Lastar innhald...

Årsmelding 2023

Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen er på Heiane, i Stord kommune.

abonnentar 49537 abonnentar

Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Innbyggjarar: 61 811
Hushaldsabonnentar: 27 840
Hytte abonnentar: 8 329
Abonnentar som heimekomposterer: 3 047
Abonnentar med slamavskiljar: 13 368
Kilo avfall per innbyggjar 2023: 423 kg

SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 61 811 innbyggjarane og 8 329 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir- plastemballasje. glas og metallemballsje - og restavfall.

Administrasjonen held til på Heiane i Stord kommune, der selskapet har administrasjonsbygg, miljøsentral og omlasteanlegg. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. I Svartasmoget, Fitjar kommune, har selskapet kompostanlegg og deponi. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja til rette for at ressursane i avfallet vert nytta.

§ 4 Føremål

  1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.
  2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
  3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar når det gjeld gjenvinning.
  4. Å bidra til miljøtiltak i eigarkommunane.
  5. Selskapet har ikkje erverv til føremål.

§ 5 Selskapet sine oppgåver:

  1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
  2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
  3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
  4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.

Representantskap, styre og administrasjon

Medlemskommunar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Representantskap
23 medlemmar

Leiar:
Ordførar i Fitjar

Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.

Leiar:
Solveig Grønsdal (Stord)

Administrasjon og hovudanlegg
Heiane, Stord

Dagleg leiar:
Ole Johannes Støle

Organisering

Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.

Representantskap

Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 23 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 6, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eit møte i 2023, 28. april. På møtet vart det handsama 14 saker.

Styre

Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde 7 møter i 2023.

Styret i SIM 2023

Solveig Grønsdal

Styreleiar

Elisabeth Sandven

Nestleiar

Edvard Johannes Stangeland

Styremedlem

Lisa Instefjord Gilje

Styremedlem

Inge Reidar Kallevåg

Styremedlem

John Kristian Økland

Styremedlem

Marit Årthun

Styremedlem

Arild Vik

Styremedlem

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

 

 

 

Dagleg leiar

«Sentralt i all vår aktivitet ligg eit ønske om å bidra til ei meir berekraftig og miljøvennleg framtid.»

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

 

 

 

 

 

Sentralt i all vår aktivitet ligg eit ønske om å bidra til ei meir berekraftig og miljøvennleg framtid. Dette året har me gjennomført viktige grep for å redde meir avfall til ombruk. For nokre områder har utviklinga vore meir krevjande enn kva me såg for oss. Meirkostnaden med å velja meir miljøvenlege løysingar vert opplevd som den største bremsen for utviklingspotensialet. Vår visjon om miljørett avfallsordning til rett pris, er med oss i alt utviklingsarbeid. Me jobbar for å ivareta ein god balanse i prioriteringane mellom økonomi og miljø, for å møte innbyggjarane sine forventningar til både pris og miljørette løysingar.

Inspirerande

SIM si deltaking på utdanningsmessa på Stord vart lagt merke til og godt motteke. Med ombruk som tema vart det ein av dei mest besøkte standane, og SIM vann prisen for beste stand!

Ei fortent merksemd til vårt arbeid, og god synleggjering av eit av våre fokusområde. Samstundes var dette ei gledeleg stadfesting på stort engasjement for ombruk og sirkulær økonomi blant ungdomane i regionen.

Samarbeid for framtida

Nye strengare miljøkrav frå myndigheitene og SIM sine eigne høge mål for å få meir til materialgjenvinning og ombruk understrekar behovet for kostnadseffektive og innovative løysingar. SIM har lang tradisjon for samarbeid med andre kommunale renovasjonsselskap. Ved å dele på kostnadar til utvikling og investeringar aukar moglegheitene for å nå gjenvinningsmåla. I 2023 hadde SIM, HIM og Karmøy kommune eit felles prosjekt med å utgreia ulike ombrukskonsept. Samarbeid med andre miljø- og renovasjonsselskap vil vere minst like viktig framover.

I mars 2023 henta styret inspirasjon frå Kretsløpsparken til Sirkula på Hamar. Dei har fått til eit flott ombrukssenter. Besøket gav verdifull innsikt til vidareutviklinga av vårt eige ombrukskonsept.

I november vitja verksemda miljøsentralen i Bø. Dette er Norges einaste sjølvbetente miljøsentral. Me trur ei liknande løysing i SIM ville blitt satt pris på av våre kundar, spesielt på dei mindre miljøsentralane med avgrensa opningstider. Me vil difor jobba vidare med eit slikt konsept i SIM.

