Lastar innhald...

Årsmelding 2019

Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen var i Svartasmåget i Fitjar kommune fram til oktober 2019. Då flytta ein til Heiane, Stord kommune.

abonnentar 50 018 abonnentar

Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Innbyggjarar: 60 847
Hushaldsabonnentar: 26 743
Hytte abonnentar: 8 086
Abonnentar som heimekomposterer: 3 169
Abonnentar med slamavskiljar: 12 754
Kilo avfall per innbyggjar 2019: 441 kg

SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 60 847 innbyggjarane og 8 086 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir-, plast- og restavfall.

I Svartasmåget hadde administrasjonen kontor fram til 7. oktober 2019, då selskapet overtok og flytta inn i nytt bygg på Heiane, Stord. Det er framleis miljøsentral, deponi og komposteringsanlegg i Svartasmåget. På Heiane, i Stord kommune, har selskapet no administrasjonsbygg, miljøsentral og omlasteanlegg. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja til rette for at ressursane i avfallet vert nytta.

§ 4 Føremål

  1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.
  2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
  3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar når det gjeld gjenvinning.
  4. Å bidra til miljøtiltak i eigarkommunane.
  5. Selskapet har ikkje erverv til føremål.

§ 5 Selskapet sine oppgåver:

  1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
  2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
  3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
  4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.

Representantskap, styre og administrasjon

Medlemskommunar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Representantskap
23 medlemmar

Leiar:
Ordførar i Bømlo

Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.

Leiar:
Rune Sandvik (Fitjar)

Administrasjon og hovudanlegg
Svartasmåget, Fitjar t.o.m 7. oktober 2019. Heiane, Stord f.o.m 7. oktober 2019

Dagleg leiar:
Ole Johanne Støle

Organisering

Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.

Representantskap

Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 23 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 6, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eit møte i 2019 (3. mai) og handsama 13 saker.

Styre

Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde åtte møter i 2019.

Styret i SIM 2019

Rune Sandvik

Styreleiar

Solveig Grønsdal

Nestleiar

Edvard J. Stangeland

Styremedlem

Elisabeth Sandven

Styremedlem

Hein Schaug

Styremedlem

Jorunn Skåden

Styremedlem

Otto Benjaminson

Styremedlem

Frank Verpelstad

Representant for tilsette

Ole Johanne Støle

Dagleg leiar

Dagleg leiar

«Med nytt moderne administrasjonsbygg med undervisningssal, gode kontor og moderne møterom er SIM klar til å gripe fatt i morgondagens moglegheiter til beste for miljøet og våre innbyggjarar.»

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Nytt bygg, ny tid

I oktober flytta administrasjonen til SIM inn i nytt administrasjonsbygg på Heiane. Sidan oppstarten i 1990 har ein hatt ein jamt aukande aktivitet og fleire tilsette. Over tid har ein kjent på at administrasjonsbygget i Svartasmoget ikkje lenger var tenleg og tilpassa behova ein hadde i den daglege drifta, og for vidare utvikling.

Når ein skulle bygge nytt var det naturleg å endre plasseringa til SIM sitt område på Heiane. I tillegg til sentral plassering, har ein no fått samlokalisering med den største miljøsentralen og omlastehallen. SIM har alltid vore oppteken av å levere miljøvennlege og framtidsretta løysingar. Med nytt moderne administrasjonsbygg, ny undervisningssal, gode kontor og moderne møterom er SIM klar til å gripe fatt i morgondagens moglegheiter til beste for miljøet og våre innbyggjarar.

Meir under tak

Omtrent samtidig som administrasjonsbygget var ferdig vart også påbygget på komposthallen ferdigstilt. Med påbygget vart hallen dobbelt så stor, og heile 3600m2 er no under tak. Dette gjer drifta meir stabil, uavhengig av nedbør og vind.

