SIM sine anlegg

SIM sine anlegg femner om omlastehall, deponi, komposteringsanlegg,miljøsentralar, returpunkt og administrasjonsbygg. Hovudanlegget ligg i Svartasmoget i Fitjar kommune. Der er det deponi, komposteringsanlegg, miljøsentral, administrasjonsbygg og lager. I 2011 vart det teke i bruk ny omlastehall på Stord, Heiane Vest. Omlastehallen, deponiet og komposteringsanlegget er felles for alle kommunane som eig i selskapet. SIM har miljøsentralar i alle eigarkommunane, Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. SIM har omlag 70 returpunkt for glas- og metallemballasje, plassert på sentrale stader i dei sju medlemskommunane.