Lastar innhald...

Årsmelding 2017

Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen ligg i Svartasmåget i Fitjar kommune.

abonnentar 46267 abonnentar

Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Innbyggjarar: 60 823
Hushaldsabonnentar: 26 159
Hytteabonnentar: 7 918
Abonnentar som heimekomposterer: 3 293
Abonnentar med slamavskiljar: 12 190
Kilo avfall per innbyggjar 2017: 434 kg

SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 60 823 innbyggjarane og 7 918 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det innført henteordning for bio-, papir- og restavfall.

I Svartasmåget er det administrasjonsbygg, deponi og komposteringsanlegg. På Heiane, i Stord kommune, har selskapet omlastehall. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og leggja til rette for at ressursane i avfallet vert nytta.

§ 4 Føremål

  1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.
  2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
  3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljøretta løysingar når det gjeld gjenvinning.
  4. Selskapet har ikkje erverv til føremål.

§ 5 Selskapet sine oppgåver:

  1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
  2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
  3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
  4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.

Representantskap, styre og administrasjon

Medlemskommunar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Representantskap
24 medlemmar

Leiar:
Ordførar i Austevoll (Morten Storebø)

Styret
7 medlemer og 1 representant for tilsette.

Leiar:
Rune Sandvik (Fitjar)

Administrasjon og hovudanlegg
Svartasmåget, Fitjar.

Dagleg Leiar:
Terje Gilje

Organisering

Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.

Representantskap

Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 24 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 7, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eit møte i 2017 (28. april) og handsama 12 saker.

Styre

Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Representantskapet vel styremedlemene. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Styret hadde ni møte i 2017.

Styret i SIM 2017

Rune Sandvik

Styreleiar

Solveig Grønsdal

Nestleiar

Edvard J. Stangeland

Styremedlem

Elisabeth Sandven

Styremedlem

Hein Schaug

Styremedlem

Jorunn Skåden

Styremedlem

Jostein Grov

Styremedlem
(fram til 25.april 2017)

Otto Benjaminsson

Styremedlem
(frå 26.april 2017)

Terje Gilje

Dagleg leiar

Framtid og endring

Avfallsmengdene går stadig nedover sjølv om besøka til våre miljøsentralar aukar. Dei siste åra har graden av utsortering endra seg lite og selskapet sine målsetjingar framover er auka sorteringsgrad. Med den nye kontrakten som vart inngått i juni, legg selskapet til rette for eit steg i den retning. For kundane vil den nye ordninga medføra eit betre tilbod og for sjåførane vert det eit betre arbeidsmiljø. Årsaka er at kundane vil få tilbod om oftare henting av restavfallet, og henting av plastemballasje. Dette er ordningar me har fått tilbakemelding om at kundane ynskjer. For sjåførane vil det at ein i større grad tek i bruk sidelastera føre til ein lettare arbeidskvardag.

Framleis er interessa frå friviljuge som ynskjer å rydda såkalla herrelaust avfall stor. Og den vart ikkje noko mindre i 2017, då ein kval vart funnen på Sotra, magen full av plast. Dette vart ein vekkjar for mange, noko òg SIM fekk erfare. Enormt mange tok kontakt og ville vera med og bidra. SIM har støtta strandrydding sidan 2014. Dette er ei viktig oppgåve selskapet ser ein vil få meir og meir fokus på framover.

2017 var òg året eg meinte det på var på tide å overlate roret til andre. Etter 24 år i selskapet har ein vore med på mykje og sett ei rivande utvikling i bransjen. Dette er ein bransje som er, og vil bli viktig òg i framtida. I 2017 vart SIM godkjent som lærebedrift. Me har tilsett ein lærling og ser det som svært positivt at bransjen har fått eige fag og dermed ei statusheving som truleg er naudsynt for framtidig rekruttering.

Selskapet har flinke og engasjerte og dyktige tilsette som er rusta til å møte framtida.Takk til alle medlemskommunar, kundar, samarbeidspartnarar og tilsette for godt samarbeid i alle år. Lykke til vidare til Ole Johannes Støle og resten av medarbeidarane i SIM.

