Lastar innhald...

Årsmelding 2021

Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen er på Heiane, i Stord kommune.

abonnentar 48673 abonnentar

Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Innbyggjarar: 61 055
Hushaldsabonnentar: 27 234
Hytte abonnentar: 8 286
Abonnentar som heimekomposterer: 3 078
Abonnentar med slamavskiljar: 13 153
Kilo avfall per innbyggjar 2021: 461 kg

SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 61 055 innbyggjarane og 8 286 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir- plastemballasje. glas og metallemballsje - og restavfall.

Administrasjonen held til på Heiane i Stord kommune, der selskapet har administrasjonsbygg, miljøsentral og omlasteanlegg. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. I Svartasmoget, Fitjar kommune, har selskapet kompostanlegg og deponi. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja til rette for at ressursane i avfallet vert nytta.

§ 4 Føremål

  1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.
  2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
  3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar når det gjeld gjenvinning.
  4. Å bidra til miljøtiltak i eigarkommunane.
  5. Selskapet har ikkje erverv til føremål.

§ 5 Selskapet sine oppgåver:

  1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
  2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
  3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
  4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.

Representantskap, styre og administrasjon

Medlemskommunar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Representantskap
23 medlemmar

Leiar:
Ordførar i Fitjar

Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.

Leiar:
Solveig Grønsdal (Stord)

Administrasjon og hovudanlegg
Heiane, Stord

Dagleg leiar:
Ole Johannes Støle

Organisering

Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.

Representantskap

Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 23 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 6, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eit møte i 2021 (30. april) og handsama 13 saker.

Styre

Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde sju møter i 2021.

Styret i SIM 2021

Solveig Grønsdal

Styreleiar

Elisabeth Sandven

Nestleiar

Edvard Johannes Stangeland

Styremedlem

Lisa Instefjord Gilje

Styremedlem

Inge Reidar Kallevåg

Styremedlem

John Kristian Økland

Styremedlem

Marit Årthun

Styremedlem

Frank Verpelstad

Styremedlem

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Dagleg leiar

«Siste året har SIM forbetra sine rutinar for revisjonar av våre avtalepartar. Dette vil i endå større grad sikre oss at arbeidet vert utført som avtalt og at gjeldande regelverk vert fylgt.»

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

 

 

 

 

 

Sikkerheit fyrst

Dette var året me igjen fekk ein skikkeleg vinter. Vekevis med kulde og snødekke førte til at sjåførane som hentar hushaldsavfallet fekk ekstra lange og krevjande dagar. Enkelte kundar opplevde at dunken ikkje vart tømt dei glattaste dagane. Vegen vart ikkje vurdert til å vere i forsvarleg stand til at bilane kunne køyre trygt fram. At tilsette vurderer helse, miljø og sikkerheit som høgaste prioritet er ein kultur me ynskjer å ta vare på. Gode rutinar for oppfylging og dialog med våre samarbeidspartnarar bidreg og til same fokuset hos alle som er engasjert på vegne av SIM.

Den kalde vinteren resulterte i ein roleg start på året for miljøsentralane. 22 % nedgang i besøkstala dei to fyrste månadane, gjenspeilar temperaturen og køyreforholda i byrjinga av året. Dette tok seg etter kvart kraftig opp, og året enda med 81 042 besøkande som er høgaste nokon gong!

Viktigare rolle i arbeidet mot eit sirkulært samfunn

Forventningane samfunnet har til gjenvinningsbransjen som ein sentral aktør mot eit meir sirkulært samfunn er aukande, også til SIM. Dette set krav til at verksemda held seg orientert, føl med på og er omstillingsviljug til nye og meir miljøvenlege løysingar. SIM har stor nytte av eit aktivt medlemskap i Avfall Norge, Kommunale Avfallsbedrifter Vestlandet og i Samfunnsbedriftene.

Godt samarbeid med andre små og store gjenvinningsverksemder sikrar oss kunnskap om spennande innovative prosjekt, erfaringsdeling og moglegheit til å ta del i større prosjekt der ein som enkeltselskap vert for liten.

I haust var leiinga på strategitur til Danmark, her vitja ein blant anna ein døgnopen sjølvbetjent miljøsentral og eit spennande konsept der ein kombinerte ombruksbutikk med reperasjon og undervisning. Dette var inspirerande, og ein vil gjennomføre ulike prosjekt framover for å vurderer i kva grad ein vil overføre noko av dette til SIM.

