Frå og med måndag 6. april opnar SIM alle miljøsentralane, i tråd med nye retningsliner frå Fylkesmannen i Vestland og Miljødirektoratet. SIM ber alle kundar som ikkje MÅ ta turen til miljøsentralen om å vente. Sjølv om ein no opnar miljøsentralane vil råd om å hindre spreiing av smitte framleis vera gjeldande.
Kundar som kjem vert bedne om å ta omsyn til fylgjande:
- Godt brukande er stengt inntil vidare
- Gjenstandar frå Godt brukande, vert sette inn og tekne ut på eige ansvar
- Kundar og tilsette skal halde god avstand i tråd med FHI sine retningslinjer
- Kundane må vera budde på at det kan bli endra køyremønster
- Det kan bli lange køar og venting
- Kundane vert bedt om å sortere godt på førehand, slik at opphaldet vert kortast mogeleg
- Berre dei som treng å vera med for å kaste avfallet, skal vera med til miljøsentralen
- Ein vert oppmoda om å betale med VIPPS. Alternativt kan ein nytte kort med kontaktlaus betaling (tappe kortet)
- Det vert ikkje skrive ut kvittering.
3. april, 2020