Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen ligg i Svartasmåget i Fitjar kommune.
46787 abonnentar
Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Innbyggjarar: 60 776
Hushaldsabonnentar: 26 462
Hytteabonnentar: 8007
Abonnentar som heimekomposterer: 3 231
Abonnentar med slamavskiljar: 12 318
Kilo avfall per innbyggjar 2018: 447 kg
SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 60 776 innbyggjarane og 8 007 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir- og restavfall.
I Svartasmåget er det administrasjonsbygg, deponi og komposteringsanlegg. På Heiane, i Stord kommune, har selskapet omlastehall. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja til rette for at ressursane i avfallet vert nytta.
Medlemskommunar
Representantskap
23 medlemmar
Leiar:
Ordførar i Austevoll (Morten Storebø)
Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.
Leiar:
Rune Sandvik (Fitjar)
Administrasjon og hovudanlegg
Svartasmåget, Fitjar.
Dagleg leiar:
Ole Johanne Støle
Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.
Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 23 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 6, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eit møte i 2018 (27. april) og handsama 13 saker.
Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde ni møte i 2018.
Rune Sandvik
Styreleiar
Solveig Grønsdal
Nestleiar
Edvard J. Stangeland
Styremedlem
Elisabeth Sandven
Styremedlem
Hein Schaug
Styremedlem
Jorunn Skåden
Styremedlem
Otto Benjaminson
Styremedlem
Frank Verpelstad
Representant for tilsette
Ole Johanne Støle
Dagleg leiar
Med fokus på auka gjenbruk av avfallet, let me i SIM oss inspirere av Avfall Norge sin nye visjon: Framtidas råvarer er resirkulerte.
Ole Johannes Støle
Dagleg leiar
Kvar dag jobbar me for våre 60 000 innbyggjarar. Dette er ein del av eit viktig miljøarbeid. Eit godt samarbeid mellom abonnentane og SIM er grunnlaget for at ein får nytta mest mogleg av avfallet som fornybar ressurs.
Eit overordna EU- mål er 60% materialgjenvinning av hushaldningsavfall og liknande næringsavfall innan 2030. Skal ein klare dette vil det avhenge av eit godt samspel mellom råvareleverandørar, produktutviklarar, forbrukarar og gjenvinningsindustrien som SIM er ein del av.
I 2018 gjekk om lag 37 % av avfallet som SIM tok i mot til materialgjenvinning. Det er bra, men me har ein lang veg å gå for å nærme oss EU sitt ambisiøse, men gode mål. For at dei høge forventningane og målsetjingane om auka materialgjenvinning skal verte ein realitet, vil dette krevje ein stor jobb av SIM og ein auka sorteringsinnsats av innbyggjarane. Kvalitet i alle ledd, heilt frå kjøkenbenken, og meir bevisstgjering om at avfallet skal gjenvinnast må til skal ein klare å nå dette målet.
I løpet av 2019 vil det bli avgjort om ny dunk for glas og metall heime hos kvar abonnent vert eitt av tiltaka som skal vere med på å auke graden av materialgjenvinning. Andre miljø og avfallselskap som har innført eigen dunk for glas og metall har oppnådd gode resultat med 50% meir utsortering av desse fraksjonane frå restavfallet.
Fleire av kjerneoppgåvene til SIM er av ein karakter som krev gode rutinar, rett fokus og rett opplæring for at dei skal verta utført på ein trygg og hensiktsmessig måte. Me har og eit stort sikkerheitsansvar for alle som nyttar våre tenester. Våre tilsette får jamleg opplæring i førstehjelp. Dette gir ein ekstra tryggleik òg for våre kundar.
Avfallsbransjen er utsett for brannar. For SIM er det av stor betydning at avfallet som kjem inn er sortert rett, og at farleg avfall vert levert inn som spesialavfall for å minimere sjansen for at brann oppstår. Siste del av 2018 hadde me ekstra fokus på branntryggleik for å optimalisere moglegheitene til å avdekke brann så tidleg som mogleg og for å kunne auke moglegheitene til raskt og sikkert sløkkearbeid dersom ein brann skulle oppstå. Kombinasjonen av ny og betre teknologi og optimalisering av våre rutinar er med å minska moglegheitene for uønska hendingar. Den viktigaste faktoren for å unngå branntilløp er at kvar og ein sorterer avfallet sitt rett.
