Lastar innhald...

Årsmelding 2020

Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen er på Heiane, i Stord kommune.

abonnentar 48047 abonnentar

Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Innbyggjarar: 60 998
Hushaldsabonnentar: 27 021
Hytte abonnentar: 8 172
Abonnentar som heimekomposterer: 3 126
Abonnentar med slamavskiljar: 12 854
Kilo avfall per innbyggjar 2020: 486 kg

SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 60 998 innbyggjarane og 8 172 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir-, plast- og restavfall.

Administrasjonen held til på Heiane i Stord kommune, der selskapet har administrasjonsbygg, miljøsentral og omlasteanlegg. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. I Svartasmoget, Fitjar kommune, har selskapet kompostanlegg og deponi. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja til rette for at ressursane i avfallet vert nytta.

§ 4 Føremål

  1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.
  2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
  3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar når det gjeld gjenvinning.
  4. Å bidra til miljøtiltak i eigarkommunane.
  5. Selskapet har ikkje erverv til føremål.

§ 5 Selskapet sine oppgåver:

  1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
  2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
  3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
  4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.

Representantskap, styre og administrasjon

Medlemskommunar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Representantskap
23 medlemmar

Leiar:
Ordførar i Bømlo

Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.

Leiar:
Rune Sandvik (Fitjar)

Administrasjon og hovudanlegg
Heiane, Stord

Dagleg leiar:
Ole Johanne Støle

Organisering

Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.

Representantskap

Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 23 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 6, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eit møte i 2020 (8. mai) og handsama 12 saker.

Styre

Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde sju møter i 2020.

Styret i SIM 2020

Rune Sandvik

Styreleiar

Solveig Grønsdal

Nestleiar

Edvard J. Stangeland

Styremedlem

Elisabeth Sandven

Styremedlem

Hein Schaug

Styremedlem

Jorunn Skåden

Styremedlem

Otto Benjaminson

Styremedlem

Frank Verpelstad

Representant for tilsette

Ole Johanne Støle

Dagleg leiar

Dagleg leiar

«Pandemien har ført til ein stor auke i avfallsmengder frå samtlege kundegrupper i privatsegmentet.»

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Eit spesielt år

Koronapandemien har naturlegvis også satt sitt preg på selskapet. I februar kom dei fyrste smittetilfella til Norge og ein visste lite korleis dette ville slå ut for landet, bransjen og SIM. Me var tidleg ute med å stenge miljøsentralane. Desse var stengde i 3 veker frå 17. mars. Kundemottaket var i same tida stengt for besøkande.

Det var to hovudårsaker til stenginga. Ein ynskte å bidra til lokalt smittevern ved å stenge ein arena der folk kunne verta smitta, og ein ynskte også å verne eigne tilsette mot å verta smitta. Etter påtrykk frå myndigheitene og meir kunnskap om pandemien, valte ein å opna miljøsentralane att med skjerpa smitteverntiltak.

Store deler av året har største delen av administrasjonen jobba frå heimekontor. Dette har fungert godt og ein har fått utført arbeidsoppgåvene. Møter og samtalar har i stor grad vorte gjennomført digitalt som videomøter. Samstundes som ein har erfart at ein får løyst arbeidet på heimekontor, saknar ein den jamlege kontakten med kollegaer. Verken informasjonsskriv eller digitale møter kan erstatte den gode dialogen på tradisjonelle treffstadar.

Frå heilt i starten av pandemien har SIM og våre samarbeidspartnarar hatt stort fokus på beredskapsløysingar og planlagt reserveløysingar for ulike måtar pandemien kunne råka oss og våre samarbeidspartnarar på. Heldigvis vart det ingen smittetilfeller i selskapet i 2020. Også våre samarbeidspartnarar har i stor grad gått klar og saman har me kunna oppretthaldt tilnærma normal drift.

Auka avfallsmengder frå private

Pandemien har ført til ein stor auke i avfallsmengder frå samtlege kundegrupper i privatsegmentet. Utanlandsferien vart for mange bytta ut med Norgesferie og på hyttene i Sunnhordland har dette resultert i fleire overnattingsdøgn. Hytteavfallet auka med heile 12,9%.

