Kong Harald si gravferd

SIM ynskjer å visa respekt for vår kjære kong Harald sin bortgang. Me har i den samanheng oppmoda om at alle tilsette og underleverandørar som har SIM- profil på klede eller bilar, deltek i eit minutts stille kl. 13.00 den 9. september.

Det vil seia at me ber om at ein stoppar arbeidet, bilar og ber kundar som evt, kjem til miljøsentralane om å stoppe litt i forkant av kl 13.00, slik at ein kan delta frå kl. 13.00 til 13.01.

Gravferda

Kong Harald har vore ein flott konge for landet, samlande og raus. Sjølv om gravferdsdagen ikkje er ein offentleg fridag, har me òg eit ynskje om at dei tilsette som får det til å passe inn i arbeidsdagen kan følgja den direktesende seremonien frå arbeidsstaden.

Me ber om forståing for at drifta vår skal gå mest mogeleg som normalt, men me vil i størst mogeleg grad unngå støyande og sjenerande arbeid den tida gravferda pågår.

7. september, 2026 Publisert av Janne Hillersøy