt av tilsette som er i friviljug deltidsstilling. Selskapet har to grupper lønskategoriar: Gruppe 1 som omfattar kundehandsamerar og operatørar og gruppe 2 som omfattar leiargruppa og rådgjevar. Av den totale arbeidsstokken er det 30 % kvinner fordelt på 31 % av gruppe 1 og 29 % av gruppe 2. Gjennomsnittsløna til menn samla for gruppe 1 og 2 er 4 % høgare enn gjennomsnittsløna til kvinnene. I gruppe 1 er gjennomsnittsløna for menn og kvinner om lag lik, menn har 0,5 % høgare løn enn kvinnene. I gruppe 2 er gjennomsnittsløna til menn 9 % høgare enn kvinnene si gjennomsnittsløn. Løn til dagleg leiar er teken med i statistikken for gruppe 2. Alle løner er omgjort til fulle stillingar. Stillingar med same ansiennitet og stillingar med same ansvar har lik løn, uavhengig av kjønn.

Sjukefråværet var på 3,88 %. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styret er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve. Det er teke ut 15 veker foreldrepermisjon av menn.

Arbeidet med likestilling og diskriminering

Arbeidsmiljø og personale

Selskapet arbeider aktivt for auka likestilling og mot diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kombinasjonar av desse grunnlaga. Arbeidet omfattar områda: rekruttering, løn- og arbeidsvilkår, forfremming, utviklingsmogelegheitar, tilrettelegging og mogelegheit for å kombinere arbeid og familieliv. Selskapet arbeider for å hindre trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald.

SIM har i 2022 oppretta arbeidsmiljøutval (AMU). AMU har fire møter i året, og arbeidet med likestilling og diskriminering skal vera tema i utvalet.

Abonnentar/kundar

Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova. Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er òg søkt utforma med tanke på universell utforming. Det er utvikla informasjonsbrosjyrar og sorteringsguidar på fleire ulike språk.

Det er lagt til rette for at abonnentar som ikkje nyttar datamaskin eller smarttelefon kan få tilsendt tømmekalender på papir.

Grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold

Forankring av anvarskjensle

SIM jobbar aktivt for å sikre at ein respekterer grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i vår eiga verksemd og i leverandørkjeda vår. SIM har i 2022 forankra dette i vårt internkontrollsystem, i leiinga og i organisasjonen. Alle våre innkjøpskontraktar og avtalar inneheld ei forplikting til å respektere grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Kartlegging og vurdering av negativ påverking/skade

I 2022 har SIM gjennomført revisjonar av dei største innkjøpskontraktane. Dette er dei av selskapet sine kontraktar der ein vurderer at risikoen for brot på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold kan vera størst. Det blei ikkje funne negative konsekvensar som kravde tiltak.

Ytre miljø

Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovudsakleg som fylgje av at nedbør vaskar ut dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmoget. Det er etablert reinseanlegg for å redusera utsleppa ytterlegare, og det er etablert anlegg for handsaming av metangass frå deponiet. Analyser viser at det er låge nivå av jern, tungmetall og organiske miljøgifter i sigevatn frå deponiet. Det kan til dels tilskrivast effekten av reinseanlegget som har god reinseffekt for jern. Noko som òg medfører reinsing av tungmetall og organiske miljøgifter. For olje og aromatiske løysemiddel var det ikkje kvantifiserbare mengder i sigevatnet i 2022.

Framtida

SIM vil halde fram med å leggja til rette for gode sorteringsordningar. Ein ser at stadig nye krav nasjonalt og frå EU vil føre til nye ordningar. Dei næraste åra vil ombruk få eit større fokus i selskapet og ein er i gong med å leggje til rette for betre ordningar på dette området. Selskapet har alltid fokus på tilrettelegginga i lys av eit kost/nytte perspektiv, og vil òg ha det i fokus framover. Miljøsentralane er eit tilbod som vil vera viktig i den nye satsinga på ombruk. Desse er godt besøkte og ein ventar vekst i tråd med tidlegare års statstikk. Styret kjenner seg trygg på at SIM framover er eit selskap som gjev innbyggjarane miljørette og gode renovasjonsordningar, med auka fokus på ombruk og materialgjenvinning.

