Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen er på Heiane, i Stord kommune.
51085 abonnentar
Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Innbyggjarar: 62 153
Hushaldsabonnentar: 28 163
Hytte abonnentar: 8 382
Abonnentar som heimekomposterer: 2 826
Abonnentar med slamavskiljar: 14 540
Kilo avfall per innbyggjar 2024: 448 kg
SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 62 153 innbyggjarane og 8 382 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir- plastemballasje. glas og metallemballsje - og restavfall.
Administrasjonen held til på Heiane i Stord kommune, der selskapet har administrasjonsbygg, miljøsentral og omlasteanlegg. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. I Svartasmoget, Fitjar kommune, har selskapet kompostanlegg og deponi. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja til rette for at ressursane i avfallet vert nytta.
Medlemskommunar
Representantskap
23 medlemmar
Leiar:
Ordførar i Fitjar
Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.
Leiar:
Solveig Grønsdal (Stord)
Administrasjon og hovudanlegg
Heiane, Stord
Dagleg leiar:
Ole Johannes Støle
Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.
Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 23 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 6, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eit møte i 2024, 26. april. På møtet vart det handsama 13 saker.
Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde 7 møter i 2024.
Solveig Grønsdal
Styreleiar
John Kristian Økland
Nestleiar
Anne Merete Fjeldstad
Styremedlem
Lasse Hamre
Styremedlem
Lisa Instefjord Gilje
Styremedlem
Inge Reidar Kallevåg
Styremedlem
Marit Årthun
Styremedlem
Kurt Harry H. Dahl
Styremedlem
Ole Johannes Støle
Dagleg leiar
«Gjennom samarbeid og nytenking skal me sikre ei meir berekraftig framtid for Sunnhordland.»
Ole Johannes Støle
Dagleg leiar
Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM) og SIM har lange tradisjonar for eit tett og godt samarbeid. I februar 2024 møttest styra, leiinga og tillitsvalde for å konkretisere eit endå tettare og meir systematisk samarbeid. Det var eit godt møte, og me vart einige om å ivareta det gode etablerte samarbeidet, samstundes som me fann fleire nye område som skal vurderast for eit tettare samarbeide. Målet er å hente ut økonomiske fordelar samt utviklingspotensial på områder der me kvar for oss vert små.
Kunstig intelligens har gjort eit markant inntog i næringslivet i 2024, og SIM er ikkje noko unntak. Me har delteke på fleire kurs for å halde oss oppdatert på moglegheitene. Førebels nyttar me kunstig intelligens aktivt til tekstforbetring og som drøftingspartnar, På sikt ser me føre oss at teknologien kan nyttast endå meir, og det vert spennande å delta i utviklinga vidare.
På dei tre største miljøsentralane har me no oppretta mottak for hardplast. Dette tilbodet ynskjer me etter kvart å utvida til alle miljøsentralane innan få år, slik at me får ein større del av avfallet til materialgjenvinning.
Frå 1. mars vart maisposar utdelte gratis på miljøsentralane, og frå april kunne innbyggjarane få nye posar ved å knyte ein tom pose på papirdunken. Målet er å redusere bruken av feil posar som ikkje eignar seg til kompostering, og tilby god service. Diverre har me registrert auka misbruk av maisposane, der dei vert nytta til posar for restavfall. Om me ikkje klarar å snu denne trenden, står heile ordninga i fare. Innføring av gebyr for misbruk av ordningar er noko som vil bli vurdert.
Miljøsentralen på Tysnes fekk i oktober ei etterlengta oppgradering med betre planert område, nytt lagerbygg for farleg avfall og oppgradert servicebygg med garderobe og toalett. Murkanten mot konteinarane er òg laga høgare, noko som gjer avfallsleveringa tryggare for kundane.
