Tømmekalender for 2017

Last ned tømmekalender for din kommune.

For å spara både miljøet og kostnadar vert ikkje tømmekalenderen for 2017 sendt ut til alle husstandar i år. SIM oppmodar dei som har høve til det å nytta våre digitale løysingar, som APP eller nettsider. Dei som likevel ynskjer det kan få papirutgåva.

Ved å kutta ut masseutsending av tømmekalenderen sparar me miljøet ved at me brukar og kastar mindre papir. Den digitale kvardagen gjer det mogeleg for oss å gjennomføra slike miljøsparande tiltak. SIM arbeidar målretta for at abonnentane skal få informasjon via nettsider, Facebook og andre digitale kanalar, og me veit at mange allereie brukar desse i fullt monn. Vår prisløna tømmekalender APP har om lag 17 000 nedlastingar, og tendensen er at fleire og fleire ynskjer tømmekalenderen i «lomma».

Papirkalenderen er ikkje «død»

Det vil likevel vera fullt mogeleg å få papirutgåva av tømmekalenderen for dei av våre abonnentar som ynskjer det.

Då har ein fleire alternativ:

  • Du kan printe ut ein versjon frå våre nettsider
  • Du kan hente tømmekalender ved ein av våre miljøsentralar
  • Du kan hente tømmekalender på rådhuset/kommunehuset
  • Du kan be SIM sende ein kalender til deg i posten.

Kontakt oss på tlf. 53 45 78 50 eller e-post: sim@sim.as

26. november, 2016 Publisert av Janne Hillersøy