Meir til ombruk

April 2023 markerte eit vendepunkt for våre miljøsentralar i Austevoll, Fitjar, Sveio, og Tysnes med utvidinga av vårt ombrukskonsept. Dette har gjort ombruk tilgjengeleg på alle våre 7 miljøsentralar, ei satsing som understrekar vårt engasjement for ombruk og sirkulær økonomi. Same tida byrja me å ta betalt for ombruksvarene. Dette betra vårt konsept ved å synleggjere verdien av varene. Samstundes var det eit viktig grep på vegen mot ombruksbutikkar som er sjølvfinansiert gjennom sal. Kundane har gitt gode tilbakemeldingar på satsinga.

I oktober tok me skrittet vidare ved å opprette ei halvårleg prosjektstilling for ombruk. Dette vart gjort for å ytterlegare kunne utvikle ombrukskonseptet vårt.

Eg ser framover mot ei spennande tid for både SIM og bransjen. Takk til våre dyktige tilsette, kundar, samarbeidspartnarar, styret og eigarkommunane for dykkar innsats, støtte og samarbeid.

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Tilsette

Ole Johannes Støle - Dagleg leiar

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Lars Halleraker - Driftleiar miljøsentralar

Lars Halleraker

Driftleiar miljøsentralar

Arild Vik - Driftsleiar innsamling

Arild Vik

Driftsleiar innsamling. Tilsette sin representant i styret f.o.m okt.

Malvin Helland Andahl - Driftsleiar slutthandsaming

Malvin Helland Andahl

Driftsleiar slutthandsaming

Janne Hillersøy - Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Janne Hillersøy

Plan, innkjøp og kommunikasjons-ansvarleg

Morten Fadnes - Administrasjons- og økonomileiar (t.o.m 23.06.23)

Morten Fadnes

Administrasjons- og økonomileiar (t.o.m 23.06.23)

Tilsette

Ørjan Steinsland Opperud - Administrasjons- og økonomileiar (f.o.m 15.06.23)

Ørjan Steinsland Opperud

Administrasjons- og økonomileiar (f.o.m 15.06.23)

Trude Vedå - Økonomiansvarleg

Trude Vedå

Økonomiansvarleg
Vararepresentant for dei tilsette i styret

Sissel Lønning - Kundehandsamar, 80 % stilling

Sissel Lønning

Kundehandsamar
60 % stilling

Trine Tverborgvik - Kundehandsamar

Trine Tverborgvik

Kundehandsamar

Linn Jeanett Økland - Kundehandsamar, 80 % stilling

Linn Jeanett Økland

Kundehandsamar
80 % stilling

Kjell Bolme - Operatør omlastehall, Heiane

Kjell Bolme

Operatør omlastehall, Heiane (t.o.m 31.12.22)

Tilsette

Vegard W. Birkeland - Operatør omlastehall, Stord (f.o.m 01.02.23)

Vegard W. Birkeland

Operatør omlastehall, Stord (f.o.m 01.02.23)

Thom Arne Fredriksen - Operatør omlastehall

Thom Arne Fredriksen

Operatør omlastehall

Einar Breivik - Operatør kompost

Einar Breivik

Operatør kompost

Bjørn Leon Vestbøstad - Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Bjørn Leon Vestbøstad

Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Sammy Sagvaag - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Sammy Sagvaag

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Lars Miles Storaas - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Lars Miles Storaas

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Tilsette

Olaf Skram - Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Olaf Skram

Formann / kundehandsamar miljøsentral Stord

Aimar Hansen - Kundehandsamar miljøsentral Heiane og Sveio

Aimar Hansen

Kundehandsamar miljøsentral Stord og Sveio

Kurt Harry Dahl - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kurt Harry Dahl

Kundehandsamar miljøsentral Stord

Frank Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Frank Verpelstad

Kundehandsamar miljøsentral Heiane
Tilsettesrepresentant i styret i SIM t.o.m sept

Kenneth Fjelland - kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Kenneth Fjelland

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Marita Kjærland - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad, 4 % stilling

Marita Kjærland

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad, 4 % stilling

Tilsette

Sissel Torkelsen Larsen - Kundehandsamar Bømlo miljøsentral frå 15.08.2022

Sissel Torkelsen Larsen

Kundehandsamar Bømlo miljøsentral frå 15.08.2022

Rebekka Høgestøl - Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 60 % stilling, Prosjektstilling Ombruk, 40 % stilling

Rebekka Høgestøl

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 60 % stilling
Prosjektstilling Ombruk, 40 % stilling

Gry Bakke Rosvold - Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 54 % stilling

Gry Bakke Rosvold

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
54 % stilling

Kjell Frode Hole - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll, 54 % stilling