Folk flest har og måtta tilbringe meir tid enn normalt i heimen dette året. Det ser me ved at hushaldsavfallet har auka med 5% og på miljøsentralane vart auken på 7%.

Glas og metall

Januar 2020 innførte SIM dunk for glas & metall emballasje. Erfaringane til andre selskap som allereie hadde innført denne ordninga gjorde at me forventa ein auke på om lag 50% innsamla mengde. Resultat til no er svært godt med nær dobla mengde samanlikna med åra før. Fraksjonane kan materialgjenvinnast omtrent i det uendelege, noko som gjer resultatet ekstra verdfullt.

Brann på deponiet

I august hadde me ein brann på vårt deponi. God innsats frå eigne tilsette og svært effektiv sløkking frå brannvesenet gjorde at ein raskt fekk kontroll. Allereie etter 2,5 time var brannen sløkt. Ein mistenkjer at avvik i ein leveransane med påfølgjande sjølvtenning er årsaka til brannen. Endå nøgnare og strengare mottakskontroll er difor ein av fleire driftsjusteringar me har gjort. Vår bransje er utsett for brannar, og brannførebyggjande tiltak er difor med oss i all drift for å minske faren.

Mot normale tider

Me håpar at 2021 vert året der me etter kvart kan leggja pandemien heilt bak oss og at me kjem tilbake til ein etterlengta normalsituasjon.

Eg vil rette ein stor takk til alle tilsette i SIM som sørgjer for at me leverer gode tenester til innbyggjarane. Takk til kundar, samarbeidspartnarar og eigarkommunar for godt samarbeid.

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Tilsette

Ole Johannes Støle - Dagleg leiar

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Lars Halleraker - Driftleiar miljøsentralar

Lars Halleraker

Driftleiar miljøsentralar

Arild Vik - Driftsleiar innsamling

Arild Vik

Driftsleiar innsamling

Jan Rolf Bekkevold - Driftsleiar slutthandsaming t.o.m 30.8.20

Jan Rolf Bekkevold

Driftsleiar slutthandsaming t.o.m 30.8.20

Malvin Helland Andahl - Driftsleiar slutthandsaming f.o.m 1.6.20

Malvin Helland Andahl

Driftsleiar slutthandsaming f.o.m 1.6.20

Janne Hillersøy - Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Janne Hillersøy

Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Tilsette

Morten Fadnes - Administrasjons- og økonomileiar

Morten Fadnes

Administrasjons- og økonomileiar

Trude Vedå - Økonomi og administrasjonsansvarleg

Trude Vedå

Økonomi og administrasjonsansvarleg
Vararepresentant for dei tilsette i styret

Sissel Lønning - Kundehandsamar, 80 % stilling

Sissel Lønning

Kundehandsamar
80 % stilling

Trine Tverborgvik - Kundehandsamar

Trine Tverborgvik

Kundehandsamar

Olaf Skram - Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Olaf Skram

Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Linn Jeanett Økland - Kundehandsamar, 80 % stilling

Linn Jeanett Økland

Kundehandsamar
80 % stilling

Tilsette

Kjell Bolme - Operatør omlastehall, Heiane

Kjell Bolme

Operatør omlastehall, Heiane

Helge Sæterbø - Operatør omlastehall t.o.m 31.03.20

Helge Sæterbø

Operatør omlastehall t.o.m 31.03.20

Thom Arne Fredriksen - Operatør omlastehall f.o.m 01.04.20

Thom Arne Fredriksen

Operatør omlastehall f.o.m 01.04.20

Einar Breivik - Operatør kompost

Einar Breivik

Operatør kompost

Kjell Frode Hole - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll, 54 % stilling

Kjell Frode Hole

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll
54 % stilling

Bjarte Notnes - Kundehandsamar, 50 & stilling

Bjarte Notnes

Kundehandsamar
50 % stilling

Tilsette

Aina Anita Habbestad - Operatør og kundehandsamar miljøsentral Fitjar t.o.m 30.04.20

