SIM logo

Årsmelding 2014

Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er ei moderne avfalls- og attvinningsverksemd. Selskapet vart stifta i mai 1990 og er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Administrasjonen ligg i Svartasmoget i Fitjar kommune.

44265 abonnentar

Eigarkommunar: Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Innbyggjarar: 60 076

Hushalds abonnentar:25 254

Hytte abonnentar:7 572

Abonnentar som heimekomposterer: 3 444

Abonnentar med slamavskiljar: 11 439

Kilo avfall per innbyggjar 2014: 415 kg

SIM har ansvar for innsamling av alt hushaldsavfall og slam frå dei 60 076 innbyggjarane og 7 572 hyttekundane i medlemskommunane. I alle kommunane er det kjeldesortering med dunkar for høvesvis bio-, papir- og restavfall og betjente miljøsentralar.

I Svartasmoget er det administrasjonsbygg, deponi, miljøsentral, hall og utstyr for kompostering av våtorganisk avfall, i tillegg til anlegg for mottak og handsaming av avløpsslam. På Heiane, i Stord kommune, har selskapet omlastehall. Det er i tillegg miljøsentralar i alle eigarkommunane. SIM legg vekt på førebyggjande tiltak for å redusera miljøforureining av luft, vatn og nærområde. Selskapet arbeider for å oppfylla miljøkrav og å utnytta ressursane i avfallet.

§ 4 Føremål

  1. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane
  2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for avfall.
  3. Selskapet skal der dette er naturleg, søkja å etablera samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap med tanke på å få til rasjonelle og miljørettaløysingar når det gjeld gjenvinning.
  4. Selskapet har ikkje erverv til føremål.

§ 5 Selskapet sine oppgåver:

  1. Selskapet skal byggja og driva innsamlingssystem, mottak, gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast, resirkulerast eller må sendast vidare for destruksjon eller gjenvinning.
  2. Selskapet skal leggja særleg vekt på miljøvenleg drift av alle ledd i avfallshandsaminga.
  3. Selskapet skal i nært samarbeid med kommunane informera publikum og næringsdrivande om drifta i selskapet.
  4. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggja vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege avfallshandsamingsmetodar.

Representantskap, styre og administrasjon

Medlemskommunar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Miljøsentralar

  • Austevoll
  • Bømlo
  • Fitjar
  • Kvinnherad
  • Stord
  • Sveio
  • Tysnes

Representantskap

24 medlemmar

Leiar:

Kjetil Hestad, Tysnes - Liv Kari Eskeland, Stord

Styret

7 medlemer og 1 representant for tilsette.

Leiar:

Reidunn Aasheim, Stord

Administrasjon og hovudanlegg

Svartasmoget, Fitjar.

Dagleg Leiar:

Terje Gilje

Organisering

Representantskapet er det øvste organet i SIM. Eigarkommunane vel medlemer til representantskapet, og representantskapet vel styret. Dagleg leiar, administrasjonen og driftspersonellet står for den daglege drifta.

Representantskap

Folketalet avgjer kor mange medlemer kvar eigarkommune har i representantskapet. Kommunestyra vel medlemer og personlege varamedlemer til representantskapet for fire år om gongen, i samsvar med den kommunale valbolken. Dei 24 medlemene er fordelte slik: Austevoll 2, Bømlo 4, Fitjar 2, Kvinnherad 5, Stord 7, Sveio 2 og Tysnes 2. Representantskapet hadde eitt møte i 2014 (26. april) og handsama 13 saker.

Styre

Det er éin styremedlem frå kvar kommune, med personleg varamedlem. Styremedlemene vert valde for to år om gongen, og slik at halvparten står på val kvart år. I tillegg er det éin representant frå dei tilsette i styret. Representantskapet vel styremedlemene. Styret hadde elleve møte i 2014.

Dotterselskap og andre eigarinteresser

SIM Næring AS (heileigd)

Målsetjinga til selskapet var å gje næringskundar eit heilskapleg og god avfallshandtering. Kontor og sorteringsanlegg var på Eldøyane næringspark på Eldøyane i Stord kommune. 31.12.13 hadde selskapet 57 tilsette. Selskapet vart seld til Ragn- Sells AS 1. oktober.

SIM Tankrenovasjon AS (heileigd av SIM N)

SIM Tank heldt til på Frakkagjerd i Nord-Rogaland og tilbydde slamtømming, innsamling av farleg avfall og suge- og spyletenester. 31.12.13 hadde selskapet 19 tilsette. Selskapet vart seld til Ragn- Sells AS 1. oktober.