Drift og fagleg utvikling

Den daglege drifta til SIM har i liten grad vore påverka av pandemien dette året. Få tilsette har vore smitta samstundes, og både me og våre samarbeidspartnarar har fått utført alle renovasjonstenestene til innbyggjarane. Tenester som undervisning for skuleklassar og «Godt brukande» har i periodar vore redusert pga. restriksjonar. Strenge karantenereglar har og gjort risikoen for stor til at ein har våga å samla alle tilsette på personalmøter og sosiale tilstellingar. I periodar har store delar av administrasjonen måtte jobba på heimekontor, og kurs og opplæringstilbodet for tilsette har vore redusert. Digitale versjonar klarar ikkje fult ut og erstatte dei fysiske møteplassane og ein ser fram til å i større grad kunne oppdatere seg fagleg og få inspirasjon frå andre i bransjen gjennom fysiske samlingar. På trass av spesielle tider kan verksemda glede seg over at ytterlegare 2 personar har teke fagbrev i gjenvinningsfaget dette året. Heile 11 tilsette har no eit relevant fagbrev.

Siste året har SIM forbetra sine rutinar for revisjonar av våre avtalepartar. Dette vil i endå større grad sikre oss at arbeidet vert utført som avtalt og at gjeldande regelverk vert fylgt. Også internt har ein revidert og utbetra rutinane for revisjonar av eiga drift. God oppfylging av intern og ekstern drift er ein av grunnsteinane for vidare utvikling og forbetring av drifta.

Eg vil rette ein stor takk til alle tilsette i SIM som sørgjer for at me leverer gode tenester til innbyggjarane. Takk til kundar, samarbeidspartnarar og eigarkommunar for godt samarbeid.

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Tilsette

Ole Johannes Støle - Dagleg leiar

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Lars Halleraker - Driftleiar miljøsentralar

Lars Halleraker

Driftleiar miljøsentralar

Arild Vik - Driftsleiar innsamling

Arild Vik

Driftsleiar innsamling

Malvin Helland Andahl - Driftsleiar slutthandsaming

Malvin Helland Andahl

Driftsleiar slutthandsaming

Janne Hillersøy - Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Janne Hillersøy

Plan, innkjøp og kommunikasjons-ansvarleg

Morten Fadnes - Administrasjons- og økonomileiar

Morten Fadnes

Administrasjons- og økonomileiar

Tilsette

Trude Vedå - Økonomi og administrasjonsansvarleg

Trude Vedå

Økonomi og administrasjons-ansvarleg
Vararepresentant for dei tilsette i styret

Sissel Lønning - Kundehandsamar, 80 % stilling

Sissel Lønning

Kundehandsamar
80 % stilling

Trine Tverborgvik - Kundehandsamar

Trine Tverborgvik

Kundehandsamar

Olaf Skram - Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Olaf Skram

Formann / kundehandsamar miljøsentral Heiane

Linn Jeanett Økland - Kundehandsamar, 80 % stilling

Linn Jeanett Økland

Kundehandsamar
80 % stilling

Helge Hope - Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 60 % stilling

Helge Hope

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
60 % stilling

Tilsette

Kjell Bolme - Operatør omlastehall, Heiane

Kjell Bolme

Operatør omlastehall, Heiane

Thom Arne Fredriksen - Operatør omlastehall

Thom Arne Fredriksen

Operatør omlastehall

Einar Breivik - Operatør kompost

Einar Breivik

Operatør kompost

Kjell Frode Hole - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll, 54 % stilling

Kjell Frode Hole

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll
54 % stilling

Bjarte Notnes - Kundehandsamar, 50 & stilling

Bjarte Notnes

Kundehandsamar
50 % stilling

Jostein Johannessen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Jostein Johannessen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Tilsette

Frank Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Frank Verpelstad

Kundehandsamar miljøsentral Heiane
Tilsettesrepresentant i styret i SIM

Bjørn Leon Vestbøstad - Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Bjørn Leon Vestbøstad

Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Sammy Sagvaag - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Sammy Sagvaag

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Oscar Langballe - Formann / kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Oscar Langballe