SIM gjennomfører årleg kundeundersøkingar. Tilbakemelding frå abonnentane på korleis dei opplever tenestene hjelper oss til å vidareutvikla vårt tilbod. Resultata vert og samanlikna med tilsvarande selskap i heile landet. Innsikta gir oss eit verdifullt materiale for vidare utvikling. Undersøkinga syner i stor grad abonnentar som er nøgde. Heile 84 av 100 poeng på total tilfredsheit er gledeleg. Samstundes får me og tilbakemelding på områder som kan utviklast. Eit fleirtal av dei som har delteke i undersøkinga svarar blant anna at dei har for lite kunnskap om kva som skjer med avfallet etter det er samla inn. Betre kunnskap på området vil truleg auka motivasjonen for å gjere eit enda betre sorteringsarbeid heime hos den enkelte.
I haust gjennomførte SIM ein omfattande kontrollaksjon for å betre sorteringa på matavfallet. Det har tidlegare vist seg at auka merksemd på ein fraksjon bidreg til at ein vert meir bevisst på rett sortering også på andre fraksjonar. For å få eit bilde på korleis den enkelte sorterer sitt avfall heime, gjennomførte SIM hausten 2018 ein plukkanalyse. Denne vart gjort av tilfeldig utvalde dunkar på restavfall og matavfall frå alle eigarkommunane. Til saman 4 tonn restavfall og bioavfall vart analysert. Plukkanalysen synte at i restavfallet var heile 27 % matavfall, 11 % plastavfall, 8 % papp og papir og 5 % glas og metall.
Verken SIM eller abonnentane kan slå seg til ro med at over halvparten av restavfallet skulle vore sortert annleis. Her ligg eit potensiale for ein betydeleg miljøgevinst. Betre sortering vil og føre til lågare driftskostnad og betre prisar på avfallet, som igjen kjem abonnentane til gode.
Med fokus på auka gjenbruk av avfallet, let me i SIM oss inspirere av Avfall Norge sin nye visjon: Framtidas råvarer er resirkulerte.
9. april byrja NordRen å henta inn mat, papir og restavfallet hos kundane. Samtidig byrja ein å hente inn plast, og restavfallet vart henta dobbelt så ofte. Dette har vore eit ønske frå mange kundar som no er vorte ein realitet.
Ordninga med innhenting av plast har blitt godt motteke og det er no lettare å levere inn plasten til gjenvinning.
Eg vil nytta høvet til å takke kundar, samarbeidspartnarar og eigarkommunane for eit godt samarbeid. Takk til dyktige tilsette som kvar dag står på med stor innsats for å yte best mogleg sørvis til abonnentane.
Ole Johannes Støle
Dagleg leiar
Ole Johannes Støle
Dagleg leiar
Kjell Egil Hollund
Driftsleiar miljøsentralar
Representant for tilsette i styret
(t.o.m. august)
Arild Vik
Driftsleiar innsamling
Representant for tilsette i styret
(t.o.m. august)
Jan Rolf Bekkevold
Driftsleiar slutthandsaming
Morten Fadnes
Administrasjons- og økonomileiar
Janne Hillersøy
Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg
Trude Vedå
Økonomi og administrasjonsansvarleg
Vararepresentant for dei tilsette i styret
(f.o.m. september)
Sissel Lønning
Kundehandsamar
Trine Tverborgvik
Kundehandsamar
Einar Breivik
Operatør kompost
Olaf Skram
Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane
Oscar Langballe
Formann/kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad
Kjell Bolme
Operatør Heiane
Jostein Johannessen
Kundehandsamar miljøsentral Bømlo
Inge Mikal Helland
Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
Einar Wierdal
Kundehandsamar miljøsentral Sveio
Kjell Frode Hole
Kundehandsamar miljøsentral Austevoll
Lars Miles Storaas
Kundehandsamar Kvinnherad
Aimar Hansen
Kundehandsamar miljøsentral Heiane
Frank Verpelstad
Kundehandsamar miljøsentral Heiane
Tilsettesrepresentant i styret i SIM (f.o.m. september)
Thom Arne Fredriksen
Kundehandsamar miljøsentral Bømlo
Kristian Isdahl
Operatør og kundehandsamar miljøsentral Fitjar (t.o.m. mars)
Bjørn Leon Vestbøstad
Kundehandsamar miljøsentral Fitjar (t.o.m. april)
Aina Anita Habbestad
Kundehandsamar miljøsentral Fitjar
Amalie Haukås
Lærling, gjenvinningsfaget
Helge Hope
Kundehandsamar miljøsentral Tysnes
Gry Kristin Karlson
Kundehandsamar miljøsentral Sveio
Helge Sæterbø
Operatør og kundehandsamar miljøsentral Heiane
Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall og tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Selskapet sin administrasjon ligg i Fitjar kommune, aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga, dersom ein samanliknar talet på klager sett opp mot talet på kundar. Selskapet har ingen pågåande forsknings- eller utviklingsaktivitetar.