Kjell Frode Hole

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll
54 % stilling

Kurt Thomassen - Kundehandsamar, 54 % stilling

Kurt Ole Thomassen

Kundehandsamar
54 % stilling

Gry Kristin Karlson - Kundehandsamar miljøentral Sveio, 53 % stilling

Gry Kristin Karlson

Kundehandsamar miljøsentral Sveio
53 % stilling

Tilsette

Stian Selle - Kundehandsamar miljøsentral, Stord 7 % stilling, 01.04 Bømlo 4 % stilling

Stian Selle

Kundehandsamar miljøsentral
Stord 7 % stilling
01.04 Bømlo 4 % stilling

Eirik Vedå Halvorsen - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Eirik Vedå Halvorsen

Kundehandsamar miljøsentral Stord.
8 % stilling (t.o.m. 01.09.23)

Håvard Holmedal - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 7 % stilling

Håvard Holmedal

kundehandsamar miljøsentral Stord
8 % stilling

Maria Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Maria Verpelstad

kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling

Kine Fatland - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Kine Fatland

kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling

Britt Guri Bjelland - Kundehandsamar miljøsentral Stord, 8 % stilling

Britt Guri Bjelland

kundehandsamer miljøsentral Stord
8 % stilling

Styret si årsmelding

Driftsaktivitet

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall og tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundemålingar viser at kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga. Selskapet har ingen pågåande forskings- eller utviklingsaktivitetar.

Vidare drift

Årsrekneskapen for 2023 er satt opp under føresetnad om framleis drift. I samsvar med rekneskapslova § 3-3 blir det stadfesta at føresetnaden for framleis drift er til stades. Til grunn for vurderinga ligg årsrekneskapen for 2023.

Sunnhordland

Driftsinntekter

Selskapet hadde i 2023 ei samla inntekt på 132 mill. kr noko som er 7,9 mill. kr meir enn budsjettert. Inntektene frå kommunalt er 0,5 mill. kr høgare enn budsjett og skuldast refusjon for båtvrak som ikkje var inkludert i budsjett. Inntektene frå næring er 6,3 mill. kr høgare enn budsjettert og skuldast auka aktivitet på deponiområdet. Inntektene frå slamtømmeaktivitetar var 2,2 mill. kr høgare enn budsjettert og skuldast i hovudsak oftare tømming av dei kommunale reinseanlegga og at dei kommunale stor-tankane har levert meir til SIM.

Driftskostnader

Driftskostnadene for 2023 var totalt 131,3 mill. kr. Kostnadane er 7,9 mill. kr høgare enn budsjettert og driftsresultatet viser eit overskot på 2,4 mill. kr. Utdeling frå miljøfondet vert vist som driftskostnader i rekneskapen og det er delt ut 3,8 mill. kroner i 2023, det er noko meir enn tidlegare år. Miljøfondet vert tillagt rente og netto uttak frå fondet i 2023 er 2,4 mill. kr som vert lagt til eigenkapitalen til SIM. Sjølvkostområda kommunalt og slam vert utlikna i rekneskapen ved å føre resultatet som andre driftskostnader og tilført fonda for renovasjon og slam.

Netto finanskostnader

Sum finansposter er 2,3 mill. kr høgare enn budsjettert og skuldast høgare innskotsrente i 2023.

Resultat

SIM sitt ordinere resultat før skatt blei eit overskot på 3,6 mill. kr og resultat etter skatt 2,4 mill. kr.

Kommunalt avfall hadde eit overskot på 2,9 millionar kroner, som er tilført renovasjonsfondet. Fondet er ved slutten av året på 16,1 millionar kroner. Slamtømmeaktivitetane hadde eit overskot på 0,3 millionar kroner. Overskotet blir tilført slamfondet som ved årsskiftet var på 2,2 millionar kroner.

Næringsaktivitetane hadde eit overskot før skatt på 4,9 mill. kroner.

Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter. SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte, og for å driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet skal årleg vurdera kva som er nødvendige avsetjingar for å dekke framtidige kostnader. Det er ikkje sett av ekstra midlar til fondet i 2023 og i rekneskapen står fondet med 70,4 millionar kroner.

Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen gjev eit rett bilete av selskapet sin eigneluter og gjeld, finansiell stilling og resultat.

Det er ikkje teikna styreansvarsforsikring i selskapet.

Kontantstraum

Nettokontantstraum for operasjonelle aktivitetar var på 24,8 mill. kr. Dei samla investeringane var på 5,8 mill. kr. SIM har finansiert investeringane sine utan lån. Selskapet har ved årskifte likvide midlar på 100,1 millionar kroner.

