Komposteringsanlegget

Alt matavfall frå kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes vert køyrt til kompostanlegget i Svartasmoget. Der vert det blanda med strø og lagt i rankar som det vert blåst luft inn i. Bakteriar, sopp og andre ørsmå organismar byrjar då prosessen med å bryta ned organisk materiale til eit jordliknande produkt. Temperaturen kan koma opp i 60-70 grader. Etter om lag 16 veker i ranker vert komposten sikta, før han må liggja minimum seks månader til ettermodning.

DSC_0334
Kompostjord/plenblanding til sals

Til slutt har me fått mange tonn med jordforbetringsmiddel (mold) av ypparste kvalitet, og denne vert seld til abonnentane.