Deponi

Avfall som ikkje kan gå til gjenvinning hamnar på avfallsplassen i Svartasmoget. Etter deponiforbodet i 2010 er det mindre mengder som vert deponert enn før.

Det vert berre arbeidd med ein avgrensa del av deponiet (ei celle) om gongen. Storleiken på cellene skal minst mogeleg, og vera mest mogeleg tildekka. Dette vert gjort for å hindra flygeavfall, redusera luktulempene og betra utsjånaden på fyllinga.

Fordelane med å jobba med avgrensa celler som vert avslutta, er mange. Det reduserer faren for gasslekkasjar, brann, inntrenging av vatn og tilkomst for skadedyr. Cellene må ha noko storleik for at ein skal oppnå tilfredsstillande komprimering.

Gassanlegget

Gassanlegget i Svartasmoget er bygd opp av 18 brønnar i deponiet og ein fakkel der gassen vert brent. Anlegget syg metangass ut av fyllinga og fører den til gasshuset for brenning. Dette vert gjort for å redusera den sterke drivhusgassen metan.

Sigevatnet

Sigevatn oppstår ved at nedbrytingsprosessar i avfallet frigjer ureina vatn frå avfallet. Under heile fyllinga er det eit nett av leidningar som samlar opp sigevatnet og fører det til ein fangdam. Fangdammen tettar fysisk mot fjellet og hindrar lekkasje av sigevatn til bekker og myrområde utanfor deponiområdet. Frå fangdammen vert sigevatnet ført ut på 70 m djupn i Stokksundet.

Prøver av sigevatnet vert tekne fire gonger i året for å bli analyserte ved eit akkreditert laboratorium. Vassdrag og grunnvatn vert og kontrollert fleire gonger kvart år.

Stokksundet er resipienten til sigevatnet frå fyllplassen, og kvart fjerde år blir det gjort ei miljøgransking her.