Balanse

Eignelutane til SIM var på 314 mill. kr. Eigenkapitalen til selskapet er på 202,9 mill. kr. Deler av eigenkapitalen er bundne midlar. Langsiktig gjeld består av netto pensjonsskuld på kr 1,6 mill. kr. og etterdriftsfondet på 70,4 mill. kr og kommunalt- og slamfond på 18,4 mill. kr. Dei kommunale fonda for avfall og slamtøming er pengar som abonnentane skal ha tilbake i løpet av 3-5 år. Likviditeten i selskapet er god.

Finansiell risiko

SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.

Utgreiing om likestilling og arbeid mot diskriminering

Tilstand for kjønnslikestilling:

Kjønnsbalanse Deltid Ufriviljug deltid Uttak av veker foreldrepermisjon
Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner Menn Kvinner
Tal 20 13 4 7 0 2 6 0
Prosent 61 % 39 % 36 % 64 % 0 % 100 % 100 % 0 %

Ved utgangen av 2023 var det 24,99 årsverk i SIM delt på 33 tilsette. Tretten av dei tilsette var kvinner og 20 var menn. Det var i 2023 ein midlertidig prosjektstilling. Det er i tillegg ein lærling i selskapet.

Sju kvinner og fire menn var i deltidsstillingar og det er ei overvekt av tilsette som er i friviljug deltidsstilling. Selskapet har to grupper lønskategoriar: Gruppe 1 som omfattar kundehandsamerar og operatørar og gruppe 2 som omfattar leiargruppa og rådgjevar.

Av den totale arbeidsstokken er det 39 % kvinner fordelt på 42 % av gruppe 1 og 29 % av gruppe 2. Gjennomsnittsløna til menn samla for gruppe 1 og 2 er 10 % høgare enn gjennomsnittsløna til kvinnene. I gruppe 1 er gjennomsnittsløna for menn og kvinner om lag lik, menn har 2 % høgare løn enn kvinnene. I gruppe 2 er gjennomsnittsløna til menn 10 % høgare enn kvinnene si gjennomsnittsløn. Løn til dagleg leiar er teken med i statistikken for gruppe 2. Alle løner er omgjort til fulle stillingar. Stillingar med same ansiennitet og stillingar med same ansvar har lik løn, uavhengig av kjønn.

Sjukefråværet var på 3,7 %. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styret er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve. Det er teke ut 6 veker foreldrepermisjon av menn.

Arbeidet med likestilling og diskriminering

Arbeidsmiljø og personale

Selskapet arbeider aktivt for auka likestilling og mot diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kombinasjonar av desse grunnlaga. Arbeidet omfattar områda: rekruttering, løn- og arbeidsvilkår, forfremming, utviklingsmogelegheitar, tilrettelegging og mogelegheit for å kombinere arbeid og familieliv. Selskapet arbeider for å hindre trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald.

SIM oppretta AMU (arbeidsmiljøutval) i 2022 (AMU). AMU har hatt fire møter i 2023, og arbeidet med likestilling og diskriminering skal vera tema i utvalet.

Abonnentar/kundar

Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova. Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er òg søkt utforma med tanke på universell utforming. Det er utvikla informasjonsbrosjyrar og sorteringsguidar på fleire ulike språk.

Det er lagt til rette for at abonnentar som ikkje nyttar datamaskin eller smarttelefon kan få tilsendt tømmekalender og anna informasjon på papir.

Grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold

Forankring av anvarskjensle

SIM jobbar aktivt for å sikre at ein respekterer grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold i vår eiga verksemd og i leverandørkjeda vår. SIM har i 2023 forankra dette i vårt internkontrollsystem, i leiinga og i organisasjonen. Alle våre innkjøpskontraktar og avtalar inneheld ei forplikting til å respektere grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.

Kartlegging og vurdering av negativ påverking/skade

I 2023 har SIM gjennomført revisjon av ein større innkjøpskontrakt. Ein har særleg fokus på å revidere selskapet sine kontaktar der ein vurderer at risikoen for brot på menneskerettar og anstendige arbeidsforhold kan vera størst.

Det vart ikkje funne alvorlege negative konsekvensar som kravde tiltak.

Openheitslova

SIM har publisert en redegjørelse om aktsomhetsvurderinger på sim.as, med tiltak og vurderinger for å sikre rettferdige arbeidsforhold og menneskerettigheter. Arbeidet inkluderer kartlegging og vurdering av risiko for menneskerettigheter og arbeidsforhold i vår verksemd og leverandørkjeda.