Klargjering for betre sortering

I plukkanalysen SIM gjennomførte av restavfallet fann ein ut at mykje av det som var i restavfallsdunken skulle vore sortert annleis, blant anna glas og metall. Desse fraksjonane kan gjenvinnast omtrent i det uendelege, og er såleis særs viktige å få ut av restavfallet og levert til materialgjenvinning. I siste halvåret for 2019 har SIM kjøpt inn 23000 dunkar for glas og metallemballasje, slik at ein kan leggje betre til rette for meir sortering. Erfaringane frå Haugaland Interkommunale Miljøverk som allereie har innført ordninga er svært gode. Dei fekk auka innsamlinga av glas og metall med nærmare 50%.

Det vil òg framover vere eit mål å forbetra sorteringa og auka materialgjenvinninga av avfallet ein hentar heime hos innbyggarane. Ei ordning som inneber fleire dunkar er likevel mindre sannsynleg. Nokre stader i landet har dei færre dunkar, men maskinar som står for sentralsortering av stordelen av avfallet. Ei slik løysing er enda ikkje optimal med tanke på kostnad og sorteringsgrad. Men det er svært spennande å følgje med på utviklinga av sentralsortering og andre innovative løysingar.

Miljøfondet

Representantskapet vedtok i 2019 statuttane for miljøfondet til SIM, og fondet var dermed starta opp. Verdiane i miljøfondet kom frå salet av SIM Næring i 2014 og er ved oppstart på om lag 50 millionar. Dette gir innbyggarane i eigarkommunane spennande moglegheiter for støtte til sine prosjekt, til glede for mange. 35 søknadar frå Sunnhordland kom inn i 2019. Første tildeling vil skje på representantskapet til SIM i 2020 og vil truleg vere avgjerande for realisering av mange gode prosjekt i Sunnhordland.

Eg vil rette ein stor takk til alle tilsette i SIM, som sørgjer for at me leverer gode tenester til innbyggjarane. Takk til kundar, samarbeidspartnarar og eigarkommunar for godt samarbeid.

Signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Tilsette

Ole Johannes Støle - Dagleg leiar

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Kjell Egil Hollund - Driftsleiar miljøsentralar t.o.m 31.3.19

Kjell Egil Hollund

Driftsleiar miljøsentralar t.o.m 31.3.19

Lars Halleraker - Driftleiar miljøsentralar f.o.m 1.6.19

Lars Halleraker

Driftleiar miljøsentralar f.o.m 1.6.19

Arild Vik - Driftsleiar innsamling

Arild Vik

Driftsleiar innsamling

Representant for tilsette i styret
(t.o.m. august)

Jan Rolf Bekkevold - Driftsleiar miljøsentralar. Representant for tilsette i styret

Jan Rolf Bekkevold

Driftsleiar slutthandsaming

Janne Hillersøy - Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Janne Hillersøy

Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Tilsette

Morten Fadnes - Administrasjons- og økonomileiar

Morten Fadnes

Administrasjons- og økonomileiar

Trude Vedå - Økonomi og administrasjonsansvarleg

Trude Vedå

Økonomi og administrasjonsansvarleg
Vararepresentant for dei tilsette i styret
(f.o.m. september)

Sissel Lønning - Kundehandsamar

Sissel Lønning

Kundehandsamar

Trine Tverborgvik - Kundehandsamar

Trine Tverborgvik

Kundehandsamar

Olaf Skram - Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Olaf Skram

Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Oscar Langballe - Formann/kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Oscar Langballe

Formann/kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Tilsette

Einar Breivik - Operatør kompost

Einar Breivik

Operatør kompost

Kjell Bolme - Operatør og kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kjell Bolme

Operatør Heiane

Jostein Johannessen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Jostein Johannessen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Inge Mikal Helland - Kundehandsamar miljøsentreal Tysnes

Inge Mikal Helland

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes

Helge Hope - Kundehandsamar miljøsentral Tysnes

Helge Hope

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes

Einar Wierdal - Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Einar Wierdal

Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Tilsette

Thom Arne Fredriksen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Thom Arne Fredriksen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Frank Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Frank Verpelstad

Kundehandsamar miljøsentral Heiane
Tilsettesrepresentant i styret i SIM (f.o.m. september)

Bjørn Leon Vepsestad - Operatør og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Bjørn Leon Vepsestad

Kundehandsamar miljøsentral Fitjar (t.o.m. april)

Aina Anita Habbestad - Operatør og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Aina Anita Habbestad

Kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Amalie Haukås - Lærling, gjenvinningsfaget

Amalie Haukås

Lærling, gjenvinningsfaget

Helge Sæterbø - Operatør og kundehandsamar miljøsentral Heiane

Helge Sæterbø

Operatør og kundehandsamar miljøsentral Heiane

Tilsette

Kjell Frode Hole - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll

Kjell Frode Hole

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll

Gry Kristin Karlson - Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Gry Kristin Karlson

Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Lars Miles Storaas - Kundehandsamar Kvinnherad

Lars Miles Storaas

Kundehandsamar Kvinnherad

Aimar Hansen - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Aimar Hansen

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Styret si årsmelding

Driftsaktivitet

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall og tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Selskapet sin administrasjon låg i Fitjar kommune fram til 7. oktober 2019, då ein flytta til Heiane i Stord kommune. Aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga, dersom ein samanliknar talet på klager sett opp mot talet på kundar. Selskapet har ingen pågåande forsknings- eller utviklingsaktivitetar.

Sunnhordland

Økonomi

I 2019 hadde SIM ei inntekt på 100,3 millionar kroner. Resultatet til selskapet var på 6,79 millionar kroner. SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte, og for å driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet skal årleg vurdera kva som er nødvendige avsetjingar for å dekke framtidige kostnader. Det er ikkje sett av ekstra midlar til fondet i 2019 og i rekneskapen står fondet med 62,9 millionar kroner. Selskapet hadde eit underskot på kommunalt avfall på 2,8 millionar kroner, som er trekt frå renovasjonsfondet. Fondet er ved slutten av året på minus 2,2 millionar kroner.

Slamtømeaktivitetane hadde eit underskot på 0,45 millionar kroner. Underskotet vert dekka av slamfondet som ved årsskiftet var på 1,4 millionar kroner. Fonda skal byggjast ned dei næraste åra. Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter.

Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen gjev eit rett bilete av selskapet sine eigneluter og gjeld, finansiell stilling og resultat. Føresetnadene for framleis drift er til stades, og styret stadfestar desse.

I tråd med reglane i NRS 3 om hendingar etter balansedagen, og reglane i rekneskapslova om framleis drift, viser styret i selskapet og leiinga til det pågåande Covid-19 utbrotet. Selskapet er, på same måte som andre renovasjonsselskap, ramma av utbrotet. SIM blir påverka ved at miljøsentralane må halde stengt på ubestemt tid, medan renovasjonsrutene og slamtøming truleg vil kunne gå som normalt. På tidspunktet for framlegging av årsrekneskapen er det førebels ikkje mogeleg å foreta eit påliteleg estimat over kva økonomiske konsekvensar dette utbrotet vil ha for selskapet. Ein konsekvens kan bli forseinka betaling frå dei private hushaldningane SIM fakturerer, noko som kan føre til redusert likviditet i selskapet. Basert på situasjonen og den informasjonen som er tilgjengeleg på det noverande tidspunktet, meinar styret det er forsvarleg å legge forutsetninga om framleis drift til grunn ved framlegginga av årsrekneskapen.

Finansiell risiko

SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.

Arbeidsmiljø og personale

Ved utgangen av 2019 var det 27 årsverk i SIM. Seks av dei tilsette var kvinner. I 2017 tilsette selskapet ein lærling. Sjukefråværet var på 3,6 %. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styret er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve.

