Godt brukande

BOS FOR DEG, SKATT FOR MEG

Fått noko du ikkje har bruk for? Eller har du rydda plass på loft og i kjellar? Det som ikkje er brukande for deg, kan vera ein skatt for andre. Dei fleste av oss har noko me meiner er for godt til og kasta noko som rett og slett er «godt brukande», men som berre står og tek opp plass. Ved alle våre miljøsentralar har SIM ei ordning som sparar både miljøet og lommeboka;  «Godt brukande». Det er eit tilbod der du kan setje inn gjenstandar du meiner andre kan ha nytte av. Samstundes som «Godt brukande» er eit tilbod til dei som ikkje ynskjer å kasta, er det også eit tilbod til dei som ikkje  ynskjer å kjøpa. SIM sine operatørar er òg «avfallsreddarar» og dersom dei oppdagar godt brukande gjenstandar i restavfallet tek dei desse ut og set dei på «Godt brukande», dersom kunden ikkje eksplisitt har understreka at det skal kastast. 

Gjenstandar du meiner er for gode til å kastast, kan setjast inn på «Godt brukande».

Då kan dei komma andre til nytte.

Merk fylgjande:

  • Det er gratis å setja inn gjenstandar på «Godt brukande», og for å synleggjera at alt har ein verdi har me no innført betaling for å ta ut gjenstandar.
  • Den som set inn gjenstandar på «Godt brukande» har ansvar for at gjenstanden er brukande. «Godt brukande» skal ikkje vera ein «gratis» måte å kvitta seg med avfall på. Vurdèr om gjenstanden faktisk er brukande før du set den inn. 
  • Skadde, defekte, eller tilgrisa gjenstandar skal IKKJE inn på «Godt brukande».
  • Alle som kjøper noko på «Godt brukande» gjer det på eigen risiko og utan garanti. SIM oppmodar folk om å vera spesielt på vakt med elektriske produkt.
  • Du må betale med VIPPS, nummeret finn du på «Godt brukande» avdelinga. Dersom du ikkje har VIPPS kan du betale hjå ein av våre kundehandsamera.