Lastar innhald...

Årsmelding 2015

Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen ligg i Svartasmåget i Fitjar kommune.

abonnentar 44 445 abonnentar

Innbyggjarar: 60 472
Hushaldsabonnentar: 25 497
Hytte abonnentar: 7 709
Abonnentar som heimekomposterer: 3 356
Abonnentar med slamavskiljar: 11 239
Kilo avfall per innbyggjar 2015: 468 kg

SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 60 472 innbyggjarane og 7 709 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir- og restavfall.

I Svartasmåget er det administrasjonsbygg, deponi og komposteringsanlegg. På Heiane, i Stord kommune, har selskapet omlastehall. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja tilrette for at ressursane i avfallet vert nytta.

§ 4 Føremål

  1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.
  2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
  3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljørettaløysingar når det gjeld gjenvinning.
  4. Selskapet har ikkje erverv til føremål.

§ 5 Selskapet sine oppgåver:

  1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
  2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
  3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
  4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.

Representantskap, styre og administrasjon

Medlemskommunar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Representantskap
24 medlemmar

Leiar:
Liv Kari Eskeland, (ordførar i Stord) og Morten Storebø (ordførar i Austevoll)

Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.

Leiar:
Reidunn Aasheim, Stord

Administrasjon og hovudanlegg
Svartasmåget, Fitjar.

Dagleg Leiar:
Terje Gilje

Organisering

Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.

Representantskap

Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 24 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 7, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eitt møte i 2015 (29. april) og handsama 13 saker.

Styre

Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde åtte møte i 2015.

Styret i SIM.

Reidunn Aasheim

Leiar

Rune Sandvik

Nestleiar

Edvard Stangeland

Styremedlem

Elisabeth Sandven

Styremedlem

Hein Schaug

Styremedlem

Jorun Skåden

Styremedlem

Jostein Grov

Styremedlem

Kjell Egil Hollund

Tilsette representant

Avfall som ressursar

Avfall har vore omtala som ressursar i mange år, og EU sin plan for den sirkulære økonomien vil nok leggja sterkare føringar i den retning.

Signatur Terje Gilje

Terje Gilje

Dagleg leiar

Avfall har vore omtala som ressursar i mange år og EU sin plan for den sirkulære økonomien vil nok leggja sterkare føringar i den retning. For SIM sitt vedkommande betyr det at me skal halde fram arbeidet med å ha fokus på gode miljørette løysingar for innbyggjarane i Sunnhordland, til rett kostnad.

I arbeidet har ein gjennom mange år lagt tilrette for at våre kundar kan opptre miljørett. Selskapet har miljøsentral i alle kommunane, og fjoråret var nok eit rekordår for besøkstalet ved miljøsentralane. Over 66 tusen var innom ein miljøsentral i 2015. Det viser at dette er eit godt, og nyttig tilbod. Hausten 2016 opnar ny miljøsentral på Bømlo, slik at ein der vil få ein moderne sentral som har kapasitet til å ta imot den venta auken i både besøk og mengder.

2015 var eit år med drift på det jamne. Kundeundersøkingar viser at innbyggjarane er nøgde med tenestene, men selskapet har alltid fokus på utvikling og forbetring. Avfallsbransjen er ein bransje der det stadig skjer endringar som ein lyt tilpasse seg. Og ein lyt alltid vurdere eksisterande ordningar opp mot eventuelle nye ordningar, for at ein skal nå målsetjingane ein har sett seg både for miljøet og kundane. Erfaringar selskapet har gjort seg med Fitjarprosjektet, der ein hentar emballasjeplast og tekstilar er eit eksempel på ei ordning som har gjeve gode resultat, Ved neste anbodsrunde må ein vurdere om ein skal innøre ordninga i alle kommunane. Vurderinga ein alltid må ta er at ved innføring av nye ordningar aukar kostnadane.