Selskapet har som mål at det skal vera likestilling mellom menn og kvinner på arbeidsplassen. I 2017 tilsette selskapet ein lærling. Renovasjonsbransjen har tradisjonelt vore mannsdominert. Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova.

Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er forsøkt utforma med tanke på universell utforming. Selskapet arbeider i personalsamanheng aktivt for å motverka diskriminering, særhandsaming, trakassering og forskjellshandsaming i strid med lov om likestilling mellom kjønna. Selskapet har ikkje sett i verk spesielle tiltak.

Ytre miljø

Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovedsakleg som fylgje av at nedbør vaskar ut dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmåget. Det er no etablert og sett i drift reinseanlegg for å redusera utsleppa ytterlegare. Og det er etablert anlegg for handsaming av metangass frå deponiet. Analyser viser at det er låge nivå av jern, tungmetall og organiske miljøgifter i sigevatn frå deponiet. Det kan til dels tilskrivast effekten av reinseanlegget som har god reinseffekt for jern. Noko som òg medfører reinsing av tungmetall og organiske miljøgifter. For olje og aromatiske løysemiddel var det ikkje kvantifiserbare mengder i sigevatnet i 2019.

Framtida

SIM vil leggja til rette for auka sortering også i framtida. I september 2019 starta ein arbeidet med å leggje til rette for oppstart av ny henteordning av glas- og metallemballasje. Ordninga skal vera i gong 1.1.2020. Det er stadig fokus på tilrettelegging av miljørette avfallsløysingar, Ein arbeidar med å sikre områder for framtidige miljøsentralar i Austevoll og Tysnes. Det er venta vekst i besøkstalet på miljøsentralane og i avfallsmengdene. Selskapet sin "Ressurs- og miljøstrategi" seier noko om kva mål og føringar ein har for selskapet i framtida. Selskapet sine planar vil alltid vera forankra i overordna planar og strategiar. Styret kjenner seg trygg på at SIM også i framtida kan gje kundane ei god og kostnadseffektiv renovasjonsordning.

Fitjar, 27. mars 2020.

signatur Rune Sandvik

Rune Sandvik

Styreleiar

signatur Solveig Grønsdal

Solveig Grønsdal

Nestleiar

signatur Edvard Johannes Stangeland

Edvard Johannes Stangeland

Styremedlem

signatur Elisabeth Sandven

Elisabeth Sandven

Styremedlem

signatur Hein Schaug

Hein Schaug

Styremedlem

signatur Jorunn Skåden

Jorunn Skåden

Styremedlem

signatur Otto Benjaminson

Otto Benjaminson

Styremedlem

signatur Frank Verpelstad

Frank Verpelstad

Tilsette sin representant

signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

 

 

 

 

 

 

Ditt avfall

 

 

Avfallsmengder

Mengda av innsamla hushaldsavfall på renovasjonsrutene hadde ein liten nedgong frå 2018 til 2019. Det same gjaldt mengda innsamla hytteavfall. Innsamla næringsavfall på renovasjonsrutene hadde ein auke, det same gjaldt besøka på miljøsentralane.

Samanlikna med talet på kundar vart det i 2019 registrert svært få klager.

ikon-avfallsmengde 67364 tonn

Totale avfallsmengder i 2019.

Samla avfallsmengder som SIM tek hand om

Til saman 67 364 tonn

Hushaldsavfall

Hentefraksjonane (rest, bio, plast og papir) hadde ein liten nedgong på 0,2 % frå 2018 til 2019. Totalt hadde mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein nedgong på 1,1 %.

Kvar innbyggjar leverte 438 kg avfall i 2019. Totalt tok SIM hand om 27 760 tonn frå hushaldningane. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.