Sunnhordland er eit krevjande område å drive renovasjon i. Likevel har me eit lågt gebyr samanlikna med mange andre selskap, faktisk blant dei rimelegaste i landet. Dette er imponerande. Gjennom samarbeid og nytenking skal me sikre ei meir berekraftig framtid for Sunnhordland
I 2025 vil me fortsetja å utvikla oss for å møte forventningar frå kundar, eigarar og nye lovkrav. Me står framfor spennande utfordringar, som å finne gode løysingar for materialgjenvinning av tekstilavfall og vidare arbeid med innovative og sjølvbetente løysingar, til dømes er utprøving av sjølvbetent miljøsentral noko me jobbar for å få testa ut. Me vil også vurdera ein gebyrmodell som i større grad differensierer etter kor flink ein er til å sortera. Økonomiske insentiv er forventa å motivere innbyggjarane til betre sortering.
Medarbeidarundersøkingane syner at dei fleste trivst godt med både arbeidsoppgåver og kollegaer, men eit godt arbeidsmiljø krev kontinuerleg innsats frå alle. Trivsel handlar ofte om gode relasjonar, og me må difor støtte kvarandre og våge å ta opp ting som påverkar arbeidsmiljøet. Dette skapar eit sterkare og meir inkluderande fellesskap.
Sommaren 2024 var krevjande med høgt sjukefråvær, noko som skapte ei ekstra belastning. Ein ekstraordinær innsats og godt samarbeid på tvers av avdelingane gjorde at kundane knapt merka utfordringane. I løpet av hausten nærma me oss heldigvis eit normalt lågt sjukefråvær.
Salet av brukte varer ved alle miljøsentralane er godt i gang, og med ei omsetnad på 200 000 kroner i første heile driftsår, sjølv med svært rimelege prisar, viser det at kundane set stor pris på tilbodet.
Takk til våre dyktige tilsette, kundar, samarbeidspartnarar, styret og eigarkommunane for dykkar innsats, støtte og samarbeid.
Ole Johannes Støle
Dagleg leiar
Ole Johannes Støle
Dagleg leiar
Lars Halleraker
Driftleiar miljøsentralar
Arild Vik
Driftsleiar innsamling. Tilsette sin representant i styret
Malvin Helland Andahl
Driftsleiar slutthandsaming
Janne Hillersøy
Plan, innkjøp og kommunikasjons-ansvarleg
Ørjan Steinsland Opperud
Administrasjons- og økonomileiar
Trude Vedå
Økonomiansvarleg
Vararepresentant for dei tilsette i styret
Sissel Lønning
Kundehandsamar
60 % stilling
Trine Tverborgvik
Kundehandsamar
Linn Jeanett Økland
Kundehandsamar
(t.o.m. 30.04.2024)
Inger Lise Kobberstad
Kundehandsamar (f.o.m. 01.10.2024)
Thomas Onsrud
Vikar kundehandsamar (f.o.m. 25.11.2024)
Vegard W. Birkeland
Operatør omlastehall
Thom Arne Fredriksen
Operatør omlastehall
Einar Breivik
Operatør kompost
Bjørn Leon Vestbøstad
Operatør deponi og kundehandsamar Fitjar miljøsentral
Sammy Sagvaag
Kundehandsamar miljøsentral Bømlo
Sissel Torkelsen Larsen
Kundehandsamar Bømlo miljøsentral
Stian Selle
Kundehandsamar Bømlo miljøsentral, 4 % stilling
Lars Miles Storaas
Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad
Kenneth Fjelland
Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad
Marita Kjærland
Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad, 4 % stilling
Olaf Skram
Formann / kundehandsamar miljøsentral Stord
Aimar Hansen
Kundehandsamar miljøsentral Stord og Sveio
Kurt Harry Dahl
Kundehandsamar miljøsentral Stord
Frank Verpelstad
Kundehandsamar miljøsentral Heiane
Rebekka Høgestøl
Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 60 % stilling
Gry Bakke Rosvold
Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
54 % stilling
Kjell Frode Hole
Kundehandsamar miljøsentral Austevoll
54 % stilling
Kurt Ole Thomassen
Kundehandsamar
54 % stilling
Gry Kristin Karlson
Kundehandsamar miljøsentral Sveio
48 % stilling
Håvard Holmedal
kundehandsamar miljøsentral Stord
8 % stilling
Maria Verpelstad
kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling
Kine Fatland
kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling (t.o.m 30.11.2024)
Britt Guri Bjelland
kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall og tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundemålingar viser at kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga. Selskapet har ingen pågåande forskings- eller utviklingsaktivitetar.