Signatur Terje Gilje

Terje Gilje

Dagleg leiar

Tilsette

Terje Gilje - Dagleg leiar

Terje Gilje

Dagleg leiar

Kjell Egil Hollund - Driftsleiar miljøsentralar

Kjell Egil Hollund

Driftsleiar miljøsentralar

Representant for tilsette i styret

Arild Vik - Driftsleiar innsamling

Arild Vik

Driftsleiar innsamling

Vararepresentant for dei tilsette i styret

Jan Rolf Bekkevold - Driftsleiar miljøsentralar. Representant for tilsette i styret

Jan Rolf Bekkevold

Driftsleiar slutthandsaming

Morten Fadnes - Administrasjons- og økonomiansvarleg

Morten Fadnes

Administrasjons- og økonomiansvarleg

Janne Hillersøy - Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Janne Hillersøy

Plan, innkjøp og kommunikasjonsansvarleg

Tilsette

Trude Vedå - Økomomi og personal

Trude Vedå

Økomomi og personal

Sissel Lønning - Kundehandsamar

Sissel Lønning

Kundehandsamar

Trine Tverborgvik - Kundehandsamar

Trine Tverborgvik

Kundehandsamar

Einar Breivik - Operatør kompost

Einar Breivik

Operatør kompost

Olaf Skram - Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Olaf Skram

Formann/kundehandsamar miljøsentral Heiane

Oscar Langballe - Formann/kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Oscar Langballe

Formann/kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Tilsette

Kjell Bolme - Operatør og kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kjell Bolme

Operatør og kundehandsamar miljøsentral Heiane

Jostein Johannessen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Jostein Johannessen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Inge Mikal Helland - Kundehandsamar miljøsentreal Tysnes

Inge Mikal Helland

Kundehandsamar miljøsentral Tysnes

Einar Wierdal - Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Einar Wierdal

Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Kjell Frode Hole - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll

Kjell Frode Hole

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll

Lars Miles Storaas - Kundehandsamar Kvinnherad

Lars Miles Storaas

Kundehandsamar Kvinnherad

Tilsette

Aimar Hansen - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Aimar Hansen

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Frank Verpelstad - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Frank Verpelstad

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Thom Arne Fredriksen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Thom Arne Fredriksen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Kristian Isdahl - Operatør og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Kristian Isdahl

Operatør og kundehandsamar miljøsentral Fitjar

Amalie Haukås - Lærling, gjenvinningsfaget

Amalie Haukås

Lærling, gjenvinningsfaget

Tilsette

Gry Kristin Karlson - Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Gry Kristin Karlson

Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Helge Sæterbø - Operatør og kundehandsamar miljøsentral Heiane

Helge Sæterbø

Operatør og kundehandsamar miljøsentral Heiane

Styret si årsmelding

Driftsaktivitet

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall og tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Selskapet sin administrasjon ligg i Fitjar kommune, aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga, dersom ein samanliknar talet på klager sett opp mot talet på kundar. Selskapet har ingen pågåande forsknings- eller utviklingsaktivitetar.

Sunnhordland

Økonomi

I 2017 hadde SIM ei inntekt på 89,1 millionar kroner. Resultatet til selskapet var på 3,04 millionar kroner. SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte, og for å driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet skal årleg vurdera kva som er nødvendige avsetjingar for å dekke framtidige kostnader. Det er ikkje sett av ekstra midlar til fondet i 2017 og i rekneskapen står fondet med 66,2 millionar kroner. Selskapet hadde eit underskot på kommunalt avfall på 2,7 millionar kroner, som er trekt frå renovasjonsfondet. Fondet er ved slutten av året på 9,2 millionar kroner.

Slamtømeaktivitetane hadde eit underskot på 0,4 millionar kroner. Underskotet vert dekka av slamfondet som ved årsskiftet var på 2,2 millionar kroner. Fonda skal byggjast ned dei næraste åra. Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter.

Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen gjev eit rett bilete av selskapet sine eigneluter og gjeld, finansiell stilling og resultat. Føresetnadene for framleis drift er til stades, og styret stadfestar desse.

Finansiell risiko

SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.

Arbeidsmiljø og personale

Ved utgangen av 2017 var det 22,4 årsverk i SIM. Fem av dei tilsette var kvinner. Sjukefråværet var på 4,3%. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styret er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve.