Mengder hushaldsavfall

  • Mengder i tonn

Samla mengde hushaldsavfall i tonn

Avfall henta heime hos folk (medrekna hytteavfall)

Til saman: 14 636 tonn

Attvinning (Hushald)

Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane gjekk ned med 0,2 % frå 2018 til 2019. Innsamla mengder i 2019 var 15 122 tonn. Totalt mottok SIM 27 760 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland. 95 % av det som vart samla inn vart sendt til attvinning. Attvinningsprosenten har auka mykje sidan 2003, som var det året SIM starta med å senda avfall til attvinning. Då var attvinningsprosenten på 48 %.

ikon-gjenvinning

95 %

 

Hushaldsavfall til attvinning

Totalt 26 366 tonn

Hytterenovasjon

Det vert stadig bygd nye hytter i SIM-kommunane, og ordninga for hytterenovasjon er under kontinuerleg utvikling. Nye konteinarstader kjem til og kapasiteten på eksisterande lokalitetar vert auka. I 2019 var det tøming av hyttekonteinera to gonger per. veke i heile juli og halve august, mot normalt éin gong i veka i sommarhalvåret.

SIM si ordning for hytteabonnentar er hyttekonteinera og/eller hyttedunk. Hyttekundar kan sortere avfall ved og bestille vanleg tre-dunk system som hushaldsabonnentane har.

Deponi

I 2019 vart det levert 25 630 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein auke på 36,11 % frå året før. Årsaka til auken er at ein har teke i mot større mengder frå næringslivet. Den som leverer avfall til deponi skal kontrollera og gå god for at avfallet kan leverast til deponiet. SIM kontrollerer avfallet visuelt før og etter lossing, og sjekkar kvart 100. lass nøgnare. Ved behov vert det teke prøvar av avfallet.

Mengder til deponi

  • Mengder i tonn

Mengder levert til deponi 25 630 tonn

Slamtømming

I 2019 var det tøming av slamavskiljarar for heilårsbustader og fritidshus i Bømlo, Kvinnherad og Sveio. SIM har tilbod om tøming av minireinseanlegg og tette tankar som ikkje har nok med ordinær tøming. Selskapet nyttar eit system for sanntidskommunikasjon mellom kontoret i Svartasmåget og slambilane. Totalt vart det tømd 6 042 tankar.

Hushaldsavfall

NordRen hentar inn avfall for SIM i alle eigakommunane.

 

 

Vårt samfunn

 

 

 

Eit reinare Sunnhordland

SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.

Ryddig sunnhordland

Rydd Sunnhordland

29 lokale velforeiningar og lag søkte om å rydda i 2019. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt.

Ryddeaksjonar

  • Rydd i nærmiljøet
  • Rydd ei strand*

* Starta opp i 2014

Rydd ei strand

SIM ynskjer å få i gong rydding av strender som ingen offentlege instansar har ryddeansvar for. SIM støtta i 2019 over 80 slike søknadar, som resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland. I 2019 fekk selskapet 1 000 000 kroner i ekstraløyving frå Miljødirektoratet til strandrydding. Dette resulterte i opprydding i store områder ein ikkje når med dei ordinære ryddeaksjonane.

Meld frå om forureining

SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i over 200 saker.

Informasjon

SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling. SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, miljøsentralar, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2019.

I vår digitale tidsalder ser ein at det stadig dukkar opp nye måtar og nå innbyggjarane på. SIM er medviten si rolle både med tanke på å vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.

Skuleprosjektet

I 2019 var bortimot 900 skuleelevar og lærarar hjå SIM for å læra om kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling. SIM betalar reisa for skuleklassane.

Andre tilskotsordningar

12 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve litt tilskot til loppemarknadar og gjenbruksbutikkar.

 

 

Miljøsentralar

 

 

 

Kundar og avfall i 2019

I 2019 var det om lag 77 074 vitjingar ved dei sju miljøsentralane våre. Kundane leverte 14 969 tonn avfall og totalt kom 40 % av hushaldsavfallet inn via miljøsentralane. Selskapet fokuserer på farleg avfall og stadig fleire avfallstypar vert definert som farleg avfall. Skjerpa krav til drift av anlegg som skal ta i mot farleg avfall fører til auka kostnader.