SLab

SLab er eit laboratorium for akvakultur, vatn og mat og vart stifta januar 2004. SIM har ein eigardel på 7,4 %.

Rekom AS

Rekom er eigd av 58 kommunar og interkommunale renovasjonsselskap, selskapet skal omsetja avfallsfraksjonar. SIM eig 200 av 4 699 aksjar i Rekom AS, ein eigardel på 4,26 %.

Organisasjonskart

SIM

19,3 årsverk

SIM Næring AS

Solgt i 2014

SIM Tankrenovasjon AS

Solgt i 2014

Miljørett framtid

SIM arbeidar for ei miljørett framtid og løysingar for innbyggjarane, eigarkommunane og næringslivet.

Sign

Terje Gilje

Dagleg leiar

Avfallsbransjen har gått gjennom store endringar dei siste tiåra. Det er også ein medverkande årsak til at ein meinte det var rett å selje SIM sine dotterselskap, SIM Næring AS og SIM Tankrenovasjon AS i 2014. SIM Næring AS har vore eigd av SIM sidan 1997 og vart oppretta for å sikra at næringslivet hadde eit tilbod for sitt avfall. Marknaden er ikkje lenger slik at det er mangel på aktørar og for at dei to selskapa skulle kunne utvikle seg vidare var det rett å selja. For SIM sine abonnentar vil det ikkje medføra merkbare endringar. Selskapet vil framleis ha fokus på å gje innbyggjarane best mogeleg teneste til rett pris.

Selskapet sine miljøsentralar er eit viktig bidrag for å leggje til rette for at innbyggjarane kan opptre miljørett. Og veksten i besøkstalet viser at miljøsentralen er eit svært populært tilbod. Dersom trenden dei siste åra held seg vil besøkstalet doble seg i løpet av dei neste fire åra, det vil tilseie eit besøkstal på over 120 000. Dette er ein auke SIM er budd på og vil vera med og leggja til rette for.

Driftsmessig går selskapet godt. Ein registrerer få klager og kundeundersøkingar viser at innbyggjarane er nøgde med tenestene. Selskapet må likevel ha fokus på utvikling og forbetring. Nye krav og nye ordningar fører til at ein lyt tilpassa drifta og ordningane deretter. Selskapet er, som eit av to i landet, i gong med henting av tekstilar. Eit tilbod som foreløpig har vore ei prøveordning i ein kommune, men som har gjeve gode erfaringar og resultat. Drift av deponiet har endra seg mykje sidan selskapet vart oppretta. Frå å vera hovudaktivitet til å vera ein aktivitet ein vurderer å avslutta. Foreløpig har ein fokus på drift også dei næraste åra.

Selskapet har nedfelt i sine vedtekter at ein skal ha fokus på gode og miljørette løysingar for innbyggjarane i Sunnhordland. Eit mål er å auka graden av avfall som går til materialgjenvinning og ombruk. Eit anna mål er å gje innbyggjarane informasjon om miljørette handlingar, gjennom haldningsskapande arbeid og ved å leggje til rette for at ein kan opptre miljørett. Selskapet arbeider også for at næringslivet og eigarkommunane skal ha miljørette løysingar som er framtidsretta.

SIM har dyktige medarbeidarar som har fokus på kundetilfredshet og gode løysingar. Selskapet og dei tilsette er rusta til å møta nye utfordringar i ein bransje som stadig er i endring. Takk til alle medlemskommunar, kundar, samarbeidspartnarar og tilsette for godt samarbeid i 2014.

Sign

Terje Gilje

Dagleg leiar

Tilsette

Terje Gilje - Dagleg leiar

Terje Gilje

Dagleg leiar

Kjell Egil Hollund - Driftsleiar innsamling og kommunal drift

Kjell Egil Hollund

Driftsleiar innsamling og kommunal drift

Representant for tilsette i styret

Jan Rolf Bekkevold - Driftsleiar slutthandsaming av avfall

Jan Rolf Bekkevold

Driftsleiar slutthandsaming av avfall

Trude Vedå - Personal og økonomi

Trude Vedå

Personal og økonomi

Janne Hillersøy - Plan innkjøp og kommunikasjon

Janne Hillersøy

Plan innkjøp og kommunikasjon

Tilsette

Arild Vik - Rådgjevar

Arild Vik

Rådgjevar

Vara representant for tilsette i styret

Sissel Lønning - Kundehandsamar

Sissel Lønning

Kundehandsamar

Linn Jeanett Økland - Kundehandsamar

Linn Jeanett Økland

Kundehandsamar

Einar Breivik - Operatør kompost

Einar Breivik

Operatør kompost

Olaf Skram - Kundehandsamar miljøsentral/Operatør

Olaf Skram

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Tilsette

Oscar Langballe - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Oscar Langballe