I 2018 hadde SIM ei inntekt på 89,3 millionar kroner. Resultatet til selskapet var på 10,65 millionar kroner. SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte, og for å driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet skal årleg vurdera kva som er nødvendige avsetjingar for å dekke framtidige kostnader. I 2019 utførte Cowi ei ny berekning av behovet for midlar til etterdrift. Berekninga var ein revisjon av berekninga utført i 2013 og viser at etterdrifta vil kosta noko mindre. I år er etterdriftsfondet redusert med 7 millionar kroner og står i rekneskapen med 61,0 millionar kroner. Selskapet hadde eit underskot på kommunalt avfall på 8,8 millionar kroner, som er trekt frå renovasjonsfondet. Renovasjonsfondet er ved slutten av året på 0,6 millionar kroner.
Slamtømeaktivitetane hadde eit underskot på 0,4 millionar kroner. Underskotet vert dekka av slamfondet som ved årsskiftet var på 1,8 millionar kroner. Slam – og renovasjonsfondet skal byggjast ned dei næraste åra. Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter. Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen gjev eit rett bilete av selskapet sine eigneluter og gjeld, finansiell stilling og resultat. Føresetnadene for framleis drift er til stades, og styret stadfestar desse.
SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.
Ved utgangen av 2018 var det 23,4 årsverk i SIM. Seks av dei tilsette var kvinner. Sjukefråværet var på 1,6 %. Det er registrert ein yrkesskade som har ført til fråvær, styret er elles ikkje med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve. I 2018 vart det gjennomført ei kartlegging av arbeidsmiljøet i selskapet, og forslag til tiltak etter denne vil bli fylgt opp i 2019.
Selskapet har som mål at det skal vera likestilling mellom menn og kvinner på arbeidsplassen. I 2017 tilsette selskapet ein lærling. Renovasjonsbransjen har tradisjonelt vore mannsdominert. Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova. Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er forsøkt utforma med tanke på universell utforming. Selskapet arbeider i personalsamanheng aktivt for å motverka diskriminering, særhandsaming, trakassering og forskjellshandsaming i strid med lov om likestilling mellom kjønna. Selskapet har ikkje sett i verk spesielle tiltak.
Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovedsakleg som fylgje av at nedbør vaskar ut dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmåget. Det er no etablert og sett i drift reinseanlegg for å redusera utsleppa ytterlegare og det er etablert anlegg for handsaming av metangass frå deponiet. Analyser viser at det er låge nivå av jern, tungmetall og organiske miljøgifter i sigevatn frå deponiet. Det kan til dels tilskrivast effekten av reinseanlegget som har god reinseffekt for jern. Noko som òg medfører reinsing av tungmetall og organiske miljøgifter. For olje og aromatiske løysemiddel var det ikkje kvantifiserbare mengder i sigevatnet i 2018.
