Unngå frosen bio i dunken

Her er våre tips når kulda set inn:

Bioposane kan fryse fast om dei er våte og for å unngå dette kan du prøve nokre av desse råda:

  1. Legg litt papir i botnen av posen for å trekke opp fuktighet.
  2. Bruk eit spann/korg med god gjennomlufting. Dette gjer at fukt fordamper lettare og dette blir så tørt som mogleg før det hamnar i dunken ute.
  3. Har du flytande matavfall, så hell det på kartong. Kartongar kan kastast i matavfall når dei blir brukte til dette føremålet.
  4. Legg ein eggekartong i botnen av biodunken. Dette vil hindre posen å fryse fast.
  5. Ein neve salt i botnen av biodunken kan gjere same nytta.
  6. La dei første bioposane stå ute nokre timar, slik at desse frys før dei kjem i dunken. (Husk å dekkje til posen når den står ute, så ikkje dyr kjem til).

    Andre ting som er greitt å hugse på rundt renovasjon når det nærmar seg jul: Tenk på renovatøren. Dei tømer fleire hundre dunkar på ein dag og set stor pris på at det er ferdig måka og strødd når dei kjem. Dunken skal plasserast med handtaket ut.
29. november, 2023 Publisert av Janne Hillersøy