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Svein Kvernenes - Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Svein Kvernenes

Kundehandsamar miljøsentral Kvinnherad

Jostein Johannessen - Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Jostein Johannessen

Kundehandsamar miljøsentral Bømlo

Inge Mikal Helland - Kundehandsamar miljøsentreal Tysnes

Inge Mikal Helland

Kundehandsamar miljøsentreal Tysnes

Einar Wierdal - Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Einar Wierdal

Kundehandsamar miljøsentral Sveio

Tilsette

Kjell Frode Hole - Kundehandsamar miljøsentral Austevoll

Kjell Frode Hole

Kundehandsamar miljøsentral Austevoll

Kjell Bolme - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kjell Bolme

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Trine Tverborgvik - Kundehandsamar

Trine Tverborgvik

Kundehandsamar

Helge Sæterbø - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Helge Sæterbø

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kristoffer Vik - Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Kristoffer Vik

Kundehandsamar miljøsentral Svartasmoget

Gro Andersen

Kundehandsamar miljøsentral Heiane

Styret si årsmelding

SIM er eit levande eksempel på at det går fint å levera gode og rimelige kommunale tenester til ein region, men det føreset at styret og selskapet har fokus på å tena regionen og ikkje enkeltkommunar i regionen.

Sign

Reidunn Aasheim

Styreleiar

Driftsaktivitet

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) sin hovudaktivitet er innsamling og handsaming av kommunalt avfall, tømming av slamtankar og handsaming av avvatna slam. I tillegg tek selskapet imot avfall frå næringslivet til slutthandsaming ved komposteringsanlegg eller deponi. Selskapet sitt hovudkontor ligg i Fitjar kommune, aktiviteten går føre seg i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Kundane er godt nøgde med selskapet og renovasjonsordninga, dersom ein samanliknar talet på klager sett opp mot talet på kundar. Selskapet har ingen pågåande forsknings- eller utviklingsaktivitetar.

Økonomi

I 2014 hadde SIM ei inntekt på 81 millionar kroner. Driftsresultatet til selskapet var på minus 15,3 millionar kroner. Salet av dotterselskapa gav ein gevinst på 49,7 milllionar kroner, slik at resultatet til selskapet er eit overskot på 36,7 millionar kroner. Gevinsten frå salet av dotterselskapa vert sett av i eit miljøfond, i tråd med vedtak i representantskapet.

SIM har ansvar for å avslutta deponiet på ein tilfredsstillande måte, og for å driva det forsvarleg i minst 30 år etter avslutting. Selskapet skal årleg vurdera kva som er nødvendige avsetjingar for å dekke framtidige kostnader, i rekneskapen for 2014 er det sett av 16,1 millionar kroner ekstra, slik at det totalt er sett av 66 millionar kroner i rekneskapen.

Selskapet hadde eit overskot på kommunalt avfall på 0,4 millionar kroner, som vart tilført renovasjonsfondet, Dette er ved slutten av året 11,2 millionar kroner. Slamtømeaktivitetane hadde eit overskot på 0,78 millionar kroner. Overskotet vert tilført slamfondet som ved årsskiftet var på pluss 2,3 millionar kroner. Fonda skal byggjast ned dei næraste åra. Ved berekning av sjølvkost (etterkalkyle) legg selskapet til grunn lova, selskapsavtalen og rettleiaren for berekning av sjølvkost. Selskapet belastar ikkje gebyra kalkulatoriske renter.

Styret meiner SIM er godt budd på framtidige miljøkrav, då eigenkapitalen i selskapet er god. Årsrekneskapen og konsernrekneskapen gir eit rett bilete av SIM og konsernet sine eigneluter og gjeld, finansiell stilling og resultat. Føresetnadene for framleis drift er til stades, og styret stadfestar desse.

Finansiell risiko

SIM sin strategi er å investera med låg til moderat risiko. Overskotslikviditeten er plassert i bank, styret meiner plasseringa inneber låg risiko for selskapet.

Arbeidsmiljø og personale

Ved utgangen av 2014 var det 18,5 årsverk i SIM. Fem av dei tilsette var kvinner. Sjukefråværet var på 6,6 %. Det vart ikkje registrert yrkesskadar eller yrkessjukdom som førte til fråvær, og styra er ikkje kjent med at noko av fråværet skuldast arbeidstilhøve.

Selskapet har som mål at det skal vera likestilling mellom menn og kvinner på arbeidsplassen. Renovasjonsbransjen har tradisjonelt vore mannsdominert. I eit forsøk på å motverka dette oppmodar selskapet kvinner om å søkja ved utlysing av nye stillingar.

