Skuleprosjekt

SIM sitt skuleprosjekt

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk (SIM) inviterer kvart skuleår elevar på fjerdetrinnet til SIM, slik at dei får sjå korleis avfallshandteringa skjer i vårt distrikt. 

Om tilbodet

Tilbodet består i gratis tur/retur for heile klassen og omvising på miljøsentral, omlastehall,
komposteringsanlegg og avfallsplass. Skulebesøka er avgrensa til ein periode om våren og ein periode om hausten. Av praktiske årsaker kan me ikkje ta imot meir enn 30 elevar samstundes.

Før besøket

Elevane må førebu seg i emnet avfallshandtering før turen til SIM. Til dette er det laga eitundervisningsopplegg som kan tingast gratis på www.loop.no. Opplegget består i eit arbeidshefte for elevane, ei lærarrettleiing og ein nettstad.

I arbeidsheftet kan elevane lesa om avfallshandtering og løysa oppgåver. På nettstaden finn ein informasjon om kjeldesortering og ulike avfallsfraksjonar.

Medan klassen er hjå SIM

Elevane får informasjon om kjeldesortering i SIM- området, ei omvising i omlastehallen, der alt boset vert sortert og lasta for vidare transport. Dei får sjå miljøsentralen, der folk leverar og sorterar farleg avfall, grovavfall o.a.Vidare får dei sjå kompostanlegget, der matavfallet vert omgjort til kompostjord.

Andre vilkår

  • Dei som melder seg først, får velja dag først
  • SIM dekkjer transportkostnaden frå skulen til SIM og attende.
    Klassar som ynskjer å leggja inn andre aktivitetar på turen,
    må dekkja meirkostnadene med dette sjølve.
  • Skulen må sjølv tinga transport og syta for at rekninga vert sendt til SIM i ettertid.
  • Elevane skal ha førebudd seg grundig før dei kjem til SIM,
    og vera budd på tankegangen om kjeldesortering, resirkulering og farleg avfall.
  • Elevane må ta med mat og drikke sjølv, som til ein vanleg skuledag.
  • Elevane må kle seg godt. Ekskursjonen føregår utandørs,
    sjølv på soldagar kan det vera kaldt og surt på avfallsplassen.