Drift av deponiet og komposteringsanlegget går bra. Selskapet har trong for utviding av komposteringsanlegget for å leggje tilrette for at ein kan ta i mot større mengder. Hausten 2015 starta selskapet å byggje nytt renseanlegg på deponiet, eit anlegg som skal stå klart våren 2016. I tillegg har ein hatt fokus på ei rekkje haldningsskapande aktivitetar, mellom anna hadde selskapet ein eigen kampanje knytt til “Friluftslivets år”, då med rein natur som fokus. Ein har tru på at haldningsskapande arbeid er eit viktig ledd for å få innbyggarane til å gjera det rette. SIM sine ryddeaksjonar har alltid vore populære. Selskapet har aktivt lagt tilrette for rydding sidan, 2008, og i fjor fekk selskapet ei ekstraløyving på 350 000 frå Miljødirektoratet. Noko ein ser på som eit prov på at dette arbeidet er prioritert og viktig for samfunnet.

SIM sine tilsette er dyktige og har eit ynskje om å gjera ein god jobb for innbyggjarane og selskapet. Selskapet og dei tilsette er rusta til å møta nye utfordringar i ein bransje som stadig er i endring. Takk til alle medlemskommunar, kundar, samarbeidspartnarar og tilsette for godt samarbeid i 2015.

Signatur Terje Gilje

Terje Gilje

Dagleg leiar

Tilsette

Terje Gilje - Dagleg leiar

Terje Gilje

Dagleg leiar

Kjell Egil Hollund - Driftsleiar innsamling og kommunal drift

Kjell Egil Hollund

Driftsleiar innsamling og kommunal drift

Representant for tilsette i styret

Jan Rolf Bekkevold - Driftsleiar slutthandsaming av avfall

Jan Rolf Bekkevold

Driftsleiar slutthandsaming av avfall

Trude Vedå - Personal og økonomi

Trude Vedå

Personal og økonomi

Janne Hillersøy - Plan innkjøp og kommunikasjon

Janne Hillersøy

Plan innkjøp og kommunikasjon

Tilsette

Arild Vik - Rådgjevar

Arild Vik

Rådgjevar

Vara representant for tilsette i styret

Sissel Lønning - Kundehandsamar

Sissel Lønning

Kundehandsamar

Trine Tverborgvik - Kundehandsamar

Trine Tverborgvik

Kundehandsamar

Einar Breivik - Operatør kompost

Einar Breivik

Operatør kompost

Olaf Skram - Kundehandsamar miljøsentral/Operatør

Olaf Skram

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Tilsette

Oscar Langballe - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Oscar Langballe

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Kjell Bolme - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kjell Bolme

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Jostein Johannessen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Jostein Johannessen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Inge Mikal Helland - Kundehandsamar miljøsentreal Tysnes

Inge Mikal Helland

Kundehandsamar miljøsentreal Tysnes

Einar Wierdal - Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Einar Wierdal

Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Tilsette

Kjell Frode Hole - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll

Kjell Frode Hole

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll

Aimar Hansen - Kundehandsamar miljøsentral Heiane (frå mai 2015)

Aimar Hansen

Kundehandsamar miljøsentral Heiane (frå mai 2015)

Anja Stokkenes - Kundehandsamar miljøsentral Fitjar (frå juli 2015)

Anja Stokkenes

Kundehandsamar miljøsentral Fitjar (frå juli 2015)

Lars Miles Storaas - Kundehandsamar Kvinnherad (frå juli 2015)

Lars Miles Storaas

Kundehandsamar Kvinnherad (frå juli 2015)

Helge Sæterbø - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Helge Sæterbø

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Tilsette

Svein Kvernenes - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad (til juni 2015)

Svein Kvernenes

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad (til juni 2015)

Linn Jeanett Økland - Kundehandsamar

Linn Jeanett Økland

Kundehandsamar (til oktober 2015)

Kristoffer Vik - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kristoffer Vik

Kundehandsamar miljøsentral Svartasmoget (til mai 2015)

Styret si årsmelding

Den mest effektive måten å få redusert avfallsmengda er gjennom bevisstgjering av oss som forbrukarar. Me treng jamnleg ei påminning om konsekvenser av våre haldningar og handlingar.

Signatur Reidunn Aasheim

Reidunn Aasheim

Styreleiar

Driftsaktivitet

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall, tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Selskapet sin administrasjon ligg i Fitjar kommune, aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga, dersom ein samanliknar talet på klager sett opp mot talet på kundar. Selskapet har ingen pågåande forsknings- eller utviklingsaktivitetar.