SIM vil leggja til rette for auka sortering også i framtida. I april 2018 vart det innført henting av plastemballasje i alle SIM- kommunane og ein vil sjå på ytterlegare utsortering av fleire fraksjonar dei komande åra. Ein arbeidar med å sikre områder for framtidige miljøsentralar i Austevoll og Tysnes. Det er venta vekst i besøkstalet på miljøsentralane og i avfallsmengdene. Selskapet sin ”Ressurs- og miljøstrategi” seier noko om kva mål og føringar ein har for selskapet i framtida. Selskapet sine planar vil alltid vera forankra i overordna planar og strategiar. Styret kjenner seg trygg på at SIM også i framtida kan gje kundane ei god og kostnadseffektiv renovasjonsordning.
Rune Sandvik
Styreleiar
Solveig Grønsdal
Nestleiar
Edvard Johannes Stangeland
Styremedlem
Elisabeth Sandven
Styremedlem
Hein Schaug
Styremedlem
Jorunn Skåden
Styremedlem
Otto Benjaminson
Styremedlem
Frank Verpelstad
Tilsette sin representant
Ole Johannes Støle
Dagleg leiar
Mengda av innsamla hushaldsavfall på renovasjonsrutene hadde ein liten auke frå 2017 til 2018, medan mengda innsamla hytteavfall hadde ein liten nedgong. Innsamla næringsavfall på renovasjonsrutene hadde og liten auke, medan besøka på miljøsentralane hadde ein liten nedgong i fjoråret.
Samanlikna med talet på kundar vart det i 2018 registrert svært få klager, til tross for overgang til ny ordning.
Totale avfallsmengder i 2018.
Til saman 59 597 tonn
Hentefraksjonane (rest, bio og papir) hadde ein liten oppgong på 2,2 % frå 2017 til 2018. Totalt hadde mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein auke på 2,92 %.
Kvar innbyggjar leverte 447 kg avfall i 2018. Totalt tok SIM hand om 27 191 tonn frå hushaldningane. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.
Samla mengde hushaldsavfall i tonn
Til saman: 14 342 tonn
Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane gjekk opp med 2,2 % frå 2017 til 2018. Innsamla mengder i 2018 var 15 154 tonn. Totalt mottok SIM 27 191 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland. 96 % av det som vart samla inn vart sendt til attvinning. Attvinningsprosenten har auka mykje sidan 2003, som var det året SIM starta med å senda avfall til attvinning. Då var attvinningsprosenten på 48 %.
Totalt 27 191 tonn
Det vert stadig bygd nye hytter i SIM-kommunane, og ordninga for hytterenovasjon er under kontinuerleg utvikling. Nye konteinarstader kjem til og kapasiteten på eksisterande lokalitetar vert auka. I 2018 var det tøming av hyttekonteinera to gonger per. veke i heile juli og halve august, mot normalt éin gong i veka i sommarhalvåret.
SIM si ordning for hytteabonnentar er hyttekonteinera og/eller hyttedunk. Hyttekundar kan sortere avfall ved og bestille vanleg tre-dunk system som hushaldsabonnentane har.
I 2018 vart det levert 18 831 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein auke på 30,22 % frå året før. Årsaka til auken er at ein har teke i mot større mengder frå næringslivet. Den som leverer avfall til deponi skal kontrollera og gå god for at avfallet kan leverast til deponiet. SIM kontrollerer avfallet visuelt før og etter lossing, og sjekkar kvart 100. lass nøgnare. Ved behov vert det teke prøvar av avfallet.
Mengder levert til deponi 18 831 tonn
I 2018 var det tøming av slamavskiljarar for heilårsbustader i Austevoll og tømming for heilårsbustader og fritidshus i Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. SIM har tilbod om tøming av minireinseanlegg og tette tankar som ikkje har nok med ordinær tøming. Selskapet nyttar eit system for sanntidskommunikasjon mellom kontoret i Svartasmåget og slambilane. Totalt vart det tømd 5526 tankar.
Selskapet NordRen AS hentar inn avfall for SIM i alle eigarlommunane.
SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.
39 lokale velforeiningar og lag søkte om å rydda i 2018. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt.