Selskapet hadde i 2024 ei samla inntekt på 130,7 mill. kr, noko som er 0,17 % lågare enn budsjettert.
Inntektene frå kommunane og miljøsentralane var i tråd med budsjettet. Næringsavdelinga hadde eit negativt avvik på 10,3 %. Det skuldast lågare næringsinntekter enn venta frå miljøsentral og deponi. Slaminntektene var høgare enn planlagt, då noko tømming planlagt i 2023 blei utført i 2024.
Driftskostnadene for 2024 var totalt 136,30 mill. kr. Kostnadane er om lag 5 mill. kr høgare enn budsjettert og driftsresultatet viser eit underskot på 5,55 mill. kr. Utdeling frå miljøfondet vert bokført som driftskostnader, og det vart delt ut 4,02 mill. kr i 2024. Netto uttak frå fondet var 2,20 mill. kr, som er lagt til eigenkapitalen til SIM. Sjølvkostområda kommunalt og slam vert framleis utlikna i rekneskapen ved å føre resultatet som andre driftskostnader og tilført fonda for renovasjon og slam.
Sum finanspostar i 2024 var 3,14 mill. kr, noko som er 2,12 mill. kr høgare enn budsjettert (1,02 mill. kr). Hovudårsaka til avviket er høgare innskotsrente enn førespeila.
SIM sitt rekneskapsmessige resultat for 2024 viser eit underskot før skatt på 2,42 mill. kr. Næringsaktivitetane hadde eit underskot før skatt på 1,40 mill. kr., som gjer ein utsatt skattefordel på 0,31 mill. kr.
Kommunalt avfall hadde eit underskot på 3,96 mill. kr, som er ført mot renovasjonsfondet. Fondet hadde ved årsslutt ein saldo på 12,16 mill. kr. Slamtømmeaktivitetane hadde eit underskot på 0,66 mill. kr, og slamfondet var ved årsskiftet på 1,59 mill. kr.
Næringsaktivitetane hadde eit underskot før skatt på 2,58 mill. kr.
Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter.
SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte og driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet vurderer årleg nødvendige avsetjingar for framtidige kostnader. Det er ikkje sett av ekstra midlar til fondet i 2024, og fondet hadde ein saldo på 73,53 mill. kr ved årsslutt.
Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen gjev eit rett bilete av selskapet sine eigneluter, gjeld, finansielle stilling og resultat.
Det er ikkje teikna styreansvarsforsikring i selskapet.
Nettokontantstraum for operasjonelle aktivitetar var på 14,84 mill. kr. Dei samla investeringane var på 20,16 mill. kr. SIM har finansiert investeringane sine utan lån. Selskapet har ved årskifte likvide midlar på 87,57 mill.kr.
Eignelutane til SIM var på 305,68 mill. kr. ved utgangen av 2024. Eigenkapitalen er på 199,96 mill. kr, der delar av midlane er bundne. Langsiktig gjeld består av netto pensjonsskuld på 1,70 mill. kr, etterdriftsfondet på 73,53 mill. kr og kommunalt- og slamfondet på 13,76 mill. kr. Dei kommunale fonda for avfall og slamtøming er pengar som abonnentane skal ha tilbake i løpet av 3–5 år. Likviditeten i selskapet er god.
SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.
