Andre eigarinteresser

Rekom AS (www.rekom.no)

Rekom AS er eit aksjeselskap som er eigd av 58 kommunar og interkommunale renovasjonsselskap. Desse selskapa har ansvar for hushaldsrenovasjonen til over halvparten av norske hushald. SIM eig 200 av 4 699 aksjar i Rekom, ein eigardel på 4,26 %.

Føremålet til selskapet er å hjelpa til med omsetning av avfallsfraksjonar som vert samla inn for attvinning, og å forhandla for å oppnå så gunstige vilkår som mogeleg for omsetning av avfallsfraksjonane.

Rekom AS starta opp verksemda si tidleg i 1998. Dei største fraksjonane selskapet omset er restavfall til energiutnytting, hushaldspapir og bølgjepapp til materialattvinning, samt trevirke.

SLab AS (www.slab.no)

SLab er eit laboratorium for akvakultur, vatn og mat og vart stifta januar 2004 (tidlegare laboratoriet til Næringsmiddeltilsynet). SIM eig 100 av i alt 1 345 aksjar, ein eigardel på 7,4 %.