* Starta opp i 2014
SIM ynskjer å få i gong rydding av strender som ingen offentlege instansar har ryddeansvar for. SIM støtta i 2018 over 70 slike søknadar, som resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland. I fjor fekk selskapet 800 000 kroner i ekstraløyving frå Miljødirektoratet til strandrydding. Dette resulterte i opprydding i store områder ein ikkje når med dei ordinære ryddeaksjonane.
SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i over 200 saker.
SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling. SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, miljøsentralar, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2018.
I vår digitale tidsalder ser ein at det stadig dukkar opp nye måtar og nå innbyggjarane på. SIM er medviten si rolle både med tanke på å vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.
I 2018 var bortimot 900 skuleelevar og lærarar hjå SIM for å læra om kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling. SIM betalar reisa for skuleklassane.
15 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve litt tilskot til loppemarknadar og gjenbruksbutikkar.
I 2018 var det om lag 75 860 vitjingar ved dei sju miljøsentralane våre. Kundane leverte 14 160 tonn avfall og totalt kom 38 % av hushaldsavfallet inn via miljøsentralane. Selskapet fokuserer på farleg avfall og stadig fleire avfallstypar vert definert som farleg avfall. Skjerpa krav til drift av anlegg som skal ta i mot farleg avfall fører til auka kostnader.
Selskapet har godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall gjennom våre miljøsentralar. Om lag 3 % av avfallet selskapet tek i mot frå hushald er farleg avfall. Dette avfallet kjem inn via miljøsentralane. Selskapet har i tillegg ryddetiltak som i mange tilfelle fører til opprydding av slikt avfall i naturen. I 2018 tok SIM i mot 924 tonn farleg avfall.
Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, resten er dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringsdrivande skal betale fulle kostnader.
Kundar i 2018
SIM sine miljøsentralar hadde ein nedgong i besøkstalet på 4,2 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen hadde ein auke på 4,2 % frå 2017. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein tredjedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.
mindre vitjingar i 2018.
Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2018 var 75 860 personar
Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2018 var 12 037 tonn
Kvar innbyggjar leverte om lag 15 kg farleg avfall i 2018
Komposteringsanlegget tok imot 3 462 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 2 976 tonn frå næringskundar. I tillegg tok ein i mot 2 584 tonn avvatna slam frå SIM-kommunar og 1 446 tonn slam frå næringskundar. Ein har og teke i mot 438 tonn reint trevirke og 4215 tonn hageavfall frå hushald og næring. Komposten som blir produsert i Svartasmåget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2018 var kr 400 kr per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.41 millionar kroner eks. mva.
Totalt vart det handsama 15 122 t i komposteringsanlegget i 2018.
15 122 tonn i 2018
4 526 tonn i 2018
Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.
Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.
Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.
Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2018 vart 96 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.
12 prosent av abonnentane komposterer bioavfallet sitt heime, om lag som i 2017. Totalt er det 2 842 registrerte bingar. I tillegg kjem 389 kundar som deler binge med andre. Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Om kvar innbyggjar produserer 90 kilo bioavfall i året, vart det i 2018 heimekompostert 727 tonn avfall.
Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.
Tall i kr inkludert meirverdiavgift
Tall i kr inkludert meirverdiavgift — Inkludert kunden sitt val av dunkløysning
Tall i kr inkludert meirverdiavgift
Tall i kr inkludert meirverdiavgift
Rekna ut frå eit snittgebyr på 2 377 kroner i 2018
Kommunane og sjølvkost
Avfallsgebyret skal fastsetjast slik at det svarar til dei totale kostnadane kommunen vert påført ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning. Kommunen skal ikkje ha forteneste på slik avfallshandtering, berre kostnader ved, og inntekter frå lovpålagt handtering av hushaldsavfallet skal inngå i berekning av avfallsgebyret.
For sjølvkostområda renovasjon og slamtøming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvskostområde i kommunen. Kommunane har kostnadar med desse tenestene i tillegg til dei som SIM belastar sjølvkostområda.
På oppdrag frå kommunane Bømlo, Fitjar og Kvinnherad utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).
Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtøming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.