Kjønnsbalanse | Deltid | Ufriviljug deltid | Uttak av veker foreldrepermisjon | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | Menn | Kvinner | |
Tal | 22 | 12 | 5 | 7 | 0 | 2 | 0 | 0 |
Prosent | 65 % | 35 % | 42 % | 58 % | 0 % | 100 % | 0 % | 0 % |
Ved utgangen av 2024 var det 25,64 årsverk i SIM fordelt på 34 tilsette. 12 av dei tilsette var kvinner og 22 var menn. Det er i tillegg ein lærling i selskapet
Sju kvinner og fem menn var i deltidsstillingar og det er ei overvekt av tilsette som er i friviljug deltidsstilling. Selskapet har to grupper lønskategoriar: Gruppe 1 som omfattar kundehandsamerar og operatørar og gruppe 2 som omfattar leiargruppa og rådgjevar.
Av den totale arbeidsstokken er det 35 % kvinner fordelt på 44 % av gruppe 1 og 29 % av gruppe 2. Gjennomsnittsløna til menn samla for gruppe 1 og 2 er 7 % høgare enn gjennomsnittsløna til kvinnene. I gruppe 1 er gjennomsnittsløna for menn og kvinner om lag lik, menn har 1 % høgare løn enn kvinnene. I gruppe 2 er gjennomsnittsløna til menn 8 % høgare enn kvinnene si gjennomsnittsløn. Løn til dagleg leiar er teken med i statistikken for gruppe 2. Alle løner er omgjort til fulle stillingar. Stillingar med same ansiennitet og stillingar med same ansvar har lik løn, uavhengig av kjønn.
Sjukefråværet var på 4,98 %. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styret er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve.
Selskapet arbeider aktivt for auka likestilling og mot diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kombinasjonar av desse grunnlaga. Arbeidet omfattar områda: rekruttering, løn- og arbeidsvilkår, forfremming, utviklingsmogelegheitar, tilrettelegging og mogelegheit for å kombinere arbeid og familieliv. Selskapet arbeider for å hindre trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald.
SIM oppretta AMU (arbeidsmiljøutval) i 2022 (AMU). AMU har hatt fem møter i 2024, og arbeidet med likestilling og diskriminering skal vera tema i utvalet.
Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova. Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er òg søkt utforma med tanke på universell utforming. Det er utvikla informasjonsbrosjyrar og sorteringsguidar på fleire ulike språk.
Det er lagt til rette for at abonnentar som ikkje nyttar datamaskin eller smarttelefon kan få tilsendt tømmekalender og anna informasjon på papir.
SIM jobbar aktivt for å sikre at ein respekterer grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i vår eiga verksemd og i leverandørkjeda vår. SIM har i 2024 forankra dette i vårt internkontrollsystem, i leiinga og i organisasjonen. Alle våre innkjøpskontraktar og avtalar inneheld ei forplikting til å respektere grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.
I 2024 har SIM gjennomført revisjon av ein større innkjøpskontrakt. Ein har særleg fokus på å revidere selskapet sine kontaktar der ein vurderer at risikoen for brot på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold kan vera størst.
Det vart ikkje funne alvorlege negative konsekvensar som kravde tiltak.
SIM har publisert en redegjørelse om aktsomhetsvurderinger på sim.as, med tiltak og vurderinger for å sikre rettferdige arbeidsforhold og menneskerettigheter. Arbeidet inkluderer kartlegging og vurdering av risiko for menneskerettigheter og arbeidsforhold i vår verksemd og leverandørkjeda.
Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovudsakleg som fylgje av at nedbør vaskar ut dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmoget. Det er etablert reinseanlegg for å redusera utsleppa ytterlegare, og det er etablert anlegg for handsaming av metangass frå deponiet. Analyser viser at det er låge nivå av jern, tungmetall og organiske miljøgifter i sigevatn frå deponiet. Det kan til dels tilskrivast effekten av reinseanlegget som har god reinseffekt for jern. Noko som òg medfører reinsing av tungmetall og organiske miljøgifter. For olje og aromatiske løysemiddel var det ikkje kvantifiserbare mengder i sigevatnet i 2024. I 2024 starta ein arbeidet med avskjering og tildekking/lukking av ferdigstilte områder. Dette skal føre til mindre utlekkning og dermed ein betre reinsing av sigevatnet.