Formann / kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Lars Miles Storaas - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Lars Miles Storaas

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Inge Mikal Helland - Kundehandsamar miljøsentreal Tysnes, 68 % stilling

Inge Mikal Helland

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
68 % stilling

Tilsette

Aimar Hansen - Kundehandsamar miljøsentral Heiane og Sveio

Aimar Hansen

Kundehandsamar miljøsentral Heiane og Sveio

Kurt Harry Dahl - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kurt Harry Dahl

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Gry Kristin Karlson - Kundehandsamar miljøentral Sveio, 53 % stilling

Gry Kristin Karlson

Kundehandsamar miljøentral Sveio
53 % stilling

Einar Wierdal - Kundehandsamar miljøsentral Sveio t.o.m 31.05, 60 % stilling

Einar Wierdal

Kundehandsamar miljøsentral Sveio t.o.m 31.05
60 % stilling

Stian Selle - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 7 % stilling

Stian Selle

Kundehandsamar miljøsentral Stord.
7 % stilling

Eirik Vedå Halvorsen - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 7 % stilling

Eirik Vedå Halvorsen

Kundehandsamar miljøsentral Stord.
7 % stilling

Tilsette

Håvard Holmedal - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 7 % stilling

Håvard Holmedal

Kundehandsamar miljøsentral Stord.
7 % stilling

Stian Selle - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo, f.o.m, 01.05., 7 % stilling

Victoria Halleraker

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo, t.o.m. 31.8.21.
7 % stilling

Stian Selle - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad, f.o.m. 01.05.21., 7 % stilling

Kenneth Fjelland

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad, f.o.m. 01.05.21.
7 % stilling

Styret si årsmelding

Driftsaktivitet

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall og tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundemålingar viser at kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga. Selskapet har ingen pågåande forsknings- eller utviklingsaktivitetar.

Sunnhordland

Økonomi

I 2021 hadde SIM ei inntekt på 121 millionar kroner. Resultatet til selskapet var på 1,4 millionar kroner. SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte, og for å driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet skal årleg vurdera kva som er nødvendige avsetjingar for å dekke framtidige kostnader. Det er ikkje sett av ekstra midlar til fondet i 2021 og i rekneskapen står fondet med 65,5 millionar kroner. Selskapet hadde eit overskot på kommunalt avfall på 9 millionar kroner, som er tilført renovasjonsfondet. Fondet er ved slutten av året på 5,6 millionar kroner.

Slamtømeaktivitetane hadde eit overskot på 0,3 millionar kroner. Overskotet blir tilført slamfondet som ved årsskiftet var på 1,1 millionar kroner. Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter.

Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen gjev eit rett bilete av selskapet sine eigneluter og gjeld, finansiell stilling og resultat.

Finansiell risiko

SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.

Arbeidsmiljø og personale

Ved utgangen av 2021 var det 25,32 årsverk i SIM, delt på 31 tilsette. Seks av dei tilsette var kvinner og 25 var menn, av desse er det ingen midlertidig tilsette. Det er teke ut 24 veker foreldrepermisjon av menn. Tre kvinner og 8 menn var i deltidsarbeid og det er ei overvekt av tilsette som er i friviljug deltidsstiling. Det er i tillegg ein lærling i selskapet. Selskapet har to grupper lønskategoriar. Gruppe 1 som omfattar kundehandsamera og operatørar, og gruppe 2 som omfattar leiargruppa og rådgjevar. Av den totale arbeidsstokken er det 19 % kvinner. 17% av gruppe 1 og 29 % av gruppe 2 er kvinner. Snittløna til kvinnene samla for gruppe 1 og 2 er 4% høgare enn snittløna til mannlige tilsette. I gruppe 1 er gjennomsnittsløna for kvinnene 7,7% høgare enn for mannlige tilsette. i gruppe 2 er snittløna til mennene 9,1 % høgare enn kvinnene si snittløn. Løn til dagleg leiar er teken med i statistikken for gruppe 2. Alle løner er omgjort til fulle stillingar. Stillingar med samme ansiennitet, og stillingar med samme ansvar har lik løn, uavhengig av kjønn.

Selskapet arbeidar aktivt for at det skal vera likestilling mellom menn og kvinner på arbeidsplassen. Renovasjonsbransjen har tradisjonelt vore mannsdominert, men ein ser at fleire kvinner søkjer seg til bransjen.