Selskapet har som mål at det skal vera likestilling mellom menn og kvinner på arbeidsplassen. I 2017 tilsette selskapet ein lærling. Renovasjonsbransjen har tradisjonelt vore mannsdominert. Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova.

Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er forsøkt utforma med tanke på blinde og svaksynte lesarar. Selskapet arbeider i personalsamanheng aktivt for å motverka diskriminering, særhandsaming, trakassering og forskjellshandsaming i strid med lov om likestilling mellom kjønna. Selskapet har ikkje sett i verk spesielle tiltak.

Ytre miljø

Sigevatn frå moderne avfallsdeponi oppstår hovedsakleg som fylgje av at nedbør vaskar ut dei deponerte massane. Dette skjer òg i Svartasmåget. Det er no etablert og sett i drift reinseanlegg for å redusera utsleppa ytterlegare. Og det er etablert anlegg for handsaming av metangass frå deponiet. Analyser viser at det er låge nivå av jern, tungmetall og organiske miljøgifter i sigevatn frå deponiet. Det kan til dels tilskrivast effekten av reinseanlegget som har god reinseffekt for jern. Noko som òg medfører reinsing av tungmetall og organiske miljøgifter. For olje og aromatiske løysemiddel var det ikkje kvantifiserbare mengder i sigevatnet i 2017.

Framtida

SIM vil leggja til rette for auka sortering også i framtida. I april 2018 vert det innført henting av plastemballasje i alle SIM- kommunane og ein vil sjå på ytterlegare utsortering av fleire fraksjonar dei komande åra. Ein arbeidar med å sikre områder for framtidige miljøsentralar i Austevoll og Tysnes. Det er venta vekst i besøkstalet på miljøsentralane og i avfallsmengdene. Selskapet sin "Ressurs- og miljøstrategi" seier noko om kva mål og føringar ein har for selskapet i framtida. Selskapet sine planar vil alltid vera forankra i overordna planar og strategiar. Styret kjenner seg trygg på at SIM også i framtida kan gje kundane ei god og kostnadseffektiv renovasjonsordning.

Fitjar, 9. mars 2018.

signatur Rune Sandvik

Rune Sandvik

Styreleiar

signatur Solveig Grønsdal

Solveig Grønsdal

Nestleiar

signatur Edvard Johannes Stangeland

Edvard Johannes Stangeland

Styremedlem

signatur Elisabeth Sandven

Elisabeth Sandven

Styremedlem

signatur Hein Schaug

Hein Schaug

Styremedlem

signatur Jorunn Skåden

Jorunn Skåden

Styremedlem

signatur Otto Benjaminsson

Otto Benjaminsson

Styremedlem

signatur Ole Johannes Støle

Ole Johannes Støle

Dagleg leiar

Ditt avfall

 

 

 

 

 

Avfallsmengder

Mengda av innsamla hushaldsavfall på renovasjonsrutene hadde ein nedgong frå 2016 til 2017, medan mengda innsamla hytteavfall var nokonlunde den same. Innsamla næringsavfall på renovasjonsrutene hadde ein stor auke i 2017, medan besøka på miljøsentralane hadde ein liten auke i fjoråret.

Samanlikna med talet på kundar vart det i 2017 registrert svært få klager.

ikon-avfallsmengde 57 584 tonn

Totale avfallsmengder i 2017.

Samla avfallsmengder som SIM tek hand om

Til saman 57 583 tonn

Hushaldsavfall

Hentefraksjonane (rest, bio og papir) hadde ein nedgong på 2,42 % frå 2016 til 2017. Totalt hadde innsamla mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein nedgong.

Kvar innbyggjar leverte 434 kg avfall i 2017. Totalt tok SIM hand om 26 421 tonn frå hushaldningane. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.

