Nytt gebyrsystem – betaling per utsetjing

I løpet av februar 2026 startar SIM opp med merking av dunkane dine. Dette vil skje anten heime hos deg, eller når dei er sett ut på tømmedag. Årsaka er at me frå 2027 innføre eit nytt system for rest- og bioavfallet. Systemet vil medføre at dunkane dine vert vegt og registrert.

Sjølv om me skal vege dunken din så skal me ikkje ta betaling etter vekt. Veginga er datagrunnlag og informasjon for SIM. Du som abonnent skal betale for kvar gong du set ut restavfallsdunken. Dette vil medføre meir rettferdig betaling ut frå kva du kastar, betre sortering, mindre restavfall, altså at kvar abonnent betalar meir rettferdig for eige avfall. Det ser me frå erfaringar frå liknande selskap som har gjort det same.

Alle dunkar i SIM-systemet er registrerte med eit unikt dunknummer, dette nummeret står på lokket på dunken. For ei tid tilbake informerte me alle kundar om å kontrollere at dunknummeret på lokket stemte med dunknummeret som var registrert på abonnementet i Mitt SIM, og melde frå til oss dersom det var avvik.

I dei tilfella der me ikkje har motteke melding om feil eller avvik, legg me til grunn at dunknummeret har vore korrekt.

Dunkane er no merka med adressa til abonnementet dei er registrerte på, og det er denne registreringa som gjeld.

Me ber difor om at dunken som er merka med di adresse vert nytta på eigedomen din. Dersom dunkar har blitt bytte om mellom naboar ein gong i tida, må desse bytast tilbake slik ein nyttar dunken som er registrert på abonnementet sitt.

Dersom dunken du nyttar har blitt merka med naboen si adresse, sjekk ved neste tøming når dunkane står til veg, og dra dunken merka med di adresse heim.

  • Dunkane dine blir merkte med chip og adresse
  • Feil adresse kan føre til feil rekning
  • Du kan få avvik som ikkje er ditt
  • Du får ikkje nye dunkar – du skal ha dei same dunkane i det nye systemet
  • Det er viktig at adressa stemmer med abonnementet ditt. (Sjå etter klistremerke på dunken din)

MITTSIM

I MittSIM finn du all informasjon som gjeld ditt/dine abonnement hjå SIM. Logg deg inn for å sjekke at dunkunmmeret ditt er rett.