Aina Anita Habbestad

Operatør og kundehandsamar miljøsentral Fitjar t.o.m 30.04.20

Bjørn Leon Vepsestad - Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Bjørn Leon Vepsestad

Operatør deponi og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Jostein Johannessen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Jostein Johannessen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Sammy Sagvaag - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo f.o.m 28.04.20

Sammy Sagvaag

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo f.o.m 28.04.20

Oscar Langballe - Formann/kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Oscar Langballe

Formann/kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Lars Miles Storaas - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Lars Miles Storaas

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Tilsette

Aimar Hansen - Kundehandsamar miljøsentral Heiane f.o.m 01.06.20

Aimar Hansen

Kundehandsamar miljøsentral Heiane f.o.m 01.06.20

Kurt Harry Dahl - Kundehandsamar miljøsentral Heiane og Sveio

Kurt Harry Dahl

Kundehandsamar miljøsentral Heiane og Sveio

Frank Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Frank Verpelstad

Kundehandsamar miljøsentral Heiane
Tilsettesrepresentant i styret i SIM

Gry Kristin Karlson - Kundehandsamar miljøentral Sveio, 53 % stilling

Gry Kristin Karlson

Kundehandsamar miljøentral Sveio
53 % stilling

Einar Wierdal - Kundehandsamar miljøsentral Sveio t.o.m 31.05, 60 % stilling

Einar Wierdal

Kundehandsamar miljøsentral Sveio t.o.m 31.05
60 % stilling

Inge Mikal Helland - Kundehandsamar miljøsentreal Tysnes, 68 % stilling

Inge Mikal Helland

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
68 % stilling

Tilsette

Helge Hope - Kundehandsamar miljøsentral Tysnes, 60 % stilling

Helge Hope

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
60 % stilling

Victoria Halleraker - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo, f.o.m, 06.04., 7 % stilling

Victoria Halleraker

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo, f.o.m, 06.04.
7 % stilling

Stian Selle - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo, f.o.m, 01.05., 7 % stilling

Stian Selle

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo, f.o.m, 01.05.
7 % stilling

Eirik Vedå Halvorsen - Kundehandsamar miljøsentral Stord f.o.m 06.04., 7 % stilling

Eirik Vedå Halvorsen

Kundehandsamar miljøsentral Stord f.o.m 06.04.
7 % stilling

Håvard Holmedal - Kundehandsamar miljøsentral Stord, f.o.m, 01.05., 7 % stilling

Håvard Holmedal

Kundehandsamar miljøsentral Stord, f.o.m, 01.05.
7 % stilling

Truls Onarheim Larsen - Kundehandsamar Stord, f.o.m, 01.05., 7 % stilling

Truls Onarheim Larsen

Kundehandsamar Stord, f.o.m, 01.05.
7 % stilling

Styret si årsmelding

Driftsaktivitet

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall og tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundemålingar viser at kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga. Selskapet har ingen pågåande forskings- eller utviklingsaktivitetar.

Sunnhordland

Økonomi

I 2020 hadde SIM ei inntekt på 107,6 millionar kroner. Resultatet til selskapet var på 1,52 millionar kroner. SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte, og for å driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet skal årleg vurdera kva som er nødvendige avsetjingar for å dekke framtidige kostnader. Det er ikkje sett av ekstra midlar til fondet i 2020 og i rekneskapen står fondet med 64,4 millionar kroner. Selskapet hadde eit underskot på kommunalt avfall på 1,2 millionar kroner, som er trekt frå renovasjonsfondet. Fondet er ved slutten av året på minus 3,5 millionar kroner.

Slamtømme-aktivitetane hadde eit underskot på 0,57 millionar kroner. Underskotet vert dekka av slamfondet som ved årsskiftet var på 0,87 millionar kroner. Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter.

Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen gjev eit rett bilete av selskapet sine eigneluter og gjeld, finansiell stilling og resultat. Selskapet sin økonomi har vore lite påverka av det pågåande Covid-19 utbrotet. Det er heller ikkje grunn til å tru at økonomien i særleg grad vil bli påverka det komande året. Basert på dette og den informasjonen som er tilgjengeleg på det noverande tidspunktet, meiner styret det er forsvarleg å legge forutsetninga om framleis drift til grunn ved framlegginga av årsrekneskapen.

Finansiell risiko

SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.

Arbeidsmiljø og personale

Ved utgangen av 2020 var det 27 årsverk i SIM, delt på 32 tilsette. Sju av dei tilsette var kvinner og 25 var menn, av desse er det ingen midlertidig tilsette. Det er teke ut sju veker foreldrepermisjon av menn. Fire kvinner og åtte menn var i deltidsarbeid og det er ei overvekt av tilsette som er i friviljug deltidsstiling. Selskapet har to grupper lønskategoriar. Gruppe 1 som omfattar kundehandsamera og operatørar, og gruppe 2 som omfattar leiargruppa og rådgjevar. Av den totale arbeidsstokken er det 22 % kvinner, og av desse er 20 % i gruppe 1 og 29 % i gruppe 2. Skilnaden i løn blant kvinner og menn er totalt 2,4 %, i favør mennene. I gruppe 1 har menn 2,6 % meir i løn enn kvinnene og i gruppe 2 har mennene 8,7 % meir i løn enn kvinnene. Løn til dagleg leiar er teken med i statistikken for gruppe 2. Stillingar med samme ansiennitet, og stillingar med samme ansvar har lik løn, uavhengig av kjønn.

Selskapet arbeidar aktivt for at det skal vera likestilling mellom menn og kvinner på arbeidsplassen. Renovasjonsbransjen har tradisjonelt vore mannsdominert, men ein ser at fleire kvinner søkjer seg til bransjen.

Sjukefråværet var på 2,8 %. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styret er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve.

Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova. Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er òg søkt utforma med tanke på universell utforming. Selskapet arbeider i personalsamanheng aktivt for å motverka diskriminering, sær-handsaming, trakassering og forskjellshandsaming i strid med lov om likestilling mellom kjønna. Selskapet har ikkje sett i verk spesielle tiltak.

Ytre miljø

Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovudsakleg som fylgje av at nedbør vaskar ut dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmoget. Det er etablert reinseanlegg for å redusera utsleppa ytterlegare, og det er etablert anlegg for handsaming av metangass frå deponiet. Analyser viser at det er låge nivå av jern, tungmetall og organiske miljøgifter i sigevatn frå deponiet. Det kan til dels tilskrivast effekten av reinseanlegget som har god reinseffekt for jern. Noko som òg medfører reinsing av tungmetall og organiske miljøgifter. For olje og aromatiske løysemiddel var det ikkje kvantifiserbare mengder i sigevatnet i 2020.

Framtida

SIM vil leggja til rette for auka sortering også i framtida. 2020 var fyrste heile driftsåret med henteordning for glas - og metallemballasje. Ei ordning som har vore godt motteken av abonnentane. Selskapet har stadig fokus på tilrettelegging av miljø-rette avfallsløysingar. Ein arbeidar med å sikre områder for framtidige miljøsentralar i Austevoll og Tysnes. Det er venta vekst i besøkstalet på miljøsentralane og i avfallsmengdene. Selskapet sin "Ressurs- og miljøstrategi" seier noko om kva mål og føringar ein har for selskapet i framtida, og ein arbeidar for at nye ordningar og planar er forankra i overordna planar og strategiar. Styret kjenner seg trygg på at SIM også i framtida kan gje kundane ei god og kostnadseffektiv renovasjonsordning.

Fitjar, 19. mars 2021.


Dokumentet er signert digitalt av:

Rune Sandvik

Styreleiar

Solveig Grønsdal

Nestleiar

Edvard Johannes Stangeland

Styremedlem

Elisabeth Sandven

Styremedlem

Hein Schaug

Styremedlem

Jorunn Skåden

Styremedlem

Otto Benjaminson

Styremedlem

Frank Verpelstad

Tilsette sin representant

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Ditt avfall

 

 

 

 

 

 

 

Avfallsmengder

Mengda av innsamla hushaldsavfall på renovasjonsrutene hadde ein auke frå 2019 til 2020. Det same gjaldt mengda innsamla hytteavfall. Innsamla næringsavfall på renovasjonsrutene hadde ein auke, det same gjaldt besøka på miljøsentralane.