Sunnhordland

Økonomi

I 2015 hadde SIM ei inntekt på 81,2 millionar kroner. Resultatet til selskapet var på 2,3 millionar kroner.

SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte, og for å driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet skal årleg vurdera kva som er nødvendige avsetjingar for å dekke framtidige kostnader. Det er ikkje sett av ekstra midlar til fondet i 2015 og i rekneskapen står fondet med 65,6 millionar kroner.

Selskapet hadde eit underskot på kommunalt avfall på 1,8 millionar kroner, som er dekka av renovasjonsfondet. I tillegg er det tilbakebetalt 2,5 millionar kroner til abonnentane, frå fondet. Fondet er ved slutten av året på 7,5 millionar kroner. Slamtømeaktivitetane hadde eit overskot på 0,4 millionar kroner. Overskotet vert tilført slamfondet som ved årsskiftet var på pluss 2,7 millionar kroner. Fonda skal byggjast ned dei næraste åra. Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter.

Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen og konsernrekneskapen gir eit rett bilete av selskapet sine eigneluter og gjeld, finansiell stilling og resultat. Føresetnadene for framleis drift er til stades, og styret stadfestar desse.

Finansiell risiko

SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.

Arbeidsmiljø og personale

Ved utgangen av 2015 var det 19,5 årsverk i SIM. Fem av dei tilsette var kvinner. Sjukefråværet var på 2 %. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styret er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve.

Selskapet har som mål at det skal vera likestilling mellom menn og kvinner på arbeidsplassen. Renovasjonsbransjen har tradisjonelt vore mannsdominert.

Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova. Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er forsøkt utforma med tanke på blinde og svaksynte lesarar. Selskapet arbeider i personalsamanheng aktivt for å motverka diskriminering, særhandsaming, trakassering og forskjellshandsaming i strid med lov om likestelling mellom kjønna.

Ytre miljø

Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovedsakleg som fylgje av at nedbør vaskar ut frå dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmåget. Overflatevatn frå deponiet (oppstrøm) vert leda i tette røyr under deponiet for å hindre utvasking. I tillegg har det dei siste par åra blitt gjort eit omfattande arbeid med å etablere drenering rundt deponiet for å avskjere overflatevatn som elles ville renne inn i deponimassane. Det vert teke prøvar av sigevatnet som vert analysert 4 ganger årlig. Nivåa på dei fleste analyserte komponentane er svært like som dei ein hadde i 2014. Nivå av næringssalt og KOF er moderat samanlikna med tilsvarande deponi. Det vart påvist svært låve nivå av både kvikksølv og kadmium. Blynivået er lågt. Nivå av dei organiske miljøgiftene som er undersøkt er som tidlegare år låge/nesten ikkje registrerte.

Framtida

SIM vil leggja til rette for auka sortering også i framtida. Ein er budd på vekst i besøkstalet på miljøsentralane, og er godt i gong med bygging av ny miljøsentral på Bømlo. Selskapet er i ferd med å byggje reinseanlegg i Svartasmåget og ein har starta av nytt servicebygg med garderobar og undervisningslokale på Heiane, Stord.

Styret kjenner seg trygg på at SIM også i framtida kan gje kundane ei god og kostnadseffektiv renovasjonsordning.

Fitjar, 11. mars 2016.

signatur Reidunn Aasheim

Reidunn Aasheim

Leiar

signatur Edvard Stangeland

Edvard Stangeland

Styremedlem

signatur Elisabeth Sandven

Elisabeth Sandven

Styremedlem

signatur Hein Schaug

Hein Schaug

Styremedlem

signatur Jorun Skåden

Jorun Skåden

Styremedlem

signatur Jostein Grov

Jostein Grov

Styremedlem

signatur Vigdis Røen Leirvik

Vigdis Røen Leirvik

Varamedlem

signatur Terje Gilje

Terje Gilje

Dagleg leiar

Ditt avfall

 

 

 

 

 

Avfallsmengder

Mengda av innsamla hushaldsavfall på renovasjonsrutene hadde ein liten auke frå 2014 til 2015, medan mengda innsamla hytteavfall var nokonlunde den same. Innsamla næringsavfall på renovasjonsrutene hadde ein nedgong i 2015, medan besøka på miljøsentralane auka kraftig i fjoråret.