Ytre miljø

Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovudsakleg som fylgje av at nedbør vaskar ut dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmoget. Det er etablert reinseanlegg for å redusera utsleppa ytterlegare, og det er etablert anlegg for handsaming av metangass frå deponiet. Analyser viser at det er låge nivå av jern, tungmetall og organiske miljøgifter i sigevatn frå deponiet. Det kan til dels tilskrivast effekten av reinseanlegget som har god reinseffekt for jern. Noko som òg medfører reinsing av tungmetall og organiske miljøgifter. For olje og aromatiske løysemiddel var det ikkje kvantifiserbare mengder i sigevatnet i 2023. I løpet av 2024 vil ein avskjere fleire områder med vassføring og tildekking/lukking av ferdigstilte områder det vil føre til mindre utlekkning og ein merkbar reduksjon av vasstilløp gjennom reinseanlegget, dermed ein betre reinsing av sigevatnet.

Framtida

SIM vil halde fram med å leggja til rette for gode sorteringsordningar. Det siste året er det innført nye krav nasjonalt, som igjen kjem frå EU. Desse krava vil føre til nye ordningar dei næraste åra, mellom anna med utsortering av fleire fraksjonar og eit utvida tilbod til hytteabonnentar. Miljøsentralane har vore, og vil framleis vera. den staden som gjer oss høve til å gje eit tilbod om ombruk til alle våre kundar, i alle eigarkommunane. Styret kjenner seg trygg på at SIM gjev innbyggjarane gode miljørette tenester, der kostnadar og miljønytte er med i vurderingane.

Vidare drift

Årsrekneskapen for 2023 er satt opp under føresetnad om framleis drift. I samsvar med rekneskapslova § 3-3 blir det stadfesta at føresetnaden for framleis drift er til stades. Til grunn for vurderinga ligg årsrekneskapen for 2023.

Stord, 22. mars 2024.

Solveig Grønsdal

Styreleiar

Elisabeth Sandven

Nestleiar

Edvard Johannes Stangeland

Styremedlem

Lisa Instefjord Gilje

Styremedlem

Inge Reidar Kallevåg

Styremedlem

John Kristian Økland

Styremedlem

Marit Årthun

Styremedlem

Arild Vik

Styremedlem

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

 

 

 

Ditt avfall

 

 

 

 

Avfallsmengder

I 2023 såg me ein nedgang i mengda av innsamla hushalds- og hytteavfall på renovasjonsrutene. Derimot opplevde både innsamla næringsavfall og næringsavfall til deponi ein oppgang. Besøkstala på miljøsentralane auka.

Sammenlikna med talet på kundar, var det få klager i 2023, som fortset den positive trenden frå 2022.

ikon-avfallsmengde 58065 tonn

Totale avfallsmengder i 2023.

Samla avfallsmengder som SIM tek hand om

Til saman 58 065 tonn

Hushaldsavfall

Hentefraksjonane (rest, bio, plast, papir og glas-/metallembalasje) hadde ein nedgong på 3 % frå 2022 til 2023. Totalt hadde mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein nedgong på 1,84 %.

Kvar innbyggjar leverte 423 kg avfall i 2023. Totalt tok SIM hand om 26 175 tonn frå hushaldningane. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.

Mengder hushaldsavfall

Samla mengde hushaldsavfall i tonn

Avfall henta heime hos folk (medrekna hytteavfall)

Til saman: 14 472 tonn

Attvinning (Hushald)

Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane minka med 2 % frå 2022 til 2023. Innsamla mengder i 2023 var 14 472 tonn. Totalt mottok SIM 26 175 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland. 95 % av det som vart samla inn vart sendt til attvinning. Attvinningsprosenten har auka mykje sidan 2003, som var det året SIM starta med å senda avfall til attvinning. Då var attvinningsprosenten på 48 %.

38,5 % av hushaldsavfallet vart sendt til materialgjenvinning. Målet er at ein skal vera over landsgjennomsnittet på 43 % (2021 tal), og deretter nå EU-måla.

Hushaldsavfall til gjenvinning

Til saman: 24 908 tonn

Hytterenovasjon

Det vert stadig bygd nye hytter i SIM-kommunane, og ordninga for hytterenovasjon er under kontinuerleg utvikling. Nye konteinarstader kjem til og kapasiteten på eksisterande lokalitetar vert auka. I 2023 var det tøming av hyttekonteinera to gonger per. veke i heile juli og halve august, mot normalt éin gong i veka i sommarhalvåret.