Samanlikna med talet på kundar vart det i 2020 registrert svært få klager.

ikon-avfallsmengde 77425 tonn

Totale avfallsmengder i 2020.

Samla avfallsmengder som SIM tek hand om

Til saman 77 425 tonn

Hushaldsavfall

Hentefraksjonane (rest, bio, plast, papir og glas-/metallembalasje) hadde ein auke på 5 % frå 2019 til 2020. Totalt hadde mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein auke på 5,5 %. For den nye henteordninga med glas- og metallemballasje var innsamla mengder 979 tonn.

Kvar innbyggjar leverte 486 kg avfall i 2020. Totalt tok SIM hand om 29 651 tonn frå hushaldningane. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.

Mengder hushaldsavfall

  • Mengder i tonn

Samla mengde hushaldsavfall i tonn

Avfall henta heime hos folk (medrekna hytteavfall)

Til saman: 16 035 tonn

Attvinning (Hushald)

Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane auka med 6 % frå 2019 til 2020. Innsamla mengder i 2020 var 16 025 tonn. Totalt mottok SIM 29 651 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland. 95 % av det som vart samla inn vart sendt til attvinning. Attvinningsprosenten har auka mykje sidan 2003, som var det året SIM starta med å senda avfall til attvinning. Då var attvinningsprosenten på 48 %.

ikon-gjenvinning

95 %

 

Hushaldsavfall til attvinning

Totalt 28 117 tonn

Hytterenovasjon

Det vert stadig bygd nye hytter i SIM-kommunane, og ordninga for hytterenovasjon er under kontinuerleg utvikling. Nye konteinarstader kjem til og kapasiteten på eksisterande lokalitetar vert auka. I 2020 var det tøming av hyttekonteinera to gonger per. veke i heile juli og halve august, mot normalt éin gong i veka i sommarhalvåret.

SIM si ordning for hytteabonnentar er hyttekonteinera, konteinera for glas- og metallemballasje og/eller hyttedunk. Hyttekundar kan sortere avfall ved og bestille vanleg tre-dunk system som hushaldsabonnentane har. I tillegg kan dei levera avfall på våre miljøsentralar.

Deponi

I 2020 vart det levert 32 176 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein auke på 25 % frå året før. Av antall motteke tonn er 13104 av desse reine massar (morenemasser) som me tok imot med tanke på omlegging av drifta på deponiet. Noko av dette er allereie brukt til celledeling og tildekking.

Ein har no i hovudsak skilt ut plastprodukt som ikkje kan gjenvinnast frå ordinèr deponicelle til eiga celle, Denne fraksjonen er sett høgare pris på og difor har ein fått mindre/ikkje avvik på desse leveransane. Ved å skilje dette frå hovudcella reduserer me brannfaren på begge plassar og gjer det enklare og avdekka avvik med mottakskontroll.

Mengder til deponi

  • Mengder i tonn

Mengder levert til deponi 32 176 tonn

Slamtømming

I 2020 var det tømming av slamavskiljarar for heilårsbustader og fritidshus i Austevoll og tøming av heilårsbustader i Fitjar, Tysnes og Stord. Svein Klungtveit AS vann konkurransen om å henta slam for SIM og starta på nytt oppdrag med nye bilar frå 01.01.2020. Svein Klungtveit AS er frå Sand og har over 40 års erfaring med slamtømming. I 2020 starta me tømming av eit nytt stort slamanlegg på Stord. Anlegget er på over 500 m3, er lokalisert på Skjersholmane og drives av Stord Vatn og Avlaup. Anlegget tømmes 2-3 gongar pr. år. Å tømma anlegget krev 4-5 bilar i 2 heile dagar.