Hamar, 24. mars 2023.

Solveig Grønsdal

Styreleiar

Elisabeth Sandven

Nestleiar

Lisa Instefjord Gilje

Styremedlem

John Kristian Økland

Styremedlem

Marit Årthun

Styremedlem

Inge Reidar Kallevåg

Styremedlem

Edvard Johannes Stangeland

Styremedlem

Trude Vedå

Tilsette sin vararepresentant

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Ditt avfall

 

 

 

 

 

 

 

Avfallsmengder

Mengda av innsamla hushaldsavfall på renovasjonsrutene hadde ein nedgong frå 2021 til 2022. Det same gjaldt mengda innsamla hytteavfall. Innsamla næringsavfall på renovasjonsrutene hadde ein auke. Besøkstala på miljøsentralane gjekk ned.

Samanlikna med talet på kundar vart det i 2022 registrert svært få klager.

ikon-avfallsmengde 53851 tonn

Totale avfallsmengder i 2022.

Samla avfallsmengder som SIM tek hand om

Til saman 53 851 tonn

Hushaldsavfall

Hentefraksjonane (rest, bio, plast, papir og glas-/metallembalasje) hadde ein nedgong på 5 % frå 2021 til 2022. Totalt hadde mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein nedgong på 5 %.

Kvar innbyggjar leverte 434 kg avfall i 2022. Totalt tok SIM hand om 26 666 tonn frå hushaldningane. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.

Mengder hushaldsavfall

Samla mengde hushaldsavfall i tonn

Avfall henta heime hos folk (medrekna hytteavfall)

Til saman: 14 850 tonn

Gjenvinning (Hushald)

Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane minka med 5 % frå 2021 til 2022. Innsamla mengder i 2022 var 14 850 tonn. Totalt mottok SIM 26 666 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland. 95 % av det som vart samla inn vart sendt til gjenvinning. Gjenvinningsprosenten har auka mykje sidan 2003, som var det året SIM starta med å senda avfall til gjenvinning. Då var gjenvinningsprosenten på 48 %.

39 % av hushaldsavfallet vart sendt til materialgjenvinning. Målet er at ein skal vera over landsgjennomsnittet på 43 % (2021 tal), og deretter nå EU-måla.

Hushaldsavfall til gjenvinning

Til saman: 25 344 tonn

Hytterenovasjon

Det vert stadig bygd nye hytter i SIM-kommunane, og ordninga for hytterenovasjon er under kontinuerleg utvikling. Nye konteinarstader kjem til og kapasiteten på eksisterande lokalitetar vert auka. I 2022 var det tøming av hyttekonteinarar to gonger per veke i heile juli og halve august, mot normalt éin gong i veka i sommarhalvåret.

SIM si ordning for hytteabonnentar er hyttekonteinarar, konteinarar for glas- og metallemballasje og/eller hyttedunk. Hyttekundar kan sortere avfall ved å bestille vanleg tre-dunk system som hushaldsabonnentane har. I tillegg kan dei levera avfall på våre miljøsentralar.

Avfall frå hytter gjekk ned i 2022. Feilsortering frå returpunkt har auka noko. SIM opplever at enkelte misbrukar ordninga og dumpar grovavfall, EE-avfall og farleg avfall i konteinarar. SIM måtte gjera tiltak med tanke på tømetider og ettersortering i omlastehall og må jobba videre med haldningsarbeid og kontroll. Mykje av det ein plukkar ut i hallen er gratis å levera både til Miljøsentral og der ein sel elektrisk. SIM har skifta ut ein del gamle konteinarar med nye galvaniserte konteinarar som er meir tilpassa vestlandsklima.

Deponi

I 2022 vart det levert 14 667 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein nedgong på 11 % frå året før.