SIM si ordning for hytteabonnentar er hyttekonteinera, konteinera for glas- og metallemballasje og/eller hyttedunk. Hyttekundar kan sortere avfall ved og bestille vanleg tre-dunk system som hushaldsabonnentane har. I tillegg kan dei levera avfall på våre miljøsentralar.

Avfall frå hytter gjekk ned i 2023. Feilsortering frå returpunkt har auka noko. SIM opplever at enkelte misbrukar ordninga og dumpar grovavfall, EE-avfall og farleg avfall i konteinere. SIM måtte gjera tiltak med tanke på tømetider og ettersortering i omlastehall og må jobba videre med haldningsarbeid og kontroll. Mykje av det ein plukkar ut i hallen er gratis å levera både til Miljøsentral og der ein sel elektrisk. SIM har skifta ut ein del gamle konteinere med nye galvaniserte konteinere som er meir tilpassa vestlandsklima.

Deponi

I 2023 vart det levert 21 012 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein auke på om lag 43 % frå året før. Årsaka til auken er at ein har teke i mot større mengder avfall frå næringslivet.

Ein har no i hovudsak skilt ut plastprodukt som ikkje kan gjenvinnast frå ordinèr deponicelle til eiga celle, Denne fraksjonen er sett høgare pris på og difor har ein fått mindre/ikkje avvik på desse leveransane. Ved å skilje dette frå hovudcella reduserer me brannfaren på begge plassar og gjer det enklare og avdekka avvik med mottakskontroll.

Mengder til deponi

Mengder levert til deponi 21 012 tonn

Slamtømming

SIM henta i 2023 slam frå heilårsbustadar/fritidsbustader i Sveio og Bømlo, samt heilårsbustader i Kvinnherad. Totalt vart det utført 5130 ordinære tømmingar, 88 kommunale tankar, 197 minireins/tett tank og 183 naudtømmingar eller tømming utanom rute.

Trenden er stadig strengare reinsekrav med fleire minireinsanlegg og fleire kommunale anlegg. SIM hadde også nokre tømmingar med båt/ferje på øyar utan vegforbindelse.

Kostnadsindeks for lastebiltransport auka med 12,5% i 2023. Ein opplever framleis lang ventetid på deler/utstyr og må passe ekstra godt på utstyr ein treng til arbeidet.

Hushaldsavfall

Avfallsmengda gjekk ned i også 2023, medan kostnad på transport auka med 12,5%. Kostnad auka derfor trass mindre mengder. Frå 1.januar 2023 kom strengare krav til utsortering av mat og plastavfall.

Dei nye krava gjeld for heile landet og omfattar både hushaldningar og husholdsliknande avfall frå offentlege og private selskap. Ny forskrift inneheld krav om at ein stadig større del av brennbart avfall skal til materialattvinning, med fleire delmål i åra som kjem. SIM har allereie mykje av dette på plass men må finna gode alternativ for å nå krava fram mot 2035. Det er også kome strengare krav til dokumentasjon og rapportering av kva som går til materialattvinning. SIM har eit godt tenestetilbod, driv effektiv med ein liten administrasjon og dyktige tilsette. Det gjer at me kan visa til låge gebyr samanlikna med liknande selskap, sjølv om alle nye krav og avgifter vil gje ein gebyrauke også her når ein driv etter sjølvkostprinsippet.

 

 

 

Vårt samfunn

 

 

 

 

Eit reinare Sunnhordland

SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.

Ryddig sunnhordland

Rydd Sunnhordland

17 velforeiningar søkte om å rydde i nærmiljøet i 2023. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt.

Ryddeaksjonar

-->

* Starta opp i 2014

Rydd ei strand

SIM har i mange år støtta lag og organisasjonar som ynskjer å rydda strender som ingen andre har ryddeansvar for. SIM bidrog til at 25 slike aksjonar resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland. Det er sett av 100 000 kroner årleg for å støtta slike aksjonar.

Meld frå om forureining

SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i over 200 saker.

Ryddestøtte til næringsaktørar

I 2023 starta SIM ei 2-årig prøveordning for næringslivet i Sunnhordland. Ordninga gjekk ut på at ein kan søkje støtte til levering av marint avfall. Den totale potten for støtte som ein kan søkje av er avgrensa til 100 000,- pr. år, fordelt på søkjarane, dersom det er fleire.

Det kom inn ein søknad om slik støtte i 2023, og summen var på kr 32 180. Det er berre verksemder som har rydding av marint avfall som hovudaktivitet, som kan søkje og ordninga er avgrensa til avfall som er rydda i eigarkommunane til SIM.

Informasjon

SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling.

SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, miljøsentralar, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2023.