Sjukefråværet var på 3,0 %. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styret er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve.

Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova. Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er òg søkt utforma med tanke på universell utforming. Selskapet arbeider i personalsamanheng aktivt for å motverka diskriminering, sær-handsaming, trakassering og forskjellshandsaming i strid med lov om likestilling mellom kjønna. Selskapet har ikkje sett i verk spesielle tiltak.

Ytre miljø

Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovudsakleg som fylgje av at nedbør vaskar ut dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmoget. Det er etablert reinseanlegg for å redusera utsleppa ytterlegare, og det er etablert anlegg for handsaming av metangass frå deponiet. Analyser viser at det er låge nivå av jern, tungmetall og organiske miljøgifter i sigevatn frå deponiet. Det kan til dels tilskrivast effekten av reinseanlegget som har god reinseffekt for jern. Noko som òg medfører reinsing av tungmetall og organiske miljøgifter. For olje og aromatiske løysemiddel var det ikkje kvantifiserbare mengder i sigevatnet i 2021.

Framtida

SIM vil halde fram med å leggja til rette for gode sorteringsordningar. Dei siste åra har ein etablert to nye henteordningar, og ein ser at stadig nye krav til bransjen vil føre til nye ordningar. Selskapet har i den samanheng alltid fokus på tilrettelegging av miljørette avfallsløysingar, sett opp mot kost/nytte. Miljøsentralane er òg eit tilbod selskapet har fokus på. Desse er godt besøkte og ein ventar vekst i tråd med tidlegare års statstikk. Styret kjenner seg trygg på at SIM framover er eit selskap som gjev innbyggjarane miljørette og gode renovasjonsordningar, med auka fokus på materialgjenvinning.

Stord, 11. mars 2022.

Solveig Grønsdal

Styreleiar

Elisabeth Sandven

Nestleiar

Edvard Johannes Stangeland

Styremedlem

Lisa Instefjord Gilje

Styremedlem

Inge Reidar Kallevåg

Styremedlem

John Kristian Økland

Styremedlem

Marit Årthun

Styremedlem

Frank Verpelstad

Styremedlem

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Ditt avfall

 

 

 

 

 

 

 

Avfallsmengder

Mengda av innsamla hushaldsavfall på renovasjonsrutene hadde ein nedgong frå 2020 til 2021. Det same gjaldt mengda innsamla hytteavfall. Innsamla næringsavfall på renovasjonsrutene hadde ein auke, det same gjaldt besøka på miljøsentralane.

Samanlikna med talet på kundar vart det i 2021 registrert svært få klager.

ikon-avfallsmengde 58521 tonn

Totale avfallsmengder i 2021.

Samla avfallsmengder som SIM tek hand om

Til saman 58 521 tonn

Hushaldsavfall

Hentefraksjonane (rest, bio, plast, papir og glas-/metallembalasje) hadde ein nedgong på 2 % frå 2020 til 2021. Totalt hadde mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein nedgong på 5 %. For den nye henteordninga med glas- og metallemballasje var innsamla mengder 948 tonn.

Kvar innbyggjar leverte 461 kg avfall i 2021. Totalt tok SIM hand om 28 162 tonn frå hushaldningane. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.

Mengder hushaldsavfall

Samla mengde hushaldsavfall i tonn

Avfall henta heime hos folk (medrekna hytteavfall)

Til saman: 15 711 tonn

Attvinning (Hushald)

Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane minka med 2 % frå 2020 til 2021. Innsamla mengder i 2021 var 15 723 tonn. Totalt mottok SIM 28 162 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland. 95 % av det som vart samla inn vart sendt til attvinning. Attvinningsprosenten har auka mykje sidan 2003, som var det året SIM starta med å senda avfall til attvinning. Då var attvinningsprosenten på 48 %.

38 % av hushaldsavfallet vart sendt til materialgjenvinning. Målet er at ein skal vera over landsgjennomsnittet på 41 %, og deretter nå EU-måla.

Hushaldsavfall til attvinning

Til saman: 26 730 tonn

Hytterenovasjon

Det vert stadig bygd nye hytter i SIM-kommunane, og ordninga for hytterenovasjon er under kontinuerleg utvikling. Nye konteinarstader kjem til og kapasiteten på eksisterande lokalitetar vert auka. I 2021 var det tøming av hyttekonteinera to gonger per. veke i heile juli og halve august, mot normalt éin gong i veka i sommarhalvåret.