Ein har no i hovudsak skilt ut plastprodukt som ikkje kan gjenvinnast frå ordinèr deponicelle til eiga celle, Denne fraksjonen er sett høgare pris på og difor har ein fått mindre/ikkje avvik på desse leveransane. Ved å skilje dette frå hovudcella reduserer me brannfaren på begge plassar og gjer det enklare og avdekka avvik med mottakskontroll.

Mengder til deponi

Mengder levert til deponi 14 667 tonn

Slamtømming

SIM henta i 2022 slam frå heilårsbustadar/fritidsbustader i Stord og Fitjar, samt heilårsbustader i Austevoll. I tillegg vart det henta slam frå kommunale avskiljarar etter avtale og frå alle minireinsanlegg og tette tankar med årleg tømmefrekvens. I 2022 var pandemien nærast over,men det braut ut krig i Ukraina. Dette påverka vareprisar og energiprisar. For transport opplevde me tidenes dieselauke for SIM sin del. Totalt vart det utført 5726 ordinære tømmingar, 381 tømmingar av minireins/tett tank og 219 naudtømmingar eller tømming utanom rute.

Hushaldsavfall

Avfallsmengda gjekk ned i 2022. Våre kundar merkar truleg stigande vareprisar og forbruket minkar. Transportinnsamling av hushaldsavfall er den største kostnaden med avfall i vårt distrikt. Vareprisar og avfall til energigjenvinning aukar stadig og nye avgifter er varsla. Transport melder det er tidvis vanskeleg å få tak i deler og lang leveringstid på enkelte komponentar. Likevel har 2022 vært eit godt år med tanke på verdien av varer til gjenvinning og jobben med å henta og vidaresenda avfall til behandling og gjenvinning har gått fint.

Renovatørane jobbar godt, har svært lite avvik og er sjeldan sjuke. SIM var i 2022 med i ei stor landsdekkande undersøking (RBM 2022) der me samanlikna ordningar, prisar, arbeidsmiljø, kundetilfredsheit og miljø med andre avfallsselskap i Norge. SIM scora høgast på driftseffektivitet, gebyret er lavt i forhold til tenestetilbod og SIM scora høgt på kundetilfredsheit og arbeidsmiljø. Myndigheitene har satt strenge krav til meir materialattvinning fram mot 2035, så SIM føl nøye opp sorteringsgrad og må enno sjå etter løysingar for å nå framtidige mål.

Vårt samfunn

 

 

 

 

 

 

 

Eit reinare Sunnhordland

SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.

Ryddig sunnhordland

Rydd Sunnhordland

22 velforeiningar søkte om å rydde i nærmiljøet i 2022. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt. Årsaka til at det var så få som søkte i år kan vera fleire. Den eine kan skuldast Covid-19, den andre kan vera at fleire lag - og organisasjonar vender seg mot strandrydding i stadenfor å rydde i nærmiljøet.

Ryddeaksjonar

-->

* Starta opp i 2014

Rydd ei strand

SIM har i mange år støtta lag og organisasjonar som ynskjer å rydda strender som ingen andre har ryddeansvar for. SIM bidrog til at 48 slike aksjonar resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland.

Meld frå om forureining

SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i over 200 saker.

Informasjon

SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling.

SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, miljøsentralar, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2022.

I vår digitale tidsalder ser ein at det stadig dukkar opp nye måtar og nå innbyggjarane på. SIM er medviten si rolle både med tanke på å vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.

Skuleprosjektet

I 2022 var 828 fjerdeklassingarpå besøk hjå SIM for å læra om kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling. SIM betalar reisa for skuleklassane og dette plar vera eit svært populært tilbod.

SIM sitt miljøfond

I 2014 selde SIM dotterselskapet SIM Næring. Det vart vedteke i representantskapet at ein skulle opprette eit miljøfond og plassere overskotet frå salet der. Fondet sin verdi er ved utgangen av 2022 om lag 44,7 millionar kroner. SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av. Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes: lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar. Styret i SIM set opp prioritert liste over tildeling av midlar. Representantskapet handsamar tildelinga som eiga sak på representantskapsmøtet. I 2022 fekk 24 søkjarar innvilga støtte frå fondet. Totalt vart det delt ut 3 955 561 kroner

Andre tilskotsordningar

8 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve litt tilskot til basarar og loppemarknadar.