I 2023 var det lansert ei ny side for våre abonnentar «Mitt SIM»: Ei digital løysing der abonnentane kan logge seg inn på si eiga side for og få informasjon om sitt abonnement. I tillegg kan dei enkelt endre/bestille tenester frå SIM.

Det vil stadig vera behov for å utvikle tenestene mot innbyggjarane og abonnemntane. Framover vil nokm digitale tenester får meir og meir fokus. SIM vil vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.

Skuleprosjektet

I 2023 var 550 fjerdeklassingarpå besøk hjå SIM for å læra om kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling. SIM betalar reisa for skuleklassane og dette plar vera eit svært populært tilbod.

SIM sitt miljøfond

I 2014 selde SIM dotterselskapet SIM Næring. Det vart vedteke i representantskapet at ein skulle opprette eit miljøfond og plassere overskotet frå salet der. Fondet sin verdi er ved utgangen av 2023 om lag 42,4 millionar kroner. SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av. Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes: lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar. Styret i SIM set opp prioritert liste over tildeling av midlar. Representantskapet handsamar tildelinga som eiga sak på representantskapsmøtet. I 2023 fekk 38 søkjarar innvilga støtte frå fondet. Totalt vart det delt ut 4 334 861 kroner.

Andre tilskotsordningar

5 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve litt tilskot til basarar og loppemarknadar.

 

 

 

Miljøsentralar

 

 

 

 

Kundar og avfall i 2023

I 2023 var det 80 046 vitjingar ved dei sju miljøsentralane våre. Kundane leverte 14173 tonn avfall og totalt kom 44 % av hushaldsavfallet inn via miljøsentralane. Selskapet fokuserer på farleg avfall og stadig fleire avfallstypar vert definert som farleg avfall. Skjerpa krav til drift av anlegg som skal ta i mot farleg avfall fører til auka kostnader.

Selskapet har godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall gjennom våre miljøsentralar. Om lag 4,6 % av avfallet selskapet tek i mot frå hushald er farleg avfall. Dette avfallet kjem inn via miljøsentralane. Selskapet har i tillegg ryddetiltak som i mange tilfelle fører til opprydding av slikt avfall i naturen. I 2023 tok SIM i mot 1198 tonn farleg avfall frå hushald.

Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, resten er dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringsdrivande skal betale fulle kostnader.

Kundar

80046

Tal på kundar i 2023

Vitjingar i 2023

SIM sine miljøsentralar hadde ei auke i besøkstalet på 3,6 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen hadde ein nedgong på 0,5 % frå 2022. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein tredjedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

kundar-prosent 3,6 %

fleire vitjingar i 2023.

Kundar ved SIM sine miljøsentralar

Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2023 var 80 046 personar

Mengder hushaldsavfall

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2023 var 11 528 tonn

Farleg avfall

Kvar innbyggjar leverte om lag 19,38 kg farleg avfall i 2023

Kompostanlegg

Komposteringsanlegget tok imot 2 967 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 2339 tonn frå næringskundar og andre kommunar. I tillegg tok ein i mot 2190 tonn avvatna slam frå SIM-kommunar og 2069 tonn slam frå næringskundar. Ein har og teke mot 614 tonn reint trevirke og 1795 tonn hageavfall frå hushald og næring. Komposten som blir produsert i Svartasmoget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2023 var kr 450 kr per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.67 millionar kroner eks. mva.

Totalt vart det handsama 11 974 tonn i komposteringsanlegget i 2023.

 

 

 

Mengder til kompostering

11 974 tonn i 2023

Selde mengder kompost

Totalt 5 519 tonn i 2023

 

 

 

Gjennvinning

 

 

 

 

Avfallspyramiden

Afallspyramiden

Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.

Ombruk

Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.

Materialgjenvinning

Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.

Energiutnytting

Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2023 vart 95 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.

38,5% av avfallet vart sendt til materialgjenvinning.

Heimekompostering

11 prosent av abonnentane komposterer bioavfallet sitt heime, om lag som i 2022. Totalt er det 2717 registrerte bingar. I tillegg kjem 330 kundar som deler binge med andre. Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Om kvar innbyggjar produserer 90 kilo bioavfall i året, vart det i 2023 heimekompostert 686 tonn avfall.

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.

Renovasjonsgebyr - dunkar

Kommunalt abonnementsgebyr for hus i 2023

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement hushald i 2023

Tall i kr inkludert meirverdiavgift — Inkludert kunden sitt val av dunkløysning

Renovasjonsgebyr fritidsbustad 2023

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Slamtømmegebyr for heilårshus i 2023

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Dette går gebyret til

Rekna ut frå eit snittgebyr på 2 894 kroner i 2023

Etterkalkulasjon sjølvkostområder

Kommunane og sjølvkost

Avfallsgebyret skal fastsetjast slik at det svarar til dei totale kostnadane kommunen vert påført ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning. Kommunen skal ikkje ha forteneste på slik avfallshandtering, berre kostnader ved, og inntekter frå lovpålagt handtering av hushaldsavfallet skal inngå i berekning av avfallsgebyret.