SIM si ordning for hytteabonnentar er hyttekonteinera, konteinera for glas- og metallemballasje og/eller hyttedunk. Hyttekundar kan sortere avfall ved og bestille vanleg tre-dunk system som hushaldsabonnentane har. I tillegg kan dei levera avfall på våre miljøsentralar.

Deponi

I 2021 vart det levert 16 441 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein nedgong på 49 % frå året før. Av motteke tonn er 830 av desse reine massar. Noko av dette er allereie brukt til celledeling og tildekking.

Ein har no i hovudsak skilt ut plastprodukt som ikkje kan gjenvinnast frå ordinèr deponicelle til eiga celle, Denne fraksjonen er sett høgare pris på og difor har ein fått mindre/ikkje avvik på desse leveransane. Ved å skilje dette frå hovudcella reduserer me brannfaren på begge plassar og gjer det enklare og avdekka avvik med mottakskontroll. Det er oppdaga ein liten lekkasje i eit røyr under deponiet som sigevatnet treng seg inn i. Ein føl med på utviklinga av denne ved prøvetaking slik at ein kan vurdere vidare tiltak. Lekkasjen forureinar i liten grad.

Mengder til deponi

Mengder levert til deponi 16 441 tonn

Slamtømming

I 2021 henta SIM slam frå heilårsbustadar i Bømlo og Sveio, og frå heilårsbustadar/fritidsbustadar i Kvinnherad. Året har vore noko prega av pandemien. Tenesta til SIM er rekna som samfunnskritiske oppgåver. Pandemien har likevel ikkje gått ut over tømmejobben anna enn små forseinkingar på det verste. Totalt vart det utført 4803 ordinære tømmingar og 241 naudtømmingar i 2021.

Hushaldsavfall

Avfallsmengda har vore høg også i 2021. Også frå kommunale bygg har avfallsmengda auka grunna utvida bruk av eingongsklede, testutstyr og liknande. Transportøren har opplevd smitte blant dei tilsette, men smitten har heldigvis spreidd seg over tid og ein har unngått å måtte setje i verk naudplanar eller tiltak. SIM opplever utfordringar knytta til fleire nye avfallsposar som vert selde som komposterbare. Slike posar inneheld spor av plast og kan ikkje komposterast/brytast ned til mold. Feil posar i bioavfallet fører til meir arbeid og auka kostnadar for selskapet. SIM nyttar alle informasjonskanalar og mykje tid på enkeltkundar for å få dei til å nytta rett merka maisposar som er godkjent til kompost.

Renovasjonsbilane hentar/tømmer ca.100 000 dunkar pr. mnd, men har likevel svært få avvik knytt til henting. Ein opplever å ha ein stabil sjåførstab og veldig lågt sjukefråvær.

Vårt samfunn

 

 

 

 

 

 

 

Eit reinare Sunnhordland

SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.

Ryddig sunnhordland

Rydd Sunnhordland

Ingen velforeiningar søkte om å rydda i nærmiljøet i 2021. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt. Årsaka til at det var så få som søkte i år kan vera fleire. Den eine kan skuldast Covid-19, den andre kan vera at fleire lag - og organisasjonar vender seg mot strandrydding i stadenfor å rydde i nærmiljøet.

Ryddeaksjonar

-->

* Starta opp i 2014

Rydd ei strand

SIM ynskjer å få i gong rydding av strender som ingen offentlege instansar har ryddeansvar for. SIM bidrog til at 27 slike aksjonar resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland.

Meld frå om forureining

SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i over 200 saker.

Informasjon

SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling.

SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, miljøsentralar, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2021.

I vår digitale tidsalder ser ein at det stadig dukkar opp nye måtar og nå innbyggjarane på. SIM er medviten si rolle både med tanke på å vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.

Skuleprosjektet

I 2021 var det færre skuleelevar og lærarar hjå SIM enn det plar vera. Våre skulebesøk våren 2021 vart avlyste på grunn av Covid-19. Hausten 2021 var 16 klassar på besøk for å læra om kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling. Fire klassar måtte avlyse sine besøk grunna Covid 19. SIM betalar reisa for skuleklassane.