Mengder hushaldsavfall

  • Mengder i tonn

Samla mengde hushaldsavfall i tonn

Avfall henta heime hos folk (medrekna hytteavfall)

Til saman: 14 412 tonn

Attvinning (Hushald)

Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane gjekk ned med 2,42 % frå 2016 til 2017. Innsamla mengder i 2017 var 14 978 tonn. Totalt mottok SIM 26 421 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland. 96 % av det som vart samla inn vart sendt til attvinning. Attvinningsprosenten har auka mykje sidan 2003, som var det året SIM starta med å senda avfall til attvinning. Då var attvinningsprosenten på 48 %.

ikon-gjenvinning

96 %

 

Hushaldsavfall til attvinning

Totalt 25 448 tonn

Hytterenovasjon

Det vert stadig bygd nye hytter i SIM-kommunane, og ordninga for hytterenovasjon er under kontinuerleg utvikling. Nye konteinarstader kjem til og kapasiteten på eksisterande lokalitetar vert auka. I 2017 var det tøming av hyttekonteinera to gonger per. veke i heile juli og halve august, mot normalt éin gong i veka i sommarhalvåret.

SIM si ordning for hytteabonnentar er hyttekonteinera og/eller hyttedunk. Hyttekundar kan sortere avfall ved og bestille vanleg tre-dunk system som hushaldsabonnentane har.

Deponi

I 2017 vart det levert 13 489 tonn avfall til deponiet i Svartasmåget, ein auke på 28,9 % frå året før. Årsaka til auken er at ein har teke i mot større mengder frå næringslivet. Den som leverer avfall til deponi skal kontrollera og gå god for at avfallet kan leverast til deponiet. SIM kontrollerer avfallet visuelt før og etter lossing, og sjekkar kvart 100. lass nøgnare. Ved behov vert det teke prøvar av avfallet.

Mengder til deponi

  • Mengder i tonn

Mengder levert til deponi 13 489 tonn

Slamtømming

I 2017 var det tøming av slamavskiljarar for heilårsbustader i Austevoll og tømming for heilårsbustader og fritidshus i Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. SIM har tilbod om tøming av minireinseanlegg og tette tankar som ikkje har nok med ordinær tøming. Selskapet nyttar eit system for sanntidskommunikasjon mellom kontoret i Svartasmåget og slambilane. Totalt vart det tømd 5052 tankar.

Hushaldsavfall

To firma hentar inn avfall for SIM. Renovasjon Øst AS hentar bos i Austevoll, Kvinnherad og Tysnes, medan Ragn- Sells AS/Retur AS hentar i Bømlo, Fitjar, Stord og Sveio.

Vårt samfunn

 

 

 

 

 

Eit reinare Sunnhordland

SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.

Ryddig sunnhordland

Rydd Sunnhordland

38 lokale velforeiningar og lag søkte om å rydda i 2017. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt.

Ryddeaksjonar

  • Rydd i nærmiljøet
  • Rydd ei strand*

* Starta opp i 2014

Rydd ei strand

SIM ynskjer å få i gong rydding av strender som ingen offentlege instansar har ryddeansvar for. SIM støtta i 2017 over 70 slike søknadar, som resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland. I fjor fekk selskapet 1, 8 millionar kroner i ekstraløyving frå Miljødirektoratet til strandrydding. Desse midlane var øyremerka utilgjengelege strender. Dette resulterte i opprydding i store områder ein ikkje når med dei ordinære ryddeaksjonane.

Meld frå om forureining

SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM bidratt til opprydding i over 200 saker.

Informasjon

SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling. SIM sine publikasjonar, sorteringsguidar, sentralbord, miljøsentralar, tømmekalender, SIM APP, SIM sine nettsider, facebook og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for selskapet i 2017.

I vår digitale tidsalder ser ein at det stadig dukkar opp nye måtar og nå innbyggjarane på. SIM er medviten si rolle både med tanke på å vera tilstades i dei medium abonnentane brukar, samstundes som ein må vurdere kva kanalar det er hensiktsmessig å nytta.

Skuleprosjektet

I 2017 var bortimot 900 skuleelevar og lærarar hjå SIM for å læra om kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling. SIM betalar reisa for skuleklassane.

Andre tilskotsordningar

11 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve litt tilskot til loppemarknadar og gjenbruksbutikkar.

Miljøsentralar

 

 

 

 

 

Kundar og avfall i 2017

I 2017 var det om lag 79 209 vitjingar ved dei sju miljøsentralane våre. Kundane leverte 13 579 tonn avfall og totalt kom 39 % av hushaldsavfallet inn via miljøsentralane. Selskapet fokuserer på farleg avfall og stadig fleire avfallstypar vert definert som farleg avfall. Skjerpa krav til drift av anlegg som skal ta i mot farleg avfall fører til auka kostnader.

