Søk støtte til tøybleier hjå SIM!

 

toybleier

Som eit tiltak for å redusera avfallsmengda, støttar SIM foreldre som vel å kjøpa tøybleier til borna, sine i staden for papirbleier. Tilskotet er kr 1000,- per barn.

Eit gjennomsnittleg bleiebarn brukar 6.000 bleier i løpet av perioden. Til ein kostnad på ca 4.500 til 13.000 kroner, alt etter kva type bleier ein brukar, kvar ein handlar og kvar i landet ein bur.

Gjennomsnittleg brukar kvart barn 8.000 kroner på bleier. Eingongsbleier genererer ca 60.000 tonn avfall kvart år. Dette er avfall som ikkje kan gjenvinnast. Det kan ta opp til 500 år før ei eingongsbleie er brutt ned. Før me kan betale ut tilskot, må me ha kvitteringa som viser at du har kjøpt tøybleier. Kvitteringa kan du senda på epost til sim@sim.as, eller i posten. Vidare må me ha namnet ditt, adressa og bankkontonummeret som pengane skal overførast til. Det er råd å søkja tilskot for fleire born i same familie, men borna som det vert søkt for må framleis bruka bleier.
Tilskotsordninga gjeld berre for innbyggjarar i kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Søk her

eller last ned vårt søknadsskjema

Tilskot til tøybleier (pdf-fil)

6. mai, 2015 Publisert av Janne Hillersøy