Det kjem stadig nye krav og nye forventningar til utsortering og meir miljørett handsaming av avfallet vårt. SIM er eigarkommunane sin aktør for å innfri desse krava. Det tek ein på alvor, samstundes som ein må ha fokus på at dei tiltaka ein innfører er dei rette. Denne balansen har SIM alltid hatt fokus på, og ein vil halde fram med å leggja til rette for gode sorteringsordningar. Styret kjenner seg trygg på at SIM gjev innbyggjarane gode miljørette tenester, der kostnadar og miljønytte er med i vurderingane.
Årsrekneskapen for 2024 er satt opp under føresetnad om framleis drift. I samsvar med rekneskapslova § 3-3 blir det stadfesta at føresetnaden for framleis drift er til stades. Til grunn for vurderinga ligg årsrekneskapen for 2024.
Solveig Grønsdal
Styreleiar
John Kristian Økland
Nestleiar
Anne Merete Fjeldstad
Styremedlem
Lasse Hamre
Styremedlem
Lisa Instefjord Gilje
Styremedlem
Inge Reidar Kallevåg
Styremedlem
Marit Årthun
Styremedlem
Kurt Harry H. Dahl
Styremedlem
Ole Johannes Støle
Dagleg leiar
I 2024 auka mengda hytteavfall og besøk på miljøsentralane samanlikna med 2023. Hushaldsavfall på renovasjonsrutene stabiliserte seg etter ein nedgang året før, medan innsamla næringsavfall gjekk noko ned. Mengda næringsavfall til deponi var lågare enn i 2023, men framleis høgare enn i 2022.
Klager frå kundar heldt seg på eit lågt nivå.
Totale avfallsmengder i 2024.
Til saman 57 341 tonn
Hentefraksjonane (rest, bio, plast, papir og glas-/metallemballasje) hadde ein auke på 0,19 % frå 2023 til 2024. Totalt hadde mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein auke på 7 %
Kvar innbyggjar leverte 448 kg avfall i 2024. Totalt tok SIM hand om 28 148 tonn frå hushalda. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.
Samla mengde hushaldsavfall i tonn
Til saman: 14 501 tonn
Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane auka svakt med 0,19 % frå 2023 til 2024. Innsamla mengde i 2024 var 14 501 tonn, medan SIM totalt mottok 28 148 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland.
95 % av det innsamla avfallet vart sendt til attvinning, fordelt på 37 % materialattvinning og resten til energiutnytting. Attvinningsprosenten har auka betydeleg sidan 2003, då SIM starta med å senda avfall til attvinning. Den gongen var attvinningsprosenten 48 %.
Målet er framleis å liggja over landsgjennomsnittet for materialattvinning og på sikt nå EU-måla.
Til saman: 26 801 tonn (Heimekompostering er ikkje inkl. i rapporterte mengder)
I 2024 vart det vedtatt at også hytter skal sortere i fleire fraksjonar. Endringa gjeld frå 2025. SIM ser derfor på strukturen for alle hyttereturpunkt og er starta arbeidet med planlegging av kva returpunkt som kan vera høveleg å utvida samt kartleggja kor ein kan få plassproblem ved å utvida med meir kontainere eller andre oppsamlare. På Stord like utanfor Miljøsentralen på Heiane har me i 2024 laga eit returpunkt med moglegheit for å sortera i fraksjonane restavfall, papiravfall, plastavfall, glas & metallemballasje og bioavfall. Erfaringa visar at me får ut meir frå restavfallet, men også at fraksjonen bioavfall er vanskeleg å få rein nok og heilt utan plast på eit slikt returpunkt.
Hytter vert stadig større, ligg gjerne nær køyrbart veg for renovasjonsbil og mange nyttar hytta heile året. Enkelte hyttekundar vel derfor allereie i dag og ha dunkordning med full sortering.
