Rydd ei strand

Rydd ei strand

SIM ynskjer å setja fokus på marin forsøpling, som har utvikla seg til eit stort samfunnsproblem. Frå å vera eit visuelt problem er forsøpling av kyst og hav eit problem som no trugar både fuglar, dyr og mennesker. Ein veit at størstedelen av avfallet som hamnar i sjøen er plastavfall. Plasten vert der til små partiklar som igjen hamnar i kretsløpet til dyr, fiskar, fuglar og folk. For at våre strender og ikkje skal bli ein del av dette kretsløpet, ynskjer SIM å leggje tilrette for at innbyggjarane kan vera med og ta eit felles ansvar for kysten vår. Ein kan vera med på dette ved å rydda ei strand, for deretter å få hjelp av SIM til å bli kvitt avfallet.

Me gjer merksame på at det berre er offentlege tilgjengelege områder og som ingen andre har ansvar for (t.d private, friluftsråd, kommunen e.l.), som kan ryddast. SIM ynskjer at ein prioriterar rydding av plast, not og tauverk som er til fare for menneske, fuglar og dyr. Om ein finn reint trevirke eller greiner kan ein vurdera å samla dette på land i kratt eller skog, slik at det ikkje driv på sjøen att. Alternativt kan ein søkja brannvesenet om å få laga bål av reint trevirke i strandkanten.