Samanlikna med talet på kundar vart det i 2015 registrert svært få klager.

ikon-avfallsmengde 47 548 tonn

Totale avfallsmengder i 2015.

Samla avfallsmengder som SIM tek hand om

Til saman 47 548 tonn

Hushaldsavfall

Hentefraksjonane (rest, bio og papir) hadde ein auke på 2,85 % frå 2014 til 2015. Totalt hadde innsamla mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein auke.

Kvar innbyggjar leverte 464 kg avfall i 2015. Totalt tok SIM hand om 28 103 tonn frå hushaldningane. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.

Mengder hushaldsavfall

  • Mengder i tonn

Samla mengde hushaldsavfall i tonn

Avfall henta heime hos folk (medrekna hytteavfall)

Til saman: 15 027 tonn

Attvinning (Hushald)

Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane auka med 2,85 % frå 2014 til 2015. Innsamla mengder i 2015 var 15 548 tonn. Totalt mottok SIM 28 103 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland. 96 % av det som vart samla inn vart sendt til attvinning. Attvinningsprosenten har auka mykje sidan 2003, som var det året SIM starta med å senda avfall til attvinning. Då var attvinningsprosenten på 48 %.

ikon-gjenvinning

96 %

 

Hushaldsavfall til attvinning

Totalt 25 514 tonn

Hytterenovasjon

Det vert stadig bygd nye hytter i SIM-kommunane, og ordninga for hytterenovasjon er under kontinuerleg utvikling. Nye konteinarstader kjem til og kapasiteten på eksisterande lokalitetar vert auka. I 2015 var det tøming av hyttekonteinera to gonger per. veke i heile juli og halve august, mot normalt éin gong i veka i sommarhalvåret.

SIM si ordning for hytteabonnentar er hyttekonteinera og/eller hyttedunk. Hyttekundar kan og bestille vanleg tre-dunk system som hushaldsabonnentane har.

Deponi

I 2015 vart det levert 7 795 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein reduksjon på 3,46 % frå året før. Årsaka til nedgongen er at ein i 2014 tok i mot større mengder frå næringslivet. Den som leverer avfall til deponi skal kontrollera og gå god for at avfallet kan leverast til deponiet, SIM kontrollerer avfallet visuelt før og etter lossing, og sjekkar kvart 100. lass nøgnare. Ved behov vert det teke prøvar av avfallet.

Mengder til deponi

  • Mengder i tonn

Mengder levert til deponi 7 795 tonn

Slamtømming

I 2015 var det tøming av slamavskiljarar for heilårsbustader i Austevoll og tømming for heilårsbustader og fritidshus i Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. SIM har tilbod om tøming av minireinseanlegg og tette tankar som ikkje har nok med ordinær tøming. Selskapet nyttar eit system for sanntidskommunikasjon mellom kontoret i Svartasmåget og slambilane. Totalt vart det tømd 6 580 tankar.

Hushaldsavfall

To firma hentar inn avfall for SIM. Renovasjon Øst AS hentar bos i Austevoll, Kvinnherad og Tysnes, medan Ragn- Sells AS/Retur AS hentar i Bømlo, Fitjar, Stord og Sveio.

Vårt samfunn

 

 

 

Eit reinare Sunnhordland

SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.

Ryddig sunnhordland

Rydd Sunnhordland

53 lokale velforeiningar og lag søkte om å rydda i 2015. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt.

Rydd ei strand

SIM ynskjer å få i gong rydding av strender som ingen offentlege instansar har ryddeansvar for. SIM støtta i 2015 17 slike søknadar, som resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland. I fjor fekk selskapet 350 000 kroner i ekstraløyving frå Miljødirektoratet til strandrydding. Dette resulterte i opprydding i store områder ein ikkje når med dei ordinære ryddeaksjonane.

Meld frå om forureining

SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i 200 saker.

Informasjon

SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling. SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2015.

I vår digitale tidsalder ser ein at det stadig dukkar opp nye måtar og nå innbyggjarane på. SIM er medviten si rolle både med tanke på å vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.

Skuleprosjektet

I 2015 var bortimot 900 skuleelevar og lærarar hjå SIM for å læra om kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling. SIM betalar reisa for skuleklassane.