Totalt vart det tømd 4 083 ordinære tankar i 2020.

Hushaldsavfall

I eit år prega av at mange har halde seg heime grunna smitteverntiltak, har mange gjerne bygd om på hus, terrassar eller hage. Isolasjon og oppmoding om å halda seg heime har ført til at fleire handlar via postordre. Avfallsmengda har derfor auka. Det har vore eit ekstra travelt år for SIM med ekstra kostnader knytt til transport og behandling.

Etter plukkanalyser, minkande pant på glasflasker og meldingar frå forbrenningsanlegg som ikkje kan ta glas i brennbart avfall, valgte SIM å auka med ein ekstra dunk til alle våre kundar. Frå 2020 gjekk SIM vekk frå bringeordning og over til henteordning på fraksjonen glas og metallemballasje. 23 000 nye dunkar og 2 nye bilar sørger no for at alle får henta denne glas- og metallemballasje nær heimen. Ut frå erfaring i andre kommunar forventa me ein auke i utsortert glas- og metallemballasje på 50 %.

Resultatet etter 1 års drift med viser at innsamla mengde har dobla seg, altså ein auke på 100 %. Det betyr at ordninga er teken godt imot og at ein no har får meir glas- og metall emballasje til attvinning enn tidlegare.

Vårt samfunn

 

 

 

 

 

 

 

Eit reinare Sunnhordland

SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.

Ryddig sunnhordland

Rydd Sunnhordland

Ein lokal velforeining søkte om å rydda i nærmiljøet i 2020. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt. Årsaka til at det var så få som søkte i år kan vera fleire. Den eine kan skuldast Covid-19, den andre kan vera at fleire lag - og organisasjonar vender seg mot strandrydding i stadenfor å rydde i nærmiljøet.

Ryddeaksjonar

  • Rydd i nærmiljøet
  • Rydd ei strand*

* Starta opp i 2014

Rydd ei strand

SIM ynskjer å få i gong rydding av strender som ingen offentlege instansar har ryddeansvar for. SIM støtta i 2020 60 slike søknadar, som resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland. I 2020 fekk selskapet 700 000 kroner i ekstraløyving frå Miljødirektoratet til strandrydding. Dette resulterte i opprydding i store områder ein ikkje når med dei ordinære ryddeaksjonane.

Meld frå om forureining

SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i over 200 saker.

Informasjon

SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling.

SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, miljøsentralar, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2020.

I vår digitale tidsalder ser ein at det stadig dukkar opp nye måtar og nå innbyggjarane på. SIM er medviten si rolle både med tanke på å vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.

Skuleprosjektet

I 2020 var det færre skuleelevar og lærarar hjå SIM enn det plar vera. Våre skulebesøk våren 2020 vart avlyste på grunn av Covid 19. Hausten 2020 var 16 klassar på besøk for å læra om kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling. Fire klassar måtte avlyse sine besøk grunna Covid 19. SIM betalar reisa for skuleklassane.

SIM sitt miljøfond

I 2014 selde SIM dotterselskapet SIM Næring. Det vart vedteke i representantskapet at ein skulle opprette eit miljøfond og plassere overskotet frå salet der. Fondet sin verdi er ved utgangen av 2020 om lag 51 millionar kroner. SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. Miljø er summen av alle faktorar som menneska er omgjevne og påverka av. Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes: lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar. Styret i SIM set opp prioritert liste over tildeling av midlar. Representantskapet handsamar tildelinga som eiga sak på representantskapsmøtet. I 2020 fekk 17 søkjarar innvilga støtte frå fondet. Totalt vart det delt ut 1 865 000 kroner.

Andre tilskotsordningar

13 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve litt tilskot til loppemarknadar og gjenbruksbutikkar.

Miljøsentralar

 

 

 

 

 

 

 

Kundar og avfall i 2020

I 2020 var det 80 652 vitjingar ved dei sju miljøsentralane våre. Kundane leverte 16 120 tonn avfall og totalt kom 45 % av hushaldsavfallet inn via miljøsentralane. Selskapet fokuserer på farleg avfall og stadig fleire avfallstypar vert definert som farleg avfall. Skjerpa krav til drift av anlegg som skal ta i mot farleg avfall fører til auka kostnader.