Bygningar, anlegg og uteområde som selskapet eig er forsøkt utforma i tråd med krava om universell utforming i plan- og bygningslova. Selskapet sin nettstad og informasjonsblad er forsøkt utforma med tanke på blinde og svaksynte lesarar. Selskapet arbeider i personalsamanheng aktivt for å motverka diskriminering, særhandsaming, trakassering og forskjellshandsaming i strid med lov om likestelling mellom kjønna.

Ytre miljø

Sigevatnet for Svartasmoget avfallsdeponi hadde i 2014 lik surhetsgrad som dei siste tre åra. Dette viser at nedbrytingsprosessane i avfallet går føre seg slik dei skal, og at metall framleis vert bunde opp i massane.

Den nedadgåande trenden for nitrogennivået i sigevatnet dei siste åra held fram i 2014, der det gjennomsnittlege nivået for nitrogen i 2014 var det lågaste dei siste fire årene.

Sigevatnet hadde i 2014 eit jern-nivå som var på linje med tidlegare år. Metallnivået i sigevatnet har variert ein god del igjennom dei siste fire åra, men generelt er jernnivået moderat i sigevatnet frå Svartasmoget. Tungmetallnivået er generelt lågt for dei fleste metall. Tungmetall vil generelt vise seg i låge konsentrasjoner i sigevatn fra kommunale deponi sidan dei fleste slike metall lett blir bundne i avfallsmassane i form av tungt løselige sulfid. Som tidligere år vart det påvist eit svært lågt nivå, eller ikkje kadmium og kvikksølv.

Konsern

Dotterselskapa i SIM-konsernet vart selde i september 2014. SIM Næring AS og SIM Tankrenovasjon AS. SIM Næring AS var 100 % eigd av SIM og hadde transport og drift av avfallsordningar for næringslivet som hovudaktivitet. SIM Tankrenovasjon AS var 100 % eigd av SIM Næring AS og tilbydde suge- og spyletenester, røyrinspeksjon, røyrfornying, slamtømming og innsamling av farleg avfall.

Framtida

SIM vil leggja til rette for auke sortering også i framtida. Ein er budd på auke i besøkstalet på miljøsentralane og er godt i gong med bygging av ny miljøsentral på Bømlo. Selskapet skal byggja reinseanlegg i Svartasmoget og ein skal starte planlegging av garderobar og mogeleg administrasjonsbygg på Heiane.

Styret kjenner seg trygg på at SIM også i framtida kan gje kundane ei god og kostnadseffektiv renovasjonsordning.

Fitjar, 13. mars 2015.

Styremedlem Elisabeth Sandven

Elisabeth Sandven

Styremedlem

Styremedlem Jorun Skåden

Jorun Skåden

Styremedlem

Styremedlem Jostein Grov

Jostein Grov

Styremedlem

Nestleiar Rune Sandvik

Rune Sandvik

Nestleiar

Leiar Reidunn Aasheim

Reidunn Aasheim

Leiar

Styremedlem Hein Schaug

Hein Schaug

Styremedlem

Styremedlem Edvard Stangeland

Edvard Stangeland

Styremedlem

Dagleg leiar Terje Gilje

Terje Gilje

Dagleg leiar

Ditt avfall

Avfallsmengder

Mengda av innsamla hushaldsavfall på renovasjonsrutene hadde ein liten auke frå 2013 til 2014, medan mengda innsamla hytteavfall var nokonlunde den same. Innsamla næringsavfall på renovasjonsrutene hadde ein nedgong i 2014. Medan besøka på miljøsentralane auka kraftig i fjoråret.

Samanlikna med talet på kundar vart det i 2014 registrert svært få klager.

45 753 tonn

Totale avfallsmengder i 2014.

Samla avfallsmengder som SIM tek hand om

  • Hushaldsavfall til attvinning
  • Hushaldsavfall til deponi
  • Næringsavfall til deponi
  • Næringsavfall til attvinning
  • Slam

Til saman 45 753 tonn

Hushaldsavfall

Hentefraksjonane (rest, bio og papir) hadde ein liten auke på 1 % frå 2013 til 2014. Totalt hadde innsamla mengder av hushaldsavfall, både henteordning og bringeordning, ein liten nedgong.

Kvar innbyggjar leverte 415 kg avfall i 2014. Totalt tok SIM hand om 24 948 tonn frå hushaldningane. Størstedelen av desse var utsorterte mengder som kunne gå til attvinning.