Miljøsentralar

 

 

 

 

 

 

 

Kundar og avfall i 2022

I 2022 var det 77295 vitjingar ved dei sju miljøsentralane våre. Kundane leverte 14241 tonn avfall og totalt kom 44 % av hushaldsavfallet inn via miljøsentralane. Selskapet fokuserer på farleg avfall og stadig fleire avfallstypar vert definert som farleg avfall. Skjerpa krav til drift av anlegg som skal ta i mot farleg avfall fører til auka kostnader.

Selskapet har godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall gjennom våre miljøsentralar. Om lag 4,3 % av avfallet selskapet tek i mot frå hushald er farleg avfall. Dette avfallet kjem inn via miljøsentralane. Selskapet har i tillegg ryddetiltak som i mange tilfelle fører til opprydding av slikt avfall i naturen. I 2022 tok SIM i mot 1143 tonn farleg avfall frå hushald.

Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, resten er dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringsdrivande skal betale fulle kostnader.

Kundar

77295

Tal på kundar i 2022

Vitjingar i 2022

SIM sine miljøsentralar hadde ein nedgong i besøkstalet på 4,6 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen hadde ein nedgong på 5,5 % frå 2021. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein tredjedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

kundar-prosent 4,6 %

færre vitjingar i 2022.

Kundar ved SIM sine miljøsentralar

Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2022 var 77 295 personar

Mengder hushaldsavfall

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2022 var 11 601 tonn

Farleg avfall

Kvar innbyggjar leverte om lag 18,6 kg farleg avfall i 2022

Kompostanlegg

Komposteringsanlegget tok imot 3155 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 2758 tonn frå næringskundar og andre kommunar. I tillegg tok ein i mot 2 568 tonn avvatna slam frå SIM-kommunar og 1851 tonn slam frå næringskundar. Ein har og teke mot 831 tonn reint trevirke og 2638 tonn hageavfall frå hushald og næring. Komposten som blir produsert i Svartasmoget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2022 var kr 450 kr per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.53 millionar kroner eks. mva.

Totalt vart det handsama 13 801 tonn i komposteringsanlegget i 2022.

 

 

 

Mengder til kompostering

13 801 tonn i 2022

Selde mengder kompost

4 961 tonn i 2022

Gjennvinning

 

 

 

 

 

 

 

Avfallspyramiden

Afallspyramiden

Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.

Ombruk

Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.

Materialgjenvinning

Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.

39 % av avfallet vart sendt til materialgjenvinning.

Energiutnytting

Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2022 vart 95 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.

Heimekompostering

11 prosent av abonnentane komposterer bioavfallet sitt heime, om lag som i 2021. Totalt er det 2718 registrerte bingar. I tillegg kjem 369 kundar som deler binge med andre. Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Om kvar innbyggjar produserer 90 kilo bioavfall i året, vart det i 2022 heimekompostert 695 tonn avfall.

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.

Renovasjonsgebyr - dunkar

Kommunalt abonnementsgebyr for hus i 2022

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement hushald i 2022

Tall i kr inkludert meirverdiavgift — Inkludert kunden sitt val av dunkløysning

Renovasjonsgebyr fritidsbustad 2022

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Slamtømmegebyr for heilårshus i 2022

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Dette går gebyret til

Rekna ut frå eit snittgebyr på 2 607 kroner i 2022

Etterkalkulasjon sjølvkostområder

Kommunane og sjølvkost

Avfallsgebyret skal fastsetjast slik at det svarar til dei totale kostnadane kommunen vert påført ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning. Kommunen skal ikkje ha forteneste på slik avfallshandtering, berre kostnader ved, og inntekter frå lovpålagt handtering av hushaldsavfallet skal inngå i berekning av avfallsgebyret.