Selskapet har godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall gjennom våre miljøsentralar. Om lag 5 % av avfallet selskapet tek i mot frå hushald er farleg avfall. Dette avfallet kjem inn via miljøsentralane. Selskapet har i tillegg ryddetiltak som i mange tilfelle fører til opprydding av slikt avfall i naturen. I 2020 tok SIM i mot 1572 tonn farleg avfall frå hushald.

Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, resten er dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringsdrivande skal betale fulle kostnader.

Kundar

80652

Tal på kundar i 2020

Vitjingar i 2020

SIM sine miljøsentralar hadde ein auke i besøkstalet på 4,6 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen hadde ein auke på 7,7 % frå 2019. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein tredjedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

kundar-prosent 4,6 %

fleire vitjingar i 2020.

Kundar ved SIM sine miljøsentralar

  • Kundevitjingar ved miljøsentralar

Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2020 var 80 652 personar

Mengder hushaldsavfall

  • Mengder levert til miljøsentralar
  • Totale mengder hushaldsavfall
  • Mengder henta på renvovasjonsruta

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2020 var 13 366 tonn

Farleg avfall

  • Mengder farleg avfall

Kvar innbyggjar leverte om lag 26 kg farleg avfall i 2020

Kompostanlegg

Komposteringsanlegget tok imot 3 573 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 3 106 tonn frå næringskundar. I tillegg tok ein i mot 2 624 tonn avvatna slam frå SIM-kommunar og 2005 tonn slam frå næringskundar. Ein har og teke mot 739 tonn reint trevirke og 5 521 tonn hageavfall frå hushald og næring. Komposten som blir produsert i Svartasmåget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2020 var kr 450 kr per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.9 millionar kroner eks. mva.

Totalt vart det handsama 17 568 tonn i komposteringsanlegget i 2020.

 

 

 

Mengder til kompostering

  • Mengder til kompostering

17 568 tonn i 2020

Selde mengder kompost

  • Selde mengder kompost

5 687 tonn i 2020

 

 

Gjenvinning

 

 

 

Avfallspyramiden

Afallspyramiden

Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.

Ombruk

Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.

Materialgjenvinning

Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.

Energiutnytting

Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2020 vart 95 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.

Heimekompostering

12 prosent av abonnentane komposterer bioavfallet sitt heime, om lag som i 2019. Totalt er det 2763 registrerte bingar. I tillegg kjem 363 kundar som deler binge med andre. Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Om kvar innbyggjar produserer 90 kilo bioavfall i året, vart det i 2020 heimekompostert 703 tonn avfall.

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 60 %) og abonnementsgebyr (ca. 40 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.

Renovasjonsgebyr - dunkar

Kommunalt abonnementsgebyr for hus i 2020

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt abonnementsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement i 2020

  • Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement

Tall i kr inkludert meirverdiavgift — Inkludert kunden sitt val av dunkløysning

Renovasjonsgebyr fritidsbustad 2020

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Slamtømmegebyr for heilårshus i 2020

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Dette går gebyret til

Rekna ut frå eit snittgebyr på 2 469 kroner i 2020

Etterkalkulasjon sjølvkostområder

Kommunane og sjølvkost

Avfallsgebyret skal fastsetjast slik at det svarar til dei totale kostnadane kommunen vert påført ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning. Kommunen skal ikkje ha forteneste på slik avfallshandtering, berre kostnader ved, og inntekter frå lovpålagt handtering av hushaldsavfallet skal inngå i berekning av avfallsgebyret.

For sjølvkostområda renovasjon og slamtøming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvskostområde i kommunen. Kommunane har kostnadar med desse tenestene i tillegg til dei som SIM belastar sjølvkostområda.

På oppdrag frå kommunane Bømlo, Fitjar og Kvinnherad utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).

SIM og sjølvkost

Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtøming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.