Mengder hushaldsavfall

  • Mengder i tonn

Samla mengde hushaldsavfall i tonn

Avfall henta heime hos folk (medrekna hytteavfall)

  • Restavfall
  • Bio
  • Papir

Til saman: 14 623 tonn

Attvinning (Hushald)

Mengda innsamla hushaldsavfall i SIM-kommunane auka med 1 % frå 2013 til 2014. Innsamla mengder i 2014 var 15 128 tonn. Totalt mottok SIM 24 948 tonn hushaldsavfall frå innbyggjarane i Sunnhordland. 98 % av det som vart samla inn vart sendt til attvinning. Attvinningsprosenten har auka mykje sidan 2003, det året SIM starta med å senda avfall til attvinning. Det året var attvinningsprosenten på 48 %.

 

98 %

 

Hushaldsavfall til attvinning

  • Avfallsbrensel
  • Våtorganisk
  • Heimekompostering
  • Papir
  • Glas
  • Stål
  • EE-avfall
  • Hageavfall
  • Gips
  • Trevirke
  • Plast

Totalt 25 057 tonn

Hytterenovasjon

Det vert stadig bygd nye hytter i SIM-kommunane, og ordninga for hytterenovasjon er under kontinuerleg utvikling. Nye konteinarstader kjem til og kapasiteten på eksisterande lokalitetar vert auka. I hyttekommunane var det i 2014 tøming to gonger per. veke i heile juli og halve august, mot normalt éin gong i veka i sommarhalvåret

Deponi

2014 vart det levert 8 075 tonn avfall til deponiet i Svartasmoget, ein reduksjon på 29,8 % frå året før. Årsaka til nedgongen er ein i 2013 tok i mot større mengder frå næringslivet. Den som leverer avfall til deponi skal kontrollera og gå god for at avfallet kan leverast til deponiet, SIM kontrollerer avfallet visuelt før og etter lossing, og sjekkar kvart 100. lass nøgnare. Ved behov vert det teke prøvar av avfallet.

Mengder til deponi

  • Mengder i tusen

Mengder levert til deponi

Slamtømming

I 2014 var det tøming av slamavskiljarar for heilårsbustader i Austevoll og både heilårsbustader og fritidshus i Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes. SIM har tilbod om tøming av minireinseanlegg og tette tankar som ikkje har nok med ordinær tøming. Selskapet nyttar eit system for sanntidskommunikasjon mellom kontoret i Svartasmoget og slambilane. Totalt vart det tømd 6 037 tankar.

To transportørar

To firma hentar inn avfall for SIM. Renovasjon Øst AS hentar bos i Austevoll, Kvinnherad og Tysnes, medan SIM Næring AS/Ragn- Sells AS hentar i Bømlo, Fitjar, Stord og Sveio.

Prøveprosjekt på tekstil og emballasjeplast

SIM starta i mars 2014 og hente plastemballasje og tekstilar frå hushald i Fitjar. Målet med prosjektet var å finna ut om ei slik ordning kan innførast i alle SIM- kommunane. Ein ynskte å teste løysingar, kostnadar og korleis dei ulike avfallsfraksjonane påverkar kvarandre. Emballasjeplast og tekstilar vert henta saman med papiret. I tillegg tok ein vekk 2- tals ordninga, ordninga der abonnentane kan få henta restavfallet annakvar veke mot ekstra betaling.

Erfaringar viser at ein i løpet av 12 mnd har fått inn 11 tonn tekstilar, om lag 3,6 kg per innbyggjar, og ein har fått inn 9,5 tonn plastemballasje, om lag 3 kg per innbyggjar.

Vårt samfunn

 

 

 

 

 

Eit reinare Sunnhordland

SIM er oppteken av at Sunnhordlandsnaturen er rein og frisk. Selskapet har difor alltid hatt fokus på å støtta tiltak som engasjerer og motiverer innbyggjarane til å rydda avfall der ein ikkje klårt kan peika på kven som har ansvar. Ryddedugnadane er veldig populære og mange innbyggjarar tek oppmodinga om å engasjera seg for ein reinare og ryddigare heimkommune.

Rydd Sunnhordland

53 lokale velforeiningar og lag søkte om grøne sekker for å rydda i 2014. Rydd Sunnhordland er ein ryddedugnad der vellag, burettslag og andre kan søkja om å få rydda nærområdet sitt. Ein kan melda seg på ryddeaksjonen heile året. Avfallet som vert samla inn må fraktast til ein av SIM sine miljøsentralar. Der kan det leverast kostnadsfritt.