Selskapet har godt tilrettelagt tilbod for mottak av farleg avfall og EE-avfall gjennom våre miljøsentralar. Om lag 4 % av avfallet selskapet tek i mot frå hushald er farleg avfall. Dette avfallet kjem inn via miljøsentralane. Selskapet har i tillegg ryddetiltak som i mange tilfelle fører til opprydding av slikt avfall i naturen. I 2017 tok SIM i mot 990 tonn farleg avfall.

Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein tredjedel av det det kostar å driva tilbodet, resten er dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringsdrivande skal betale fulle kostnader.

Kundar

79 209

Kundar i 2017

Vitjingar i 2017

SIM sine miljøsentralar hadde ein auke i kundetalet på 13,8 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen hadde ein nedgong på 1,6 % frå 2016. SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein fjerdedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

kundar-prosent 13.8 %

fleire vitjingar i 2017.

Kundar ved SIM sine miljøsentralar

  • Kundevitjingar ved miljøsentralar

Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2017 var 79 209 personar

Mengder hushaldsavfall

  • Mengder levert til miljøsentralar
  • Totale mengder hushaldsavfall
  • Mengder henta på renvovasjonsruta

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2017 var 13 579 tonn

Farleg avfall

  • Mengder farleg avfall

Kva innbyggjar leverte om lag 16 kg farleg farleg i 2017

Kompostanlegg

Komposteringsanlegget tok imot 3 440 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 3 165 tonn frå næringskundar. I tillegg tok ein i mot 2 458 tonn avvatna slam frå SIM-kommunar og 1232 tonn slam frå næringskundar. Ein har og teke mot 1352 tonn reint trevirke frå næring og 6559 tonn hageavfall frå BIR. Komposten som blir produsert i Svartasmåget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2017 var kr 400 kr per tonn inkl. mva. Salet gav ei inntekt på kr. 1.34 millionar kroner eks. mva.

Totalt vart det handsama 18 205 tonn i komposteringsanlegget i 2017.

 

 

 

Mengder til kompostering

  • Mengder til kompostering

18 205 tonn i 2017

Selde mengder kompost

  • Selde mengder kompost

4 545 tonn i 2017

Gjenvinning

 

 

 

 

 

Avfallspyramiden

Afallspyramiden

Avfall vert gjenvunne på tre måtar: Ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.

Ombruk

Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.

Materialgjenvinning

Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialgjenvinning. Døme er papir som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.

Energiutnytting

Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2017 vart 96 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.

Heimekompostering

13 prosent av abonnentane komposterer bioavfallet sitt heime, om lag som i 2016. Totalt er det 2 893 registrerte bingar. I tillegg kjem 400 kundar som deler binge med andre. Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Om kvar innbyggjar produserer 90 kilo bioavfall i året, vart det i 2017 heimekompostert 741 tonn avfall.

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.

Renovasjonsgebyr - dunkar

Kommunalt abonnementsgebyr for hus i 2017

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt abonnementsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement i 2017

  • Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement

Tall i kr inkludert meirverdiavgift — Inkludert kunden sitt val av dunkløysning

Renovasjonsgebyr fritidsbustad 2017

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Slamtømmegebyr for heilårshus i 2017

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Dette går gebyret til

Rekna ut frå eit snittgebyr på 2 394 kroner i 2017

Etterkalkulasjon sjølvkostområder

Kommunane og sjølvkost

Avfallsgebyret skal fastsetjast slik at det svarar til dei totale kostnadane kommunen vert påført ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning. Kommunen skal ikkje ha forteneste på slik avfallshandtering, berre kostnader ved, og inntekter frå lovpålagt handtering av hushaldsavfallet skal inngå i berekning av avfallsgebyret.

For sjølvkostområda renovasjon og slamtøming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvskostområde i kommunen. Kommunane har kostnadar med desse tenestene i tillegg til dei som SIM belastar sjølvkostområda.

På oppdrag frå kommunane Bømlo, Fitjar og Kvinnherad utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).

SIM og sjølvkost

Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtøming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.