Andre tilskotsordningar

6 øknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve tilskot til loppemarknadar og gjenbruksbutikkar.

Miljøsentralar

 

 

 

 

 

Kundar i 2015

I 2015 var det om lag 66 500 vitjingar ved dei sju miljøsentralane i 2015. Kundane leverte 14 500 tonn avfall på miljøsentralane. Alt i alt kom 41 % av hushaldsavfallet inn via miljøsentralane. Selskapet fokuserer på farleg avfall og stadig fleire avfallstypar vert definert som farleg avfall. Skjerpa krav til drift av anlegg som skal ta i mot farleg avfall fører til auka kostnader.

Selskapet har godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall gjennom våre miljøsentralar. Om lag 4 % av avfallet selskapet tek i mot frå hushald er farleg avfall og dette avfallet kjem inn via miljøsentralane. Selskapet har i tillegg ryddetiltak som i mange tilfelle fører til opprydding av slikt avfall i naturen. I 2015 tok SIM i mot 1 100 tonn farleg avfall.

Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, næringsdrivande skal betale fulle kostnader.

Kundar

66 493

Kundar i 2015

Vitjingar i 2015

SIM sine miljøsentralar hadde ein auke i kundetalet på 12,6 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen har auke med 25,9 % frå 2014. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein fjerdedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

kundar-prosent 12.6 %

fleire vitjingar i 2015.

Kundar SIM sine miljøsentralar

  • Kundevitjingar ved miljøsentralar

Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2015 var 66 493 personar

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar

  • Mengder levert til miljøsentralar
  • Totale mengder hushaldsavfall
  • Mengder henta på renvovasjonsruta

Farleg avfall

  • Mengder farleg avfall

Kva innbyggjar leverte om lag 18 kg farleg farleg i 2015

Kompostanlegg

Komposteringsanlegget tok imot 3 445 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 3 617 tonn frå næringskundar. I tillegg tok ein i mot 3 619 tonn slam. Komposten som blir produsert i Svartasmåget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2015 var kr 300 per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.1 millionar kroner eks. mva.

 

 

 

 

Mengder til kompostering

  • Mengder til kompostering

10 681 tonn i 2015

Selde mengder kompost

  • Selde mengder kompost

5 160 tonn i 2015

Gjenvinning

 

 

 

 

 

Avfallspyramiden

Afallspyramiden

Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.

Ombruk

Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.

Materialgjenvinning

Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.

Energiutnytting

Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2015 vart 96 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.

Heimekompostering

12 prosent av abonnentane komposterer bioavfallet sitt heime, om lag som i 2014. Totalt er det 2 934 registrerte bingar. I tillegg kjem 422 kundar som deler binge med andre. Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Om kvar innbyggjar produserer 90 kilo bioavfall i året, vart det i 2015 heimekompostert 755 tonn avfall.

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.

Renovasjonsgebyr - dunkar

Kommunalt abonnementsgebyr for hus i 2015

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt abonnementsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement i 2015

  • Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement

Tall i kr inkludert meirverdiavgift - Innkludert kunden sitt val av dunkløysning

Renovasjonsgebyr fritidsbustad 2015

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Slamtømmegebyr for heilårshus i 2015

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Dette går gebyret til

Rekna ut frå eit snittgebyr på 2 331 kroner i 2015

Etterkalkulasjon sjølvkostområder

Kommunane og sjølvkost

Avfallsgebyret skal fastsetjast slik at det svarar til dei totale kostnadane kommunen vert påført ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning. Kommunen skal ikkje ha forteneste på slik avfallshandtering, berre kostnader ved, og inntekter frå lovpålagt handtering av hushaldsavfallet skal inngå i berekning av avfallsgebyret.

For sjølvkostområda renovasjon og slamtøming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvskostområde i kommunen. Kommunane har kostnadar med desse tenestene i tillegg til dei som SIM belastar sjølvkostområda.

På oppdrag frå kommunane Bømlo, Fitjar og Kvinnherad utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).

SIM og sjølvkost

Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtøming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.