Rydd ei strand

SIM ynskjer å få i gong rydding av strender som ingen offentlege instansar har ryddeansvar for. SIM støtta i 2014 17 slike søknadar, som resulterte i rydding i fleire store strandområder i Sunnhordland.

Meld frå om forureining

SIM sitt bidrag i denne aksjonen er ikkje å rydde opp, men å hjelpe grunneigar, kommunen eller den som har forsøpla, til å finne løysingar slik at det vert rydda opp. Ei målsetjing er å få ut informasjon om kven som har ansvar for å rydda opp i forureining. Sidan oppstart har SIM vore bidratt til opprydding i 200 saker.

Informasjon

SIM sitt informasjonsarbeid har to hovudfokus. Det eine er å informera innbyggjarane om ordningane, tenestene, løysingar og miljørett avfallshandtering. Det andre er å motivera og vera pådrivar for å skapa rette haldningar knytt til miljøarbeid og berekraftig utvikling.

SIM-nytt, sentralbord, tømmekalenderen, SIM APP, SIM sine nettsider og pressemeldingar var dei viktigaste informasjonskanalane for SIM i 2014.

Skuleprosjektet

I 2014 var bortimot 800 skuleelevar og lærarar hjå SIM for å læra om kjeldesortering, attvinning og berekraftig utvikling. SIM betalar reisa for skuleklassane.

Andre tilskotsordningar

10 søknader om tilskot til kjøp av tøybleier vart godkjende. Det vart gjeve tilskot til loppemarknadar og gjenbruksbutikkar.

Miljøsentralar

Kundar i 2014

I 2014 var det 59 030 vitjingar ved dei sju miljøsentralane i 2014. Kundane leverte 9 820 tonn avfall på miljøsentralane. Alt i alt kom 39 % av hushaldsavfallet inn via miljøsentralane. Privatkundar som leverer avfall til miljøsentralen betalar om lag ein fjerdepart av det det kostar å driva tilbodet, næringsdrivande skal betala fulle kostnader.

59030

Kundar i 2014

Vitjingar i 2014

SIM sine miljøsentralar hadde ein auke i kundetalet på 16 %. Mengda avfall levert til miljøsentralen nokonlunde den same som i 2013.

SIM har miljøsentral i alle eigarkommunane (7 stk). Ved SIM sine miljøsentralar kan innbyggjarane levera avfall dei ikkje har plass til, eller ikkje har lov til å kasta i behaldarane ein har fått utdelt av SIM. Innbyggjarane betalar om lag ein fjerdedel av kostnaden. Resten vert dekka gjennom renovasjonsgebyret. Næringslivet kan også nytta seg av miljøsentralen, men dei betalar faktiske kostnadar etter vekt/volum.

16 %

fleire vitjingar i 2014.

Kundar SIM sine miljøsentralar

  • Kundevitjingar ved miljøsentralar

Kundar ved SIM sine miljøsentralar i 2014 var 59 030 personar

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar

  • Mengder levert til miljøsentralar
  • Totale mengder hushaldsavfall

Mengder levert til SIM sine miljøsentralar i 2014 var 11 521 tonn

Kompostanlegg

Komposteringsanlegget tok imot 3 359 tonn våtorganisk avfall frå SIM-kommunane og 3 282 tonn frå næringskundar. I tillegg tok ein i mot 3 870 tonn slam. Komposten som blir produsert i Svartasmoget kan kjøpast ved alle SIM sine miljøsentralar og er eit populært jordforbetringsprodukt. Prisen i 2014 var kr 300 per tonn og salet gav ei inntekt på kr. 787 000 eks. mva.







Mengder til kompostering

  • Mengder til kompostering

10 511 tonn i 2014

Selde mengder kompost

  • Selde mengder kompost

2 623 tonn i 2014

Attvinning

Avfallpyramiden

Afallspyramiden

Avfall vert attvunne på tre måtar: Ombruk, materialattvinning og energiutnytting. Avfallshierarkiet viser kva som gjev best effekt med tanke på miljøet.

Ombruk

Me kallar det ombruk når folk tek i bruk gjenstandar andre har kvitta seg med. Døme er syklar, møblar, sportsutstyr, kvite- og brunevarer og klede.

Materialattvinning

Når avfall vert brukt som råstoff i nye produkt, vert det kalla materialattvinning. Døme er papir (de-ink) som blir til nytt papir til bruk i aviser/magasin.

Energiutnytting

Når avfall vert brukt som energikjelde, kallar ein det energiutnytting. Døme er når restavfall vert brent og nytta til oppvarming. I 2014 vart 98 % av hushaldsavfallet som SIM mottok frå medlemskommunane attvunne. I tillegg kom avfall som vart samla inn gjennom dei landsomfattande returordningane. SIM har ikkje tilgjengeleg statistikk for desse ordningane, som m.a. femner om pant på boksar og flasker, bilar og EE-avfall som blir levert direkte til forhandlar av slike produkt.