Hytteavfallet er likevel det avfallet SIM er mest redd for skal antenna inne i omlastehall eller renovsajonsbil. SIM har i 2024 opplevde brann med opne flammar inne i omlastehall, noko me ser svært alvorleg på. Me må derfor stadig terpa på info om den store brannfaren ved å kaste farleg avfall og særleg sterke batteri i avfall som skal kneppast i ein renovasjonsbil. Slikt avfall må leverast til godkjent mottak og er som regel gratis å få levert der det skal.
I 2024 vart det levert 24565 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein auke på om lag 16,3 % frå året før. Årsaka til auken er at ein har teke i mot større mengder avfall frå næringslivet.
Det er lite avvik i leveransane til deponi. Det gjer og at det ikkje vert samla opp deponigass, gassen som vert faklar i dag stammar frå avfallet levert fram til deponiforbodet i 2009. Det er i hovudsak treverket som lagar metangass, nedbrytinga til treverket brukar lang tid, men det er merkbar nedgang i metangassen.
Mengder levert til deponi 24 565 tonn
SIM henta i 2024 slam frå heilårsbustadar/fritidsbustader i Austevoll og frå hus i kommunane Fitjar, Stord og Tysnes. Totalt vart det utført 7397 registrerte slamtømingar der 89 av desse var større kommunale tankar.
Svein Klungtveit AS hadde avtale med SIM om innsamling av slam. Norva24 kjøpte i mars 2024 heile Svein Klungtveit AS med bilar og mannskap. Norva24 overtok dermed forpliktingar i avtalen og køyrer vidare på same vilkår fram til SIM lyser ut denne jobben på ny. Norva24 er no store, så SIM vil oppmoda nye transportørar om å vurdera neste utlysing så ein får fin og sunn konkurranse.
Samarbeidet fungerer bra og me er heldige som får ha stabil sjåførstab med kjente sjåførar i oppdraget.
SIM har eit av dei lågaste renovasjonsgebyra i Noreg. Me driv kostnadseffektivt, har lite avvik og har stabil arbeidsstokk med erfarne sjåførar. SIM prøver å halda litt att på enkelte nyvinningar for å ikkje påføra våre kundar unødige kostnader med prøving og feiling. SIM ynskjer gå for gjennomtenkte, trygge og utprøvde løysningar som me kan gå god for både når det gjeld innsamlingsmetodar og for å sikra at det me har samla inn vert behandla trygt og rett. Me opplevde ein auke i utfordringa med feil posar i matavfall, posar som inneheldt plast. Årsaka var truleg auka poseavgift i daglegvarebransjen og at detaljhandel sel billege rullar med plastposar som er merka med «nedbrytbare posar». Slike posar kan forvirra våre kundar til å tru at dei ikkje inneheld plast og kan nyttast i biodunk. SIM komposterer matavfallet og er avhengig av plastfritt matavfall. SIM valde derfor i 2024 og starta utdeling av maisposar til våre kundar med biodunk. Elles ser ein at mange vel å ikkje nytta matavfallsdunk og at restavfall inneheld mykje mat. Ein ser til tider varmgong i avfallet som kjem inn grunna matavfall i restavfall. Me bør jobba for at fleire kundar skal ta i bruk biodunken. Matavfall som kan attvinnast lokalt bør absolutt ikkje sendast til kostbar brenning for restavfall. SIM har bestilt ny plukkanalyse for å sjå kor mykje mat og attvinnbart avfall ein finn i restavfallet.
SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.
25 velforeiningar søkte om å rydde i nærmiljøet i 2024. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt.
* Starta opp i 2014
SIM har i mange år støtta lag og organisasjonar som ynskjer å rydda strender som ingen andre har ryddeansvar for. SIM bidrog til at 16 slike aksjonar resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland. Det er sett av 300 000 kroner årleg for å støtta slike aksjonar. I 2024 vart det utbetalt 32 400 kr til strandrydding
SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i over 200 saker.