For 2017 viser rekneskapen slikt resultat: Hushaldsrenovasjon Slamtømming
Inntekter kr 55 155 902 kr 8 078 729
Kostnader kr -57 922 080 kr -8 471 860
Årsresultat kr -2 766 178 kr -393 131
Inngåande fond 01.01.2017 kr 11 887 798 kr 2 564 589
Bunde fond i SIM 31.12.2017 kr 9 241 984 kr 2 197 424

Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*

*(fordelt etter abonnentar per kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)

Hushaldsrenovasjon og slamtømming

Hushaldsrenovasjon Slamtøming
% KR % KR
Austevoll 9,25 854 603 16,39 360 223
Bømlo 19,04 1 759 223 22,25 488 889
Fitjar 5,27 487 139 6,10 134 137
Kvinnherad 22,03 2 035 857 21,61 496 885
Stord 27,10 2 504 584 5,04 110 676
Sveio 10,54 974 278 15,86 348 440
Tysnes 6,78 626 300 11,75 258 174
Totalt 100 9 241 984 100 2 197 424

SIM sin praksis for 2017

Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.

SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».

Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.

Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.

Uavhengig melding frå revisor

Til representantskapet i Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS

Uttale om revisjonen av årsrekneskapen

Konklusjon

Vi har revidert Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS sitt årsrekneskap som viser eit overskot på kr 3 043 890. Årsregnskapet er samansett av balanse per 31. desember 2017, resultatrekneskap, pliktige budsjettopplysingar og kontantstraumsoppstilling for rekneskapsåret som er avslutta per denne datoen, og notar til årsrekneskapen, samt eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.

Etter vår meining er den vedlagte årsrekneskapen gjeve i samsvar med lov og forskrifter og gjev eit rettvisande bilete av selskapet si finansielle stilling per 31. desember 2017 og av resultat og kontantstraumar for rekneskapsåret som er avslutta per denne datoen i samsvar med reglane i rekneskapslova og god rekneskapsskikk i Noreg.

Grunnlag for konklusjonen

Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Norge, inkludert dei internasjonale revisjonsstandardane International Standards on Auditing (ISA-ane). Våre oppgåver og plikter i samsvar med disse standardane står skreve i Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjon av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet slik det er pålagt i lov og forskrift, og har utøvd våre andre etiske forpliktingar i samsvar med disse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og hensiktsmessig som grunnlag for vår konklusjon.

Anna informasjon

Leiinga er ansvarleg for anna informasjon. Anna informasjon gjeld årsmelding, men gjeld ikkje årsrekneskapen og revisjonsmeldinga.

Vår uttale om revisjonen av årsrekneskapen dekkjer ikkje anna informasjon, og vi attesterer ikkje anna informasjonen.

I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det vår oppgåve å lesa anna informasjon med det føremål å vurdera om det føreligg vesentleg inkonsistens mellom anna informasjon og årsrekneskapen, kunnskap vi har opparbeida oss under revisjonen, eller om den tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon.

Dersom vi konkluderer med at den anna informasjonen inneheld vesentleg feilinformasjon er vi pålagt å rapportere det. Vi har ingenting å rapportera i samband med det.

Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen

Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeida årsrekneskapen i samsvar med lov og forskrifter, samt at det gjev eit rettvisande bilete i samsvar med reglane i rekneskapslova, god rekneskapsskikk i Noreg, tilleggsbestemmelser i lov om interkommunale selskap og forskrift om årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding for interkommunale selskap. Leiinga er også ansvarleg for slik intern kontroll som dei finn er naudsynt for å kunna utarbeida ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, korkje som fylgje av misleghald eller feil.

Ved utarbeidinga av årsrekneskapen må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til framleis drift og opplysa om tilhøve som har innverknad for framleis drift. Føresetnaden om framleis drift skal leggjast til grunn for årsrekneskapen så lenge det ikkje er sannsynleg at verksemda vil verta avvikla.

Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen

Vårt mål med revisjonen er å oppnå rimeleg tryggleik for at årsrekneskapen som total ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, korkje som fylgje av misleg framferd eller utilsikta feil, og å gje ei revisjonsmelding som inneheld vår konklusjon. Rimeleg grad av tryggleik er ei høg grad av tryggleik, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Norge, samt ISA-ane, alltid vil avdekka vesentleg feilinformasjon som eksisterer. Feilinformasjon kan oppstå som fylgje av misleg framferd eller utilsikta feil. Feilinformasjon vert vurdert som vesentleg dersom den enkeltvis eller samla med rimelig grad kan forventa å påverka økonomiske avgjerder som brukarane føretek basert på årsrekneskapen.