For 2020 viser rekneskapen slikt resultat: Hushaldsrenovasjon Slamtømming
Inntekter kr 64 983 461 kr 9 483 547
Kostnader kr -66 220 830 kr -10 048 684
Årsresultat kr -1 237 369 kr -565 137
Renter kr 13 872
Fond ib 01.01.20 kr -2 219 277 kr 1 419 125
Fond ub 31.12.20 kr -3 456 646 kr 867 860

Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*

*(fordelt etter abonnentar per kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)

Hushaldsrenovasjon og slamtømming

Hushaldsrenovasjon Slamtøming
% KR % KR
Austevoll 9,50 -328 291 17,19 149 144
Bømlo 18,93 -654 301 23,63 205 048
Fitjar 5,28 -182 470 5,59 48 545
Kvinnherad 21,85 -755 241 21,60 187 494
Stord 27,30 -943 662 4,36 37 809
Sveio 10,50 -363 105 15,72 136 451
Tysnes 6,64 -229 575 11,91 103 368
Totalt 100 -3 456 646 100 867 860

SIM sin praksis for 2020

Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.

SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».

Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.

Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.

Melding frå uavhengig revisor

Til representantskapet i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Fråsegn om revisjonen av årsrekneskapen

Konklusjon

Vi har revidert Sunnhordland lnterkomunale Miljøverk IKS sin årsrekneskap som viser eit overskot på kr 1 521 886. Årsrekneskapen er samansett av balanse per 31.12.2020, resultatrekneskap, pliktige budsjettopplysningar og kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per denne datoen og notar til årsrekneskapen, medrekna eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.

Etter vår meining er årsrekneskapen som følgjer med, gitt i samsvar med lov og forskrifter og gir eit rettvisande bilete av selskapet si finansielle stilling per 31.12.2020, og av resultata og kontantstraumane for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen, i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg.

Grunnlag for konklusjonen

Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, medrekna dei internasjonale revisjonsstandardane International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne i Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjon av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet slik det er krav om i lov og forskrift, og har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Anna informasjon

Leiinga er ansvarleg for anna informasjon. Anna informasjon gjeld informasjon i årsmeldinga bortsatt frå årsrekneskapen og den tilhøyrande revisjonsmeldinga.

Vår fråsegn om revisjonen av årsrekneskapen dekkjer ikkje anna informasjon, og vi attesterer ikkje den anna informasjonen.

I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det oppgåva vår å lese den anna informasjonen for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom han og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om han tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon.

Dersom vi konkluderer med at den ytterlegare informasjonen inneheld vesentleg feilinformasjon er vi pålagde å rapportere det. Vi har ikkje noko å rapportere i så måte.

Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen

Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen i samsvar med lov og forskrifter, og for at han gir eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg. Leiinga er også ansvarleg for naudsynt intern kontroll for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta.

Ved utarbeidinga av årsrekneskapen må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til å halde fram med drifta og opplyse om tilhøve av betyding for dette. Føresetnaden om at drifta kan halde fram, skal leggjast til grunn for årsrekneskapen så lenge det ikkje er sannsynleg at verksemda vil bli avvikla.

Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen

Målet med revisjonen er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ein høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, og ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Feilinformasjon blir vurdert som vesentleg dersom han, åleine eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke økonomiske avgjerder som brukarane tar basert på årsrekneskapen.

For meir omtale av revisor sine oppgåver og plikter synar vi til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger

Utsegn om andre lovmessige krav

Konklusjon om årsmeldinga

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er beskriven ovanfor, meiner vi at opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen og føresetnaden om at drifta skal halde fram er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrifter.

Konklusjon om registrering og dokumentasjon

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen som skildra ovanfor, og dei kontrollhandlingar vi har funne naudsynt i samsvar med internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller farenk/et revisorkontroll av historisk finansiell informasjon)), meiner vi at leiinga har oppfylt plikta si til å syrgja for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av selskapet sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.

Stord, 19. mars 2021

RSM Norge AS

Ragnar Pettersen

Statsautorisert revisor

Revisor melding i pdf format