Vrakpant på fritidsbåtar

Før levering av båten er det viktig at du sjekkar fylgjande: 

SIM tek i mot fritidsbåtar opp til og med 15 fot ved alle miljøsentralane. 

Båtar mellom 16 – 49 fot kan leverast på ved vår omlastehall på Heiane, Stord. Før levering av båtar til omlastehallen ein ta kontakt med SIM (53 45 78 50). Private kan levere kostnadsfritt, næring må betale for levering. 

Ta med skjema- ta kontakt med SIM

Dersom private må leige transport er det viktig å ta kontakt med SIM på førehand. Transportør må i tillegg ta med seg ferdig utfyllt skjema for refusjon-søknaden.

Skjema for søknad om vrakpant skal fylgje med transportør ved levering for å få levert kostnadsfritt.

Båteigarar som leverer fritidsbåt til SIM kan søkje refusjon på 1000 kroner hjå Miljødirektoratet. Dersom ein ynskjer å søkje refusjon lyt ein fylle ut Miljødirektoratet sitt skjema som stadfestar at båten er levert til godkjent mottak. Dette skjemaet vert signert ved levering.

Skjemaet kan lastast ned på miljodirektoratet.no.
Søknaden må sendast før 1.desember det året båten vart levert inn.

FØR levering av båten skal den vera miljøsansert, ekstrakostnadar kan tilkomme dersom den ikkje er det. 

Sjekkliste båtar

Lenke til søknad om refusjon finn du her

2. oktober, 2017 Publisert av Janne Hillersøy