Heimekompostering

12 prosent av abonnentane komposterer bioavfallet sitt heime, om lag som i 2014. Totalt er det 2 987 registrerte bingar. I tillegg kjem 457 kundar som deler binge med andre. Abonnentar som komposterer heime, slepp å betala for biodunk og bioposar, dei produserer sitt eige jordforbetringsmiddel, og dei treng ikkje reingjera og setja ut biodunken. Om kvar innbyggjar produserer 90 kilo bioavfall i året, vart det i 2014 heimekompostert 775 tonn avfall.

Renovasjonsgebyr

Renovasjonsgebyret som kundane betalar er ein kombinasjon av dunkgebyr (ca. 70 %) og abonnementsgebyr (ca. 30 %). Abonnementsgebyret ut frå SIM er likt. Likevel betalar kundane ulikt for renovasjonstenestene. Årsaka til dette er at kommunane legg på gebyret for å dekka sine utgifter med renovasjonsordninga. Påslaget varierer frå kommune til kommune. Også for hyttekundar er renovasjonsgebyret i utgangspunktet likt. Årsaka til at betalingssatsane likevel varierer, er den same som over. Alt i alt er det SIM, og ikkje kommunane, som tek den økonomiske risikoen med endringar i avfallsmengda.

Kommunalt abonnementsgebyr for hus i 2014

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt abonnementsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement i 2014

  • Gjennomsnittleg renovasjonsabonnement

Tall i kr inkludert meirverdiavgift - Innkludert kunden sitt val av dunkløysning

Renovasjonsgebyr fritidsbustad i 2014

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Slamtømmegebyr for heilårshus i 2014

  • Gebyr til SIM
  • Kommunal eigenkostnad
  • Totalt renovasjonsgebyr

Tall i kr inkludert meirverdiavgift

Dette går gebyret til

  • Innsamling
  • Eigenkostnad
  • Miljøsentralar
  • Sluttbehandling brensel
  • Eigenkostnad kommunar
  • Meirverdiavgift

Rekna ut frå eit snittgebyr på 2 049 kroner i 2014

Etterkalkulasjon sjølvkostområder

Kommunane og sjølvkost

Avfallsgebyret skal fastsetjast slik at det svarar til dei totale kostnadane kommunen vert påført ved lovpålagt handsaming av hushaldsavfall. Det skal sikrast full kostnadsdekning. Kommunen skal ikkje ha forteneste på slik avfallshandtering, berre kostnader ved, og inntekter frå lovpålagt handtering av hushaldsavfallet skal inngå i berekning av avfallsgebyret.

For sjølvkostområda renovasjon og slamtøming utfører kommunane etterkalkyle, på lik linje med andre sjølvskostområde i kommunen. Kommunane har kostnadar med desse tenestene i tillegg til dei som SIM belastar sjølvkostområda.

På oppdrag frå kommunane Bømlo, Fitjar og Kvinnherad utarbeider SIM budsjett (forkalkyle) og revisorgodkjent rekneskap (etterkalkyle).

SIM og sjølvkost

Hovudaktivitetane til SIM er sjølvkostområda hushaldsrenovasjon og slamtøming av private slamtankar. Selskapet føl opp dei forskjellige kostnadsområda gjennom avdelingsrekneskap.

For 2014 viser rekneskapen slikt resultat: Hushald Slamtøming
Inntekter kr 51 039 258 kr 8 375 612
Kostnader kr 50 614 196 kr 7 598 135
Årsresultat kr 425 062 kr 777 477
Inngåande fond 01.01.2014 kr 11 040 467 kr 1 511 149
Totale bunde fond i SIM 31.12.2014 kr 11 741 544 kr 2 326 478

Bundne fond i SIM fordelt på abonnentane*

*(fordelt etter abonnentar per.kommune/hytteabonnentar er rekna som ½ abonnent)

Hushaldsrenovasjon og slamtømming

Hushaldsrenovasjon Slamtøming
% KR % KR
Austevoll 9,06 1 064 136 15,96 371 212
Bømlo 18,90 2 219 616 23,50 546 647
Fitjar 5,13 602 551 6,46 150 291
Kvinnherad 22,41 2 631 376 24,08 560 247
Stord 27,36 3 212 256 4,59 106 746
Sveio 10,44 1 225 356 14,08 327 554
Tysnes 6,70 786 253 11,34 263 780

SIM sin praksis for 2014

Styret meiner at ein føl rettleiaren for sjølvkost så langt det er mogeleg utan å bryta lover, forskrifter og selskapsavtalen, som er bindande for selskapet.