Selskapet har godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall gjennom våre miljøsentralar. Om lag 4 % av avfallet selskapet tek i mot frå hushald er farleg avfall. Dette avfallet kjem inn via miljøsentralane. Selskapet har i tillegg ryddetiltak som i mange tilfelle fører til opprydding av slikt avfall i naturen. I 2019 tok SIM i mot 1193 tonn farleg avfall.

Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, resten er dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringsdrivande skal betale fulle kostnader.

Kundar

77 074

Tal på kundar i 2019

Vitjingar i 2019

SIM sine miljøsentralar hadde ein auke i besøkstalet på 1,6 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen hadde ein auke på 5,7 % frå 2019. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein tredjedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

kundar-prosent -1,6 %

fleire vitjingar i 2019.

Kundar ved SIM sine miljøsentralar

  • Kundevitjingar ved miljøsentralar

Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2019 var 77 074 personar

Mengder hushaldsavfall

  • Mengder levert til miljøsentralar
  • Totale mengder hushaldsavfall
  • Mengder henta på renvovasjonsruta

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2019 var 14 969 tonn

Farleg avfall

  • Mengder farleg avfall

Kvar innbyggjar leverte om lag 19 kg farleg avfall i 2019

Kompostanlegg

Komposteringsanlegget tok imot 3 476 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 3 017 tonn frå næringskundar. I tillegg tok ein i mot 2 543 tonn avvatna slam frå SIM-kommunar og 2043 tonn slam frå næringskundar. Ein har og teke mot 899 tonn reint trevirke og 4102 tonn hageavfall frå hushald og næring. Komposten som blir produsert i Svartasmåget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2019 var kr 400 kr per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.7 millionar kroner eks. mva.

Totalt vart det handsama 16 080 t i komposteringsanlegget i 2019.

 

 

 

Mengder til kompostering

  • Mengder til kompostering

16 080 tonn i 2019

Selde mengder kompost

  • Selde mengder kompost

4 953 tonn i 2019

 

 

Gjenvinning

 

 

 

Avfallspyramiden

Afallspyramiden

Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.

Ombruk

Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.

Materialgjenvinning

Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.

Energiutnytting

Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2019 vart 95 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.

Heimekompostering

12 prosent av abonnentane komposterer bioavfallet sitt heime, om lag som i 2019. Totalt er det 2 811 registrerte bingar. I tillegg kjem 358 kundar som deler binge med andre. Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Om kvar innbyggjar produserer 90 kilo bioavfall i året, vart det i 2019 heimekompostert 713 tonn avfall.

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.

Renovasjonsgebyr - dunkar

Kommunalt abonnementsgebyr for hus i 2019

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt abonnementsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement i 2019

  • Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement

Tall i kr inkludert meirverdiavgift — Inkludert kunden sitt val av dunkløysning

Renovasjonsgebyr fritidsbustad 2019

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Slamtømmegebyr for heilårshus i 2019

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Dette går gebyret til

Rekna ut frå eit snittgebyr på 2 441 kroner i 2019

Etterkalkulasjon sjølvkostområder

Kommunane og sjølvkost

Avfallsgebyret skal fastsetjast slik at det svarar til dei totale kostnadane kommunen vert påført ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning. Kommunen skal ikkje ha forteneste på slik avfallshandtering, berre kostnader ved, og inntekter frå lovpålagt handtering av hushaldsavfallet skal inngå i berekning av avfallsgebyret.

For sjølvkostområda renovasjon og slamtøming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvskostområde i kommunen. Kommunane har kostnadar med desse tenestene i tillegg til dei som SIM belastar sjølvkostområda.

På oppdrag frå kommunane Bømlo, Fitjar og Kvinnherad utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).

SIM og sjølvkost

Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtøming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.

