Miljøsentralar

Ein miljøsentral er det same som ein gjenvinningsstasjon. SIM har miljøsentralar i alle sine eigarkommunar,Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Dei er plasserte på sentrale stader i kommunen. På miljøsentralen kan du levera avfall som du ikkje få plass til i bosdunken, eller som du ikkje har lov til å kasta der. Du må sjølv sortera avfallet ditt på miljøsentralen, men sentralen er organisert slik at sorteringa er enkel. Alt avfall som SIM får inn på miljøsentralane og som kan brukast om att, går til gjenvinning; anten som materialgjenvinning eller energigjenvinning.

DSC_0290