SIM sitt miljøfond

I 2014 selde SIM dotterselskapet SIM Næring. Det vart vedteke i representantskapet at ein skulle opprette eit miljøfond og plassere overskotet frå salet der. Fondet sin verdi er ved utgangen av 2020 om lag 47,8 millionar kroner. SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av. Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes: lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar. Styret i SIM set opp prioritert liste over tildeling av midlar. Representantskapet handsamar tildelinga som eiga sak på representantskapsmøtet. I 2021 fekk 25 søkjarar innvilga støtte frå fondet. Totalt vart det delt ut 3 680 533 kroner.

Andre tilskotsordningar

10 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve litt tilskot til loppemarknadar og gjenbruksbutikkar.

Miljøsentralar

 

 

 

 

 

 

 

Kundar og avfall i 2021

I 2021 var det 81 042 vitjingar ved dei sju miljøsentralane våre. Kundane leverte 15 071 tonn avfall og totalt kom 44 % av hushaldsavfallet inn via miljøsentralane. Selskapet fokuserer på farleg avfall og stadig fleire avfallstypar vert definert som farleg avfall. Skjerpa krav til drift av anlegg som skal ta i mot farleg avfall fører til auka kostnader.

Selskapet har godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall gjennom våre miljøsentralar. Om lag 5 % av avfallet selskapet tek i mot frå hushald er farleg avfall. Dette avfallet kjem inn via miljøsentralane. Selskapet har i tillegg ryddetiltak som i mange tilfelle fører til opprydding av slikt avfall i naturen. I 2021 tok SIM i mot 1327 tonn farleg avfall frå hushald.

Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, resten er dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringsdrivande skal betale fulle kostnader.

Kundar

81042

Tal på kundar i 2021

Vitjingar i 2021

SIM sine miljøsentralar hadde ein auke i besøkstalet på 0,5 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen hadde ein nedgong på 13,6 % frå 2020. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein tredjedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

kundar-prosent 0,5 %

fleire vitjingar i 2021.

Kundar ved SIM sine miljøsentralar

Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2021 var 81 042 personar

Mengder hushaldsavfall

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2021 var 12 294 tonn

Farleg avfall

Kvar innbyggjar leverte om lag 22 kg farleg avfall i 2021

Kompostanlegg

Komposteringsanlegget tok imot 3 413 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 3 106 tonn frå næringskundar. I tillegg tok ein i mot 2 421 tonn avvatna slam frå SIM-kommunar og 1834 tonn slam frå næringskundar. Ein har og teke mot 789 tonn reint trevirke og 4 099 tonn hageavfall frå hushald og næring. Komposten som blir produsert i Svartasmoget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2021 var kr 450 kr per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.34 millionar kroner eks. mva.

Totalt vart det handsama 15 570 tonn i komposteringsanlegget i 2021.

 

 

 

Mengder til kompostering

15 570 tonn i 2021

Selde mengder kompost

4 095 tonn i 2021

Gjennvinning

 

 

 

 

 

 

 

Avfallspyramiden

Afallspyramiden

Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.

Ombruk

Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.

Materialgjenvinning

Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.

Energiutnytting

Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2021 vart 95 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.

38 % av avfallet vart sendt til materialgjenvinning.

Heimekompostering

11 prosent av abonnentane komposterer bioavfallet sitt heime, om lag som i 2021. Totalt er det 2727 registrerte bingar. I tillegg kjem 351 kundar som deler binge med andre. Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Om kvar innbyggjar produserer 90 kilo bioavfall i året, vart det i 2021 heimekompostert 693 tonn avfall.

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.

Renovasjonsgebyr - dunkar

Kommunalt abonnementsgebyr for hus i 2021

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement hushald i 2021

Tall i kr inkludert meirverdiavgift — Inkludert kunden sitt val av dunkløysning

Renovasjonsgebyr fritidsbustad 2021

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Slamtømmegebyr for heilårshus i 2021

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Dette går gebyret til

Rekna ut frå eit snittgebyr på 2 575 kroner i 2021

Etterkalkulasjon sjølvkostområder

Kommunane og sjølvkost

Avfallsgebyret skal fastsetjast slik at det svarar til dei totale kostnadane kommunen vert påført ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning. Kommunen skal ikkje ha forteneste på slik avfallshandtering, berre kostnader ved, og inntekter frå lovpålagt handtering av hushaldsavfallet skal inngå i berekning av avfallsgebyret.