For 2019 viser rekneskapen slikt resultat: Hushaldsrenovasjon Slamtømming
Inntekter kr 58 433 103 kr 8 633 647
Kostnader kr -61 220 400 kr -9 089 114
Årsresultat kr -2 787 297 kr -455 467
Renter kr 8 394 kr 27 703
Fond ib 01.01.19 kr 559 626 kr 1 846 889
Fond ub 31.12.19 kr 2 219 277 kr 1 419 125

Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*

*(fordelt etter abonnentar per kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)

Hushaldsrenovasjon og slamtømming

Hushaldsrenovasjon Slamtøming
% KR % KR
Austevoll 9,47 -210 170 16,73 237 420
Bømlo 18,89 -419 331 23,63 335 339
Fitjar 5,29 -117 430 5,71 81 032
Kvinnherad 21,84 -484 787 21,84 310 646
Stord 27,25 -604 812 4,44 63 009
Sveio 10,51 -233 238 15,71 222 945
Tysnes 6,74 -149 509 11,89 168 734
Totalt 100 -2 219 277 100 1 419 125

SIM sin praksis for 2019

Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.

SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».

Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.

Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.

Melding frå uavhengig revisor

Til representantskapet i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Fråsegn om revisjonen av årsrekneskapen

Konklusjon

Vi har revidert Sunnhordland lnterkomunale Miljøverk IKS sin årsrekneskap som viser eit overskot på kr 6 790 221. Årsrekneskapen er samansett av balanse per 31.12.2019, resultatrekneskap, pliktige budsjettopplysningar og kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per denne datoen og notar til årsrekneskapen, medrekna eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.

Etter vår meining er årsrekneskapen som følgjer med, gitt i samsvar med lov og forskrifter og gir eit rettvisande bilete av selskapet si finansielle stilling per 31.12.2019, og av resultata og kontantstraumane for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen, i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg.

Grunnlag for konklusjonen

VVi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, medrekna dei internasjonale revisjonsstandardane International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne i Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjon av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet slik det er krav om i lov og forskrift, og har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Anna informasjon

Leiinga er ansvarleg for anna informasjon. Anna informasjon gjeld informasjon i årsmeldinga bortsatt frå årsrekneskapen og den tilhøyrande revisjonsmeldinga.

Vår fråsegn om revisjonen av årsrekneskapen dekkjer ikkje anna informasjon, og vi attesterer ikkje den anna informasjonen.

l samband med revisjonen av årsrekneskapen er det oppgåva vår å lese den anna informasjonen for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom han og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om han tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon.

Dersom vi konkluderer med at den ytterlegare informasjonen inneheld vesentleg feilinformasjon er vi pålagde å rapportere det. Vi har ikkje noko å rapportere i så måte.

Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen

Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen i samsvar med lov og forskrifter, og for at han gir eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg. Leiinga er også ansvarleg for naudsynt intern kontroll for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta.

Ved utarbeidinga av årsrekneskapen må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til å halde fram med drifta og opplyse om tilhøve av betyding for dette. Føresetnaden om at drifta kan halde fram, skal leggjast til grunn for årsrekneskapen så lenge det ikkje er sannsynleg at verksemda vil bli avvikla.

Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen

Målet med revisjonen er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ein høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, og ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta . Feilinformasjon blir vurdert som vesentleg dersom han, åleine eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke økonomiske avgjerder som brukarane tar basert på årsrekneskapen.

For meir omtale av revisor sine oppgåver og plikter synar vi til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger

Utsegn om andre lovmessige krav

Konklusjon om årsmeldinga

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er beskriven ovanfor, meiner vi at opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen og føresetnaden om at drifta skal halde fram er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrifter.

Konklusjon om registrering og dokumentasjon

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen som skildra ovanfor, og dei kontrollhandlingar vi har funne naudsynt i samsvar med internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt plikta si til å syrgja for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av selskapet sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.

Stord, 27. mars 2020

RSM Norge AS

Ragnar Pettersen

Statsautorisert revisor

Revisor melding i pdf format