For sjølvkostområda renovasjon og slamtømming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvskostområde i kommunen. Kommunane har kostnadar med desse tenestene i tillegg til dei som SIM belastar sjølvkostområda.

På oppdrag frå kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar og Kvinnherad utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).

SIM og sjølvkost

Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtømming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.

For 2023 viser rekneskapen slikt resultat: Hushaldsrenovasjon Slamtømming
Inntekter kr 83 089 715 kr 13 250 997
Kostnader kr -80 687 174 kr -13 021 743
Årsresultat kr 2 402 541 kr 229 255
Fond ib 01.01.23 kr 13 216 866 kr 1 952 275
Fond ub 31.12.23 kr 16 123 961 kr 2 256 057

Hushaldsrenovasjon og slamtømming

Hushaldsrenovasjon Slamtøming
% KR % KR
Austevoll 9,15 1 466 803 17,62 397 443
Bømlo 18,28 2 947 861 22,82 514 735
Fitjar 5,11 823 642 5,15 116 111
Kvinnherad 20,90 3 369 226 21,97 495 664
Stord 34,67 5 590 571 4,14 93 327
Sveio 7,06 1 138 458 16,32 368 078
Tysnes 4,88 787 401 12,00 270 700
Totalt 100 16 123 961 100 2 256 057

Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*

*(fordelt etter abonnentar per.kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)

SIM sin praksis for 2023

Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.

SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».

Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.

Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.

Melding frå uavhengig revisor

Til representantskapet i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Konklusjon

Vi har revidert årsrekneskapen til Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS.

Årsrekneskapen består av:

  • Balanse per 31. desember 2023
  • Resultatrekneskap for 2023
  • Kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per 31. desember 2023
  • Notar til årsrekneskapen, irekna eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.

Etter vår meining:

  • Oppfyller årsrekneskapen gjeldande lovkrav, og
  • Gjev årsrekneskapen eit rettvisande bilete av den finansielle stillinga i selskapet per 31. desember 2023, og av resultata og kontantstraumane for rekneskapsåret avslutta i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk i Noreg.

Grunnlag for konklusjonen

Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med International Standards on Auditing (ISA-ene). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet i samsvar med krava i relevante lover og forskrifter i Noreg og International Code of Ethics for Professional Accountants (medrekna dei internasjonale standardane om habilitet) utgjeve av International Ethics Standards Board for Accountants (IESBA-reglene), og vi har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår vurdering er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Annan informasjon

Styret og daglig leiar (leiinga) er ansvarlege for anna informasjon. Annan informasjon består av årsmeldinga. Vår konklusjon om årsrekneskapen over dekkjer ikkje annan informasjon. I forbindelse med revisjonen av årsrekneskapen er det vår oppgåve å lese annan informasjon. Formålet er å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom annan informasjon og årsrekneskapen og den kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen av årsrekneskapen, eller om informasjon i annan informasjon elles framstår som vesentlig feil. Vi har plikt til å rapportere dersom annan informasjon framstår som vesentlig feil. Vi har ingenting å rapportere i så måte.

Konklusjon om årsmeldinga

Basert på kunnskapen vi har opparbeida oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga

  • er konsistent med årsrekneskapen og
  • inneheld dei opplysningar som skal framkoma i henhold til gjeldande lovkrav.

Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen

Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at det gjev eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg. Leiinga er óg ansvarleg for slik intern kontroll som den finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil.

Ved utarbeidinga av årsrekneskapet må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til vidare drift og opplyse om forhold av betydning for vidare drift. Føresetnaden om vidare drift skal leggjast til grunn for årsrekneskapen så lenge det ikkje er sannsynleg at verksemda vil bli avvikla.

Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen

Vårt mål er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av sikkerheit, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med ISA-ene, alltid vil avdekke vesentlig feilinformasjon. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil. Feilinformasjon er å ansjå som vesentleg dersom den enkeltvis eller samla innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke dei økonomiske avgjerdene som brukarane tar på grunnlag av årsrekneskapen.

For vidare beskriving/omtale av revisor sine oppgåver og plikter visast det til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger

Stord, 23. mars 2024

BDO AS

Solveig Bø Dalstø

Statsautorisert revisor

(elektronisk signert)

Revisor melding i pdf format