For sjølvkostområda renovasjon og slamtøming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvskostområde i kommunen. Kommunane har kostnadar med desse tenestene i tillegg til dei som SIM belastar sjølvkostområda.

På oppdrag frå kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar og Kvinnherad utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).

SIM og sjølvkost

Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtøming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.

For 2021 viser rekneskapen slikt resultat: Hushaldsrenovasjon Slamtømming
Inntekter kr 75 391 864 kr 10 161 480
Kostnader kr -66 359 745 kr - 9 933 261
Årsresultat kr 9 032 118 kr 228 218
Renter kr 3 210
Fond ib 01.01.21 kr -3 456 646 kr 867 860
Fond ub 31.12.21 kr 5 575 472 kr 1 099 288

Hushaldsrenovasjon og slamtømming

Hushaldsrenovasjon Slamtøming
% KR % KR
Austevoll 9,45 527 126 17,31 190 225
Bømlo 18,96 1 057 007 23,14 254 366
Fitjar 5,28 294 260 5,36 58 873
Kvinnherad 21,77 1 213 821 22,06 242 476
Stord 27,16 1 514 477 4,23 46 483
Sveio 10,56 588 519 16,22 178 281
Tysnes 6,82 380 263 11,69 128 555
Totalt 100 5 575 472 100 1 099 289

Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*

*(fordelt etter abonnentar per kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)

SIM sin praksis for 2020

Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.

SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».

Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.

Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.

Melding frå uavhengig revisor

Til representantskapet i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Konklusjon

Vi har revidert årsrekneskapen til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS.

Årsrekneskapen består av:

  • Balanse per 31. desember 2021
  • Resultatrekneskap for 2021
  • Oppstilling over kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per 31. desember 2021
  • Notar til årsrekneskapen, inklusive eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.

Etter vår meining:

  • Oppfyller årsrekneskapen gjeldande lovkrav, og
  • Gjev årsrekneskapen eit rettvisande bilete av den finansielle stillinga i selskapet per per 31. desember 2021, og av resultata og kontantstraumane for rekneskapsåret avslutta per denne datoen, i samsvar med reglane i rekneskapslova og god rekneskapsskikk i Norge.

Grunnlag for konklusjonen

Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med dei internasjonale revisjonsstandardane International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet, slik det er krav om i lov, forskrift og International Code of Ethics for Professional Accountants (inklusive dei internasjonale standardane om habilitet), utgjeve av the International Ethics Standards Board for Accountants (IESBA-reglane), og vi har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Anna informasjon

Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for annan informasjon. Annan informasjon består av årsmeldinga. Vår konklusjon om årsrekneskapen ovanfor dekkjer ikkje annan informasjon. l samband med revisjonen av årsrekneskapen er det oppgåva vår å lese annan informasjon identifisert ovanfor for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom denne og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om den tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon. Vi har plikt til å rapportere dersom annan informasjon framstår som vesentleg feil. Vi har ingenting å rapportere i så måte.

Konklusjon om årsmeldinga

Basert på kunnskapen vi har opparbeida oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga
- er konsistent med årsrekneskapen og
- inneheld dei opplysningar som skal givast i tråd med gjeldande lovkrav.

Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen

Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at det gjev eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Norge. Leiinga er også ansvarleg for slik intern kontroll som den finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil.

Ved utarbeidinga av årsrekneskapen må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til vidare drift og opplyse om forhold av betydning for vidare drift. Føresetnaden om vidare drift skal leggjast til grunn for årsrekneskapen, så lenge det ikkje er sannsynleg at verksemda vil bli avvikla.

Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen

Vårt mål er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av sikkerheit, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil. Feilinformasjon blir vurdert som vesentleg dersom den, enkeltvis eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke økonomiske avgjerder som brukarane tar basert på årsrekneskapen.

For vidare beskriving/omtale av revisor sine oppgåver og plikter visast det til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger

Bergen, 31. mars 2022

BDO AS

Solveig Bø Dalstø

Statsautorisert revisor

Revisor melding i pdf format