Som del revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, samt ISA-ane, utviser vi profesjonelt skjønn og utviser profesjonell skepsis gjennom heile revisjonen. I tillegg:

  • skal vi identifisera og vurdera risikoen for vesentleg feilinformasjon i rekneskapen, enten det skuldast misleg framferd eller utilsikta feil. Vi utformar og gjennomfører revisjonshandlingar for å handtera slike risiko, og innhentar revisjonsbevis som er tilstrekkeleg og hensiktsmessig som grunnlag for vår konklusjon. Risikoen for at vesentleg feilinformasjon som fylgje av mislig framferd ikkje vert avdekka, er høgare enn for feilinformasjon som skuldast utilsikta feil, sida misleg framferd kan vera samarbeid, forfalsking, bevisste utelatingar, urette framstillingar eller overstyring av intern kontroll.
  • skal vi opparbeida oss ei forståing av den interne kontroll som er relevant for revisjonen, for å utforma revisjonshandlingar som er hensiktsmessige etter omstenda, men ikkje for å gje uttrykk for ei meining om effektiviteten av selskapet si interne kontroll.
  • skal vi evaluera om dei rekneskapsprinsippa som er nytta er hensiktsmessige og om dei rekneskapsestimat som er nytta og tilhøyrande noteopplysningar utarbeida av leiinga er rimelege.
  • skal vi konkludera på hensiktsmessigheten av leiinga si bruk av framleis drift-føresetnaden ved utarbeidinga av rekneskapen, basert på innhenta revisjonsbevis, og om det føreligg vesentleg usikkerheit knytt til hendingar eller tilhøve som kan skape vesentleg tvil om selskapet si emne til framleis drift. Dersom vi konkluderer med at det eksisterer vesentleg usikkerheit, vert det kravd at vi i revisjonsmeldinga gjev merksam på tilleggsopplysningane i rekneskapen, eller, dersom slike tilleggsopplysningar ikkje er tilstrekkelege, at vi modifiserer vår konklusjon om årsrekneskapen og årsmeldinga. Våre konklusjonar er basert på dei revisjonsbevis som er innhenta inntil datoen for revisjonsmeldinga. Etterfylgjande hendingar eller tilhøve kan likevel føra til at selskapet ikkje held fram med drifta.
  • skal vi evaluera vi den samla presentasjonen, strukturen og innhaldet, inkludert tilleggsopplysningane, og om årsrekneskapen utgjer dei underliggjande transaksjonane og hendingane på ein måte som gjev eit rettvisande bilete.

Vi har kontakt med leiinga blant anna om planlagt omfang av revisjonen og til kva tid revisjonsarbeidet skal utførast. Vi utvekslar også informasjon om vesentlege tilhøve som vi har avdekka under revisjonen, samt om eventuelle vesentlege avvik i den interne kontrollen.

Uttale om andre lovmessige krav

Konklusjon om årsmeldinga

Basert på vår revisjon av årsrekneskapen som skildra ovanfor, meier vi at opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapet, føresetnaden om framleis drift og framlegget til bruk av overskotet er konsistente med årsrekneskapen og i samsvar med lov og forskrifter.

Konklusjon om registrering og dokumentasjon

Basert på vår revisjon av årsrekneskapen som skildra ovanfor, og dei kontrollhandlinga vi har funne naudsynt i samsvar med internasjonal standard for attestasjonsoppdrag (ISAE) 3000 «Attestasjonsoppdrag som ikkje er revisjon eller forenkla revisorkontroll av historisk finansiell informasjon», meiner vi at leiinga har oppfylt si plikt til å syrgja for ordentleg og oversiktleg registrering og dokumentasjon av selskapet sine rekneskapsopplysningar i samsvar med lov og god bokføringsskikk i Noreg.

Stord, 9. mars 2018

RSM Norge AS

Ragnar Pettersen

Statsautorisert revisor

Revisor melding i pdf format