For 2015 viser rekneskapen slikt resultat: Hushaldsrenovasjon Slamtøming
Inntekter kr 52 214 850 kr 8 430 913
Kostnader kr -54 058 331 kr -8 028 618
Årsresultat kr -1 843 481 kr 402 295
Inngåande fond 01.01.2015 kr 11 741 544 kr 2 326 478
Bunde fond i SIM 31.12.2015 kr 7 552 099 kr 2 759 575

Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*

*(fordelt etter abonnentar per.kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)

Hushaldsrenovasjon og slamtømming

Hushaldsrenovasjon Slamtøming
% KR % KR
Austevoll 9,20 694 835 16,40 452 626
Bømlo 18,95 1 430 966 24,01 662 575
Fitjar 5,21 393 538 6,61 182 492
Kvinnherad 22,26 1 681 189 22,05 608 354
Stord 27,22 2 055 687 4,69 129 520
Sveio 10,48 791 579 14,59 402 704
Tysnes 6,68 504 305 11,64 321 303
Totalt 100 7 552 099 100 2 759 575

SIM sin praksis for 2015

Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, ‘forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.

SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det "dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene"..

Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.

Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.

Melding frå revisor

Til representantskapet i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Fråsegn om årsrekneskapen

Vi har revidert årsrekneskapen for Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS som inneheld selskapsrekneskap, som syner eit overskot på kr 2 3 31 214. Selskapsrekneskapen er samansett av balanse per 31. desember 2015, resultatrekneskap og kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per denne datoen, pliktige budsjettopplysningar og ei skildring av vesentlege rekneskapsprinsipp som er nytta og andre noteopplysningar.

Styret og dagleg leiars ansvar for årsrekneskapen

Styret og dagleg leiar er ansvarleg for å utarbeida årsrekneskapen og for at den gir eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslovas reglar og god rekneskapsskikk i Noreg, tilleggsreglar i lov om interkommunale selskap, forskrift om årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding for interkommunale selskap, og for slik intern kontroll som styret og dagleg leiar finn nødvendig for å gjera det mogleg a utarbeida ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, korkje som følgje av misleg framferd eller feil.

Revisors oppgåver og plikter

Oppgåva vår er, på grunnlag av revisjonen vår, å gi uttrykk for ei meining om denne årsrekneskapen. Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, medrekna International Standards on Auditing. Revisjonsstandardane krev at vi etterlever etiske krav og planlegg og gjennomfører revisjonen for å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon.

Ein revisjon inneber utføring av handlingar for å innhente revisjonsbevis for beløpa og opplysningane i årsrekneskapen. Dei valde handlingane avheng av revisors skjønn, mellom anna vurderinga av risikoane for at årsrekneskapen inneheld vesentleg feilinformasjon, anten det skuldast misleg framferd eller feil. Ved ei slik risikovurdering tar revisor omsyn til den interne kontrollen som er relevant for si utarbeiding av ein årsrekneskap som gir eit rettvisande bilete. Føremålet er å utforme revisjonshandlingar som er formålstenlege etter tilhøva, men ikkje å gi uttrykk for ei meining om effektiviteten av sin interne kontroll. Ein revisjon omfattar også ei vurdering av om dei rekneskapsprinsippa som er nytta, er formålstenlege, og om rekneskapsestimata som er utarbeidde av leiinga, er rimelege, samt ei vurdering av den samla presentasjonen av årsrekneskapen.

Vi meiner at innhenta revisjonsbevis er tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Konklusjon

Etter vår meining er årsrekneskapen avgjeven i samsvar med lov og forskriftar og gir eit rettvisande bilete av den finansielle stillinga til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS per 31. desember 2015 og av resultata for og kontantstraumar for rekneskapsåret som blei avslutta per denne datoen i samsvar med rekneskapslovas reglar og god rekneskapsskikk i Noreg.

Uttale om andre tilhøve

Konklusjon om årsmeldinga

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er skildra ovanfor, meinar vi at opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen og føresetnaden om at drifta skal halda fram er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrifter.

Konklusjon om registrering og dokumentasjon

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen som er skildra ovanfor, og kontrollhandlingar vi har funnet nødvendige etter internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikkje er revisjon eller avgrensa revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meinar vi at leiinga har oppfylt plikta si til å sørgje for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av selskapet sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.

Stord, 11. mars 2016

RSM Norge AS

Ragnar Pettersen

Statsautorisert revisor

Revisor melding i pdf format