For 2018 viser rekneskapen slikt resultat: | Hushaldsrenovasjon | Slamtømming |
---|---|---|
Inntekter | kr 51 529 5762 | kr 8 426 512 |
Kostnader | kr -60 326 765 | kr -8 804 351 |
Årsresultat | kr -8 797 188 | kr -377 839 |
Inngåande fond 01.01.2018 | kr 9 241 984 | kr 2 564 589 |
Bunde fond i SIM 31.12.2018 | kr 559 626 | kr 1 846 889 |
Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*
*(fordelt etter abonnentar per kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)
Hushaldsrenovasjon | Slamtøming | |||
---|---|---|---|---|
% | KR | % | KR | |
Austevoll | 9,37 | 52 462 | 15,98 | 295 220 |
Bømlo | 18,97 | 106 146 | 22,85 | 422 065 |
Fitjar | 5,26 | 29 409 | 5,67 | 104 804 |
Kvinnherad | 22,00 | 123 129 | 22,93 | 423 564 |
Stord | 27,11 | 151 729 | 4,60 | 85 013 |
Sveio | 10,53 | 58 928 | 15,65 | 289 073 |
Tysnes | 6,76 | 37 822 | 12,30 | 227 150 |
Totalt | 100 | 559 626 | 100 | 1 846 889 |
Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, ‘forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.
SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».
Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.
Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.
Konklusjon
Vi har revidert Sunnhordland Interkomunale Miljøverk IKS sin årsrekneskap som viser eit overskot på kr 10 656 117. Årsrekneskapen er samansett av balanse per 31.12.2018, resultatrekneskap, pliktige budsjettopplysningar og kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per denne datoen og notar til årsrekneskapen, medrekna eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.
Etter vår meining er årsrekneskapen som følgjer med, gitt i samsvar med lov og forskrifter og gir eit rettvisande bilete av selskapet si finansielle stilling per 31.12.2018, og av resultata og kontantstraumane for rekneskapsåret som vart avslutta per denne datoen, i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg.
Grunnlag for konklusjonen
Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, medrekna dei internasjonale revisjonsstandardane International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne i Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjon av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet slik det er krav om i lov og forskrift, og har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.
Anna informasjon
Leiinga er ansvarleg for anna informasjon. Anna informasjon gjeld informasjon i årsmeldinga bortsatt frå årsrekneskapen og den tilhøyrande revisjonsmeldinga.
Vår fråsegn om revisjonen av årsrekneskapen dekkjer ikkje anna informasjon, og vi attesterer ikkje den anna informasjonen.
I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det oppgåva vår å lese den anna informasjonen for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom han og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om han tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon.
Dersom vi konkluderer med at den ytterlegare informasjonen inneheld vesentleg feilinformasjon er vi pålagde å rapportere det. Vi har ikkje noko å rapportere i så måte.
Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen
Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen i samsvar med lov og forskrifter, og for at han gir eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg. Leiinga er også ansvarleg for naudsynt intern kontroll for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta.
Ved utarbeidinga av årsrekneskapen må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til å halde fram med drifta og opplyse om tilhøve av betyding for dette. Føresetnaden om at drifta kan halde fram, skal leggjast til grunn for årsrekneskapen så lenge det ikkje er sannsynleg at verksemda vil bli avvikla.
Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen
Målet med revisjonen er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ein høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, og ISA-ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller feil som ikkje er tilsikta. Feilinformasjon blir vurdert som vesentleg dersom han, åleine eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke økonomiske avgjerder som brukarane tar basert på årsrekneskapen.
For meir omtale av revisor sine oppgåver og plikter synar vi til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger
Konklusjon om årsmeldinga
Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er beskriven ovanfor, meiner vi at opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen og føresetnaden om at drifta skal halde fram er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrifter.
Konklusjon om registrering og dokumentasjon
Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen som skildra ovanfor, og dei kontrollhandlingar vi har funne naudsynt i samsvar med internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikke er revisjon eller forenklet revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt plikta si til å syrgja for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av selskapet sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.
Stord, 15. mars 2019
RSM Norge AS
Ragnar Pettersen
Statsautorisert revisor