Om oss

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) er eit avfalls- og attvinningsselskap.

 

Eigarkommunar
SIM er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar,
Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.

Ansvarsområde
Selskapet er ansvarleg for avfallshandsaminga i eigarkommunane,
og samlar inn alt hushaldsavfall og slam frå dei om lag
58 000 innbyggjarane og 15-20 000 hyttebrukarane i regionen.

Hovudmål for selskapet
Med basis i vedtektene og dei kommunale renovasjonsforskriftene
arbeider SIM for å redusera den totale avfallsmengda, skapa ressursar
av det avfallet som oppstår i regionen, og ta forsvarleg hand om restavfallet.
Skipa i 1990
SIM vart skipa i 1990. «Fadrane» var Bømlo, Fitjar, Stord og Tysnes.
Føremålet var å organisera handsaminga av avfall i desse kommunane.
Frå og med 1993 kom også Austevoll, Kvinnherad og Sveio med i selskapet.

SIM sitt avfallsanlegg i Svartasmoget i Fitjar opna i 1993. I Svartasmoget
finn ein deponi for slutthandsaming av avfall, komposteringsanlegg,
miljøsentral (gjenvinningsstasjon) og administrasjonsbygg.
På Heiane i Stord kommune har selskapet omlastehall. SIM har sju miljøsentralar.

Sorterer i tre fraksjonar
Innbyggjarane i eigarkommunane har sidan 1998 sortert hushaldsavfall i tre dunkar:
Papir, bio og rest. Avfallet vert henta på avtalt stad der folk bur.

Bringeordningar
I tillegg har SIM fleire bringeordningar. Ei bringeordning inneber at innbyggjarane
må ta med seg avfallet sitt sjølv til eit returpunkt og sortera det for gjenvinning.

Miljøsentralen
Miljøsentralen (gjenvinningsstasjonen) er det viktigaste returpunktet.
SIM har sju miljøsentralar; ein i kvar av eigarkommunane.

På miljøsentralen kan folk levera farleg avfall, elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall),
trevirke, metall, plastemballasje, folieplast, hageavfall, glas, hermetikkboksar,
dekk, pcb-haldige vindauge, batteri, papir, bioavfall m.m.

Glas- og metallemballasje
I eigarkommunane finst det også ei rekkje returpunkt for glas- og metallemballasje.
Desse er plasserte på sentrale stader i kommunane.

Ta kontakt med oss for mer informasjon eller spørsmål du måtte ha.