For sjølvkostområda renovasjon og slamtøming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvskostområde i kommunen. Kommunane har kostnadar med desse tenestene i tillegg til dei som SIM belastar sjølvkostområda.

På oppdrag frå kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar og Kvinnherad utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).

SIM og sjølvkost

Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtøming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.

For 2022 viser rekneskapen slikt resultat: Hushaldsrenovasjon Slamtømming
Inntekter kr 80 239 625 kr 12 121 832
Kostnader kr -72 693 984 kr - 11 287 704
Årsresultat kr 7 545 641 kr 834 128
Fond ib 01.01.22 kr -5 575 472 kr 1 099 288
Fond ub 31.12.22 kr 13 216 866 kr 1 952 275

Hushaldsrenovasjon og slamtømming

Hushaldsrenovasjon Slamtøming
% KR % KR
Austevoll 9,45 1 249 476 17,55 342 717
Bømlo 18,95 2 504 575 23,03 449 705
Fitjar 5,31 702 114 5,43 106 100
Kvinnherad 21,76 2 876 564 21,96 428 693
Stord 27,21 3 596 174 4,19 81 832
Sveio 10,50 1 387 774 16,18 315 933
Tysnes 6,81 900 189 11,64 227 294
Totalt 100 13 216 866 100 1 952 275

Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*

*(fordelt etter abonnentar per kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)

SIM sin praksis for 2022

Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.

SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».

Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.

Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.

Melding frå uavhengig revisor

Til representantskapet i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Konklusjon

Vi har revidert årsrekneskapen til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS.

Årsrekneskapen består av:

  • Balanse per 31. desember 2022
  • Resultatrekneskap for 2022
  • Kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per 31. desember 2022
  • Notar til årsrekneskapen, irekna eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.

Etter vår meining:

  • Oppfyller årsrekneskapen gjeldande lovkrav, og
  • Gjev årsrekneskapen eit rettvisande bilete av den finansielle stillinga i selskapet per 31. desember 2022, og av resultata og kontantstraumane for rekneskapsåret avslutta per denne datoen, i samsvar med reglane i rekneskapslova og god rekneskapsskikk i Noreg.

Grunnlag for konklusjonen

Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet, i samsvar med krava i lover og forskrifter i Noreg og International Code of Ethics for Professional Accountants (medrekna dei internasjonale standardane om habilitet), utgjeve av International Ethics Standards Board for Accountants (IESBA-reglane), og vi har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Anna informasjon

Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarlege for annan informasjon. Annan informasjon består av årsmeldinga.Vår konklusjon om årsrekneskapen ovanfor dekkjer ikkje annan informasjon. I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det oppgåva vår å lese annan informasjon identifisert ovanfor for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom denne og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om den tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon. Vi har plikt til å rapportere dersom annan informasjon framstår som vesentleg feil. Vi har ingenting å rapportere i så måte.

Konklusjon om årsmeldinga

Basert på kunnskapen vi har opparbeida oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga
- er konsistent med årsrekneskapen og
- inneheld dei opplysningar som skal givast i tråd med gjeldande lovkrav.

Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen

Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at det gjev eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg. Leiinga er óg ansvarleg for slik intern kontroll som den finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil.

Ved utarbeidinga av årsrekneskapen må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til vidare drift og opplyse om forhold av betyding for vidare drift. Føresetnaden om vidare drift skal leggjast til grunn for årsrekneskapen, så lenge det ikkje er sannsynleg at verksemda vil bli avvikla.

Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen

Vårt mål er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av sikkerheit, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil. Feilinformasjon er å anse som vesentleg dersom den, enkeltvis eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke dei økonomiske avgjerdene som brukarane tar på grunnlag av årsrekneskapen.

For vidare beskriving/omtale av revisor sine oppgåver og plikter visast det til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger

Bergen, 30. mars 2023

BDO AS

Solveig Bø Dalstø

Statsautorisert revisor

Revisor melding i pdf format