Godt brukande

GODT BRUKANDE – BOS FOR DEG, SKATT FOR MEG

Fått noko du ikkje har bruk for? Eller trong for å rydda plass på loft og i kjellar? Det som ikkje er brukande for deg, kan vera ein skatt for andre. Dei fleste av oss har noko me meiner er for godt til og kasta, noko som rett og slett er «godt brukande», men som berre står og tek opp plass. Ved Kvinnherad Miljøsentral og Heiane miljøsentral har SIM ei ordning som sparar både miljøet og lommeboka. «Godt brukande» er eit tilbod der du kan setje inn gjenstandar du meiner andre kan ha nytte av. Samstundes som «Godt brukande er eit tilbod til dei som ikkje ynskjer å kasta, er det også eit tilbod til dei som ikkje  ynskjer å kjøpa.

 

Gjenstandar du meiner er for gode til å kastast, kan setjast inn på Godt brukande.

Då kan dei komma andre til nytte.

Merk fylgjande:

  • Den som set inn gjenstandar på Godt brukande må betala for det på same måte som om han kastar gjenstanden i ein konteinar for gjenvinning. Godt brukande er ikkje ein «gratis» måte å kvitta seg med avfall på.
  • Det er gratis å ta med seg gjenstandar frå Godt brukande.
  • Ver kritisk til kva du set inn på Godt brukande. Ville du sjølv ha brukt ein tilsvarande gjenstand?
  • Skadde gjenstandar skal IKKJE inn på Godt Brukande.
  • Det er du som avgjer: Kastar du gjenstanden i ein konteinar, kan ingen andre flytta den inn på Godt brukande.
  • Alle som tek med seg gjenstandar frå Godt brukande gjer det på eigen risiko og utan garanti. SIM oppmodar folk om å vera spesielt på vakt med elektriske produkt.
  • Det er berre gjenstandar i Godt brukande du kan ta med deg frå SIM!