SIM sin selskapsavtale seier at selskapet ikkje skal ha erverv til føremål, og ikkje kan betala utbytte. Forureiningslova seier at «gebyret må ikkje overstige kommunens kostnader», og i selskapsavtalen står det «dei årlege utgiftene til selskapet skal dekkast av avgifter for dei ulike renovasjonstenestene».

Selskapet har ikkje belasta gebyra med kalkulatoriske renter på investeringar dekka av selskapet sin opptente eigenkapital, av di selskapet sin opptente eigenkapital ikkje gjev kommunen rentekostnader eller tapte renteinntekter. Ut frå dette meiner styret at ein ikkje kan belasta gebyra rentekostnader ein ikkje har.

Ny forskrift krev ikkje at ein belastar gebyra kalkulatoriske renter. Representantskapet ynskjer ikkje endring i måten selskapet fører sjølvskostrekneskapen på så lenge forskrifta ikkje krev det.

Melding frå revisor

Fråsegn om årsrekneskapen

Vi har revidert årsrekneskapen for Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS som inneheld selskapsrekneskap, som syner eit overskot på kr 36 655 222 , og konsernrekneskap , som syner eit overskot på kr 34 887 746 . Selskapsrekneskapen og konsernrekneskapen er samansett av balanse per 31 . desember 2014 , resultatrekneskap og kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per denne datoen, pliktige budsjettopplysningar og ei skildring av vesentlege rekneskapsprinsipp som er nytta og andre noteopplysningar.

Styret og dagleg leiars ansvar for årsrekneskapen

Styret og dagleg leiar er ansvarleg for å utarbeida årsrekneskapen og for at den gir eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskapslovas reglar og god rekneskapsskikk i Noreg, tilleggsreglar i lov om interkommunale selskap, forskrift om årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding for interkommunale selskap, og for slik intern kontroll som styret og dagleg leiar finn nødvendig for å gjera det mogleg a utarbeida ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, korkje som følgje av misleg framferd eller feil.

Revisors oppgåver og plikter

Oppgåva vår er, på grunnlag av revisjonen vår, å gi uttrykk for ei meining om denne årsrekneskapen. Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med lov, forskrift og god revisjonsskikk i Noreg, medrekna International Standards on Auditing. Revisjonsstandardane krev at vi etterlever etiske krav og planlegg og gjennomfører revisjonen for å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon.

Ein revisjon inneber utføring av handlingar for å innhente revisjonsbevis for beløpa og opplysningane i årsrekneskapen. Dei valde handlingane avheng av revisors skjønn, mellom anna vurderinga av risikoane for at årsrekneskapen inneheld vesentleg feilinformasjon, anten det skuldast misleg framferd eller feil. Ved ei slik risikovurdering tar revisor omsyn til den interne kontrollen som er relevant for si utarbeiding av ein årsrekneskap som gir eit rettvisande bilete. Føremålet er å utforme revisjonshandlingar som er formålstenlege etter tilhøva, men ikkje å gi uttrykk for ei meining om effektiviteten av sin interne kontroll. Ein revisjon omfattar også ei vurdering av om dei rekneskapsprinsippa som er nytta, er formålstenlege, og om rekneskapsestimata som er utarbeidde av leiinga, er rimelege, samt ei vurdering av den samla presentasjonen av årsrekneskapen. Vi meiner at innhenta revisjonsbevis er tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.

Konklusjon

Etter vår meining er årsrekneskapen avgjeven i samsvar med lov og forskriftar og gir eit rettvisande bilete av den finansielle stillinga til konsernet Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS per 31. desember 2014 og av resultata for og kontantstraumar for rekneskapsåret som blei avslutta per denne datoen i samsvar med rekneskapslov as reglar og god rekneskapsskikk i Noreg.

Uttale om andre tilhøve

Konklusjon om årsmeldinga

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er skildra ovanfor, meinar vi at opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen og føresetnaden om at drifta skal halda fram er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrifter.

Konklusjon om registrering og dokumentasjon

Basert på revisjonen vår av årsrekneskapen slik den er skildra ovanfor, meinar vi at opplysningane i årsmeldinga om årsrekneskapen og føresetnaden om at drifta skal halda fram er konsistente med årsrekneskapen og er i samsvar med lov og forskrifter.

Stord, 13. mars 2015

RSM Hasner Kjelstrup & Wiggen AS

Ragnar Pettersen

Statsautorisert revisor

Revisor melding i pdf format