I 2023 starta SIM ei 2-årig prøveordning for næringslivet i Sunnhordland. Ordninga gjekk ut på at ein kan søkje støtte til levering av marint avfall. Den totale potten for støtte som ein kan søkje av er avgrensa til 100 000,- pr. år, fordelt på søkjarane, dersom det er fleire.
Det kom inn ein søknad om slik støtte i 2024, og summen var på kr 52 655. Det er berre verksemder som har rydding av marint avfall som hovudaktivitet, som kan søkje og ordninga er avgrensa til avfall som er rydda i eigarkommunane til SIM.
SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling. SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, miljøsentralar, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2024.
I 2023 var det lansert ei ny side for våre abonnentar «Mitt SIM»: Ei digital løysing der abonnentane kan logge seg inn på si eiga side for og få informasjon om sitt abonnement. I tillegg kan dei enkelt endre/bestille tenester frå SIM. Sida er under stadig utvikling og i 2024 vart arbeidet med ei side for næringslivet starta opp. Lansering av denne vert truleg i 2025.
Det vil stadig vera behov for å utvikle tenestene mot innbyggjarane og abonnemntane. Framover vil nokre digitale tenester får meir og meir fokus. SIM vil vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.
I 2024 var det 44 fjerdeklassar med lærarar på besøk hjå SIM. SIM har utvikla eit eige undervisningsopplegg for denne aldersgruppa, der kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling er tema. SIM betalar reisa for skuleklassane og dette plar vera eit svært populært tilbod.
I 2014 selde SIM dotterselskapet SIM Næring. Det vart vedteke i representantskapet at ein skulle opprette eit miljøfond og plassere overskotet frå salet der. Fondet sin verdi er ved utgangen av 2024 er om lag 40,2 millionar kroner. SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av. Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes: lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar. Styret i SIM set opp prioritert liste over tildeling av midlar. Representantskapet handsamar tildelinga som eiga sak på representantskapsmøtet. I 2024 fekk 31 søkjarar innvilga støtte frå fondet, og det vart delt ut 3 806 483 kroner.
5 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve litt tilskot til basarar og loppemarknadar.
I 2024 var det 85 764 vitjingar ved dei sju miljøsentralane våre. Kundane leverte 15 247 tonn avfall, og 47 % av hushaldsavfallet kom inn via miljøsentralane.
Selskapet har eit godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall. Mengda farleg avfall frå hushald auka til 1 391 tonn i 2024. Strengare krav til handtering av farleg avfall fører framleis til auka kostnader. SIM held fram med ryddetiltak som bidreg til opprydding av slikt avfall i naturen.
Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, resten er dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringsdrivande skal betale fulle kostnader.
Tal på kundar i 2024
SIM sine miljøsentralar hadde ei auke i besøkstalet på 7,1 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen hadde ein auke på 7,5 % frå 2023. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein tredjedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.
fleire vitjingar i 2024.
Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2024 var 85 764 personar
Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2024 var 13 314 tonn
Kvar innbyggjar leverte om lag 22,37 kg farleg avfall i 2024
Komposteringsanlegget tok imot 2 992 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 2433 tonn frå næringskundar og andre kommunar. I tillegg tok ein i mot 1865 tonn avvatna slam frå SIM-kommunar og 2062 tonn slam frå næringskundar. Ein har og teke mot 570 tonn reint trevirke og 2026 tonn hageavfall frå hushald og næring. Komposten som blir produsert i Svartasmoget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2024 var kr 450 kr per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.32 millionar kroner eks. mva.
Totalt vart det handsama 11 947 tonn i komposteringsanlegget i 2024.
11 947 tonn i 2024
Totalt 5 818 tonn i 2024
Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.
Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.
Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.
Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2024 vart 95 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.
37% av avfallet vart sendt til materialgjenvinning.
I 2024 komposterte 10 % av abonnentane bioavfallet sitt heime. Totalt er det 2 525 registrerte bingar, i tillegg til 301 kundar som deler binge med andre.
Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Basert på tal frå SSB - eit gjennomsnitt på 90 kilo bioavfall per innbyggjar og 2,5 personar per binge - vart det heimekompostert om lag 636 tonn avfall i 2024.
Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.
Tall i kr inkludert meirverdiavgift
Tall i kr inkludert meirverdiavgift — Inkludert kunden sitt val av dunkløysning
Tall i kr inkludert meirverdiavgift
Tall i kr inkludert meirverdiavgift
Rekna ut frå eit snittgebyr på 3 130 kroner i 2024
Kommunane og sjølvkost
Avfallsgebyret skal dekkje dei totale kostnadane kommunen har ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning, utan forteneste. Berre kostnader og inntekter knytt til lovpålagt avfallshandtering skal inngå i berekninga av gebyret.
For sjølvkostområda renovasjon og slamtømming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvkosttenester. I tillegg til kostnadene SIM belastar sjølvkostområda, har kommunane eigne utgifter knytt til desse tenestene.
På oppdrag frå kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).
Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtømming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.
For 2024 viser rekneskapen slikt resultat: | Hushaldsrenovasjon | Slamtømming |
---|---|---|
Inntekter | kr 86 417 122 | kr 11 146 678 |
Kostnader | kr -89 928 784 | kr -11 909 789 |
Årsresultat | kr -3 511 662 | kr -760 111 |
Fond ib 01.01.23 | kr 16 123 961 | kr 2 256 057 |
Fond ub 31.12.23 | kr 13 345 130 | kr 1 598 482 |
Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*
*(fordelt etter abonnentar per. kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)
Hushaldsrenovasjon | Slamtøming | |||
---|---|---|---|---|
% | KR | % | KR | |
Austevoll | 9,44 | 1 260 018 | 17,63 | 284 980 |
Bømlo | 19,04 | 2 541 497 | 23,00 | 367 609 |
Fitjar | 5,32 | 710 076 | 5,06 | 80 846 |
Kvinnherad | 21,79 | 2 908 400 | 21,94 | 350 727 |
Stord | 37,21 | 3 631 683 | 4,22 | 67 411 |
Sveio | 10,42 | 1 390 436 | 16,02 | 256 090 |
Tysnes | 6,77 | 903 020 | 11,94 | 190 819 |
Totalt | 100 | 13 345 130 | 100 | 1 598 482 |
Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, ‘forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.
SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».
Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.
Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.
Vi har revidert årsrekneskapen til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS.
Årsrekneskapen består av:
Etter vår meining:
Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet, i samsvar med krava i lover og forskrifter i Noreg og International Code of Ethics for Professional Accountants (medrekna dei internasjonale standardane om habilitet), utgjeve av International Ethics Standards Board for Accountants (IESBA-reglane), og vi har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.
Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarlege for annan informasjon. Annan informasjon består av årsmeldinga.Vår konklusjon om årsrekneskapen ovanfor dekkjer ikkje annan informasjon. I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det oppgåva vår å lese annan informasjon identifisert ovanfor for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom denne og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om den tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon. Vi har plikt til å rapportere dersom annan informasjon framstår som vesentleg feil. Vi har ingenting å rapportere i så måte.
Basert på kunnskapen vi har opparbeida oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga
Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at det gjev eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg. Leiinga er óg ansvarleg for slik intern kontroll som den finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil.
Ved utarbeidinga av årsrekneskapen må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til vidare drift og opplyse om forhold av betyding for vidare drift. Føresetnaden om vidare drift skal leggjast til grunn for årsrekneskapen, så lenge det ikkje er sannsynleg at verksemda vil bli avvikla.
Vårt mål er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av sikkerheit, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil. Feilinformasjon er å anse som vesentleg dersom den, enkeltvis eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke dei økonomiske avgjerdene som brukarane tar på grunnlag av årsrekneskapen.
For vidare beskriving/omtale av revisor sine oppgåver og plikter visast det til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger
Stord, 26. mars 2025
BDO AS
Solveig Bø Dalstø
statsautorisert revisor
(elektronisk signert)