Rydd ei strand

SIM ynskjer å setja fokus på marin forsøpling, som har utvikla seg til eit stort samfunnsproblem. Ein veit at størstedelen av avfallet som hamnar i sjøen er plastavfall. Plasten vert der til små partiklar som igjen hamnar i kretsløpet til dyr, fiskar, fuglar og folk. For at våre strender ikkje skal bli ein del av dette kretsløpet, ynskjer SIM å leggje tilrette for at innbyggjarane kan vera med og ta eit felles ansvar for kysten vår. Ein kan vera med på dette ved å rydda ei strand, for deretter å få hjelp av SIM til å bli kvitt avfallet.

Me gjer merksame på at det berre er offentlege tilgjengelege områder og som ingen andre har ansvar for (t.d private, friluftsråd, kommunen e.l.), som kan ryddast. SIM ynskjer at ein prioriterar rydding av plast, not og tauverk som er til fare for menneske, fuglar og dyr. Om ein finn reint trevirke eller greiner kan ein vurdera å samla dette på land i kratt eller skog, slik at det ikkje driv på sjøen att. Alternativt kan ein søkja brannvesenet om å få laga bål av reint trevirke i strandkanten.

Alle som ynskjer å rydda må melde seg på via vårt «ryddeskjema». Dei som ryddar får levera avfallet kostnadsfritt til ein av våre miljøsentralar.

STRANDRYDDESTØTTE

Det er òg mogeleg å søkje om støtte til ryddinga.

Krav til den som søkjer strandryddestøtte:

  • Støtta vert gitt til foreningar og lag som ryddar strandsona i ein av SIM-kommunane.
  • Midlane vert delt ut fortløpande og varer til «potten» er tom.
  • Det er satt av 300 000.- til formålet og støtta er 100.- pr. full sekk med strandryddeavfall levert ein av våre miljøsentralar.
  • Påmeldte foreningar/lag har 3 månader frå godkjent ryddedag til ferdig rydding og innsendt dokumentasjon for og få utbetaling.
  • SIM har satt ei maksgrense på 15 000.- pr. lag. Forsinka eller manglande dokumentasjon gjev ingen støtte.
  • Laget/foreininga må ta bilete av rydding før rydding og etter rydding.
  • Laget/foreininga lyt sjølv forsikre seg om at antal sekker/kg innlevert vert registrert ved levering på miljøsentralen.
  • Det er laget/foreininga sitt ansvar å sende inn rett dokumentasjon innan fristen. SIM har ikkje kapasitet til å etterlyse manglande dokumentasjon.