Problem og løysingar

  1. Septiktanken er full
    Ta av loket og sjekk om det er mykje fast slam/masse på toppen.
  2. Røyra mellom huset og tanken er tette
    Dette kan løysast ved å spyla gjennom røyra. Svein Klungtveit AS tek også denne typen oppdrag. Dersom det ikkje er rett fall på røyra, eller dersom det ikkje er bend på innløpsrøyret som fører avfallet ned i tanken, kan utløpsrøyret gå tett. For dei som har infiltrasjonsgrøft, er det svært viktig at septiktanken blir tømt regelmessig. Dersom det går mykje partiklar ut av tanken, kan grøfta bli tetta igjen. Dette gjer at spillvatn frå septiktanken ikkje kjem ut. Dersom nivået i septiktanken står høgare enn utløpsrøyret, kan dette tyda på at utløpsrøyret er tett.
  3. Kloakklukt i huset
    Etterfyll vasslåsane i vaskar og slukar. Vasslåsane kan tørka ut pga. varmekablar eller lite bruk. Ved å fylla til dømes matolje i slukane, vil olja leggja seg som ei hinne over vatnet og forseinka fordampinga frå vasslåsen.
  4. Kloakklukt utomhus
    Kontrollér om det er montert lufting av kloakken i huset. Lufting av kloakk går normalt over taket. Ved spesielle vêrtilhøve kan lufting over tak føra til vond kloakklukt sjølv om luftinga fungerer. Dersom det er tilfelle, kan ein ta av røyret i luftehatten og montera ein spesialventil. Ein slik ventil tilfører nødvendig luft ved tapping og liknande og hindrar luktutslepp. Kontakt røyrleggjar for nærare informasjon.
  5. KAST IKKJE:
    våtserviettar, filler, bind, wc-blokker, olje eller feitt i toalettet. Slikt avfall løyser seg ikkje opp og kan føra til